Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorVinje, Hilde
dc.contributor.advisorFrøslie, Kathrine Frey
dc.contributor.authorAspheim, Janne Cathrin Hetle
dc.coverage.spatialNorway, Akershus, Åsen_US
dc.date.accessioned2020-12-10T12:33:14Z
dc.date.available2020-12-10T12:33:14Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2716937
dc.description.abstractI dette prosjektet har ein freista å avdekkje samanhengar mellom personlegdomstypar og opplevinga av to undervisningsfilmar om same tema, men med forskjelleg innhald og oppbygning. Alle deltakarane fekk sjå begge filmane i vilkårleggjort rekkefølgje. Talfesting av opplevinga vart utført ved spørjeundersøking før og etter kvar film, med kontinuerleg måling av galvanisk hudrespons, blikksporing og bruk av kjenslegjenkjenningsalgoritme samstundes som studentane såg begge filmane. Samanhengane mellom dei forskjellege responsane vart grundig undersøkt, det same vart parvise observasjonar innad i same type respons. Korkje statistiske testar eller visuell inspeksjon av spredningsdiagram kunne med sikkerheit fastslå samanhengar mellom personlegdomstypar og responsane som skilde seg frå tilfeldige kontrollvariablar. Samanhengar mellom responsar og innad i kvar einskild responstype var kun observert ved sporadiske tilhøve, som og kan skrive seg frå tilfeldige samantreff. Om det i røynda er svært stor variasjon mellom respondentane si oppleving av forskjellege undervisningsmetodar samstundes som personlegdomstype beskriv svært lite av variasjonen kan vere ei mogelegheit. Ei anna mogelegheit kan vere alle dei svakheitene ved forsøket som har blitt avdekt under arbeidet med prosjektet. I dette einskilde forsøket skulle alle svakheitene syne seg å vere forsøket si største styrke. Komande prosjekt kan trekkje stor lærdom frå dette forsøket, særskilt om korleis ein ikkje skal førebu forsøk når biometriske sensorar skal nyttast. Det vonast og at kvar svakheit avdekkja i dette forsøket kan, saman med implikasjonar for vidare arbeid, inspirere nye og betre forsøk for å belyse studentar sine opplevingar av forskjellege undervisningsmetodar. I mange høver er studentar si oppleving av forskjellege undervisningsmetodar vel så spanande som deira prestasjonar målt i poeng og karakterar. Den store variasjonen i respondentane sine opplevingar fordrar til variasjon i undersvisingsmetodane. Ikkje berre for den einskilde student si oppleving, men og for førebuing mot det komande arbeidslivet der ein med stort sannsyn må kunne forventast å tileigne seg kunnskap og ferdigheiter på fleire forskjellege måtar.en_US
dc.description.abstractThis project aimed at investigating associations between students’ personality characteristics and their experience when exposed to two educational films on the same statistical topic, but with different content and structure. All students watched both films in randomized order. The students’ experience was measured by a self-report questionnaire before and after each film, and by continuous measurement of galvanic skin response, eye-tracker and assessment of emotions, through an emotion recognition algorithm. The associations between the different types of responses were thoroughly investigated, along with pairwise observations within the same type of response. Neither statistical test nor visual inspection of color coded scatterplots revealed associations between the student’s personality characteristics and their responses, that exceeded those found with random control variables. The few statistically significant associations which were found, may be attributed to chance alone. One possible explanation of the lack of significant associations is that the variation in the students’ responses to the educational films is large, and that the amount of variation explained by the personality characteristics is small, in comparison. The many weaknesses of the study, that unfolded during the working process, represent another plausible explanation of the lack of positive findings. However, the weaknesses turned out to be the project’s biggest strength. Future projects can benefit a lot from this work, especially concerning how not to design educational experiments that rely on output from biometric sensors. Every flaw in the design and conduction of this study, and every consecutive dead end in potential analyses, which were detected and documented, should inspire new and better studies that aims to shed light on students’ experiences of different educational methods. Students’ responses to different educational methods are as interesting as their performance measured in points or grades. The large variation in experiences demonstrated in this study can encourage variation in educational methods: Both to enhance students’ experiences during their life at the university, but also as a preparation for future jobs where they can be expected to acquire knowledge and skills in several different ways.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectbiometriske sensoreren_US
dc.subjectutforskande satistikken_US
dc.subjectpersonlegdomstyparen_US
dc.subjectstatistikkundervisningen_US
dc.titleKva innsikt kan biometriske målingar gje om studentar si oppleving av statistikkundervisning?en_US
dc.title.alternativeCan biometric measurements give insight into students’ experience of statistics education?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Informasjons- og kommunikasjonsvitenskap: 420::Simulering, visualisering, signalbehandling, bildeanalyse: 429en_US
dc.description.localcodeM-BIASen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal