Oppfylling av nesten nullenergibyggkrav med fornybare teknologiar : studie av eitt kontorbygg
Abstract
Noreg har satt eit mål om å redusera klimagassutslepp med 30 prosent i forhold til 1990-
nivå innan 2020, og å bli karbonnøytrale innan 2050. IEA har foreslått fem områder som det bør fokuserast på for å redusera klimagassutsleppa, og energieffektivisering i bygg er eit av dei områda. På lang sikt er det å redusera energibruken truleg den mest økonomiske metoden å møta eit aukande energibehov på. Det er ein del statlige meldingar som dikterer at etter 2015 skal alle nye bygg vera klassifisert etter passivhus-nivå, og alle nye bygg etter 2020 må vera klassifisert etter eit «NnEB»-nivå. Det blir testa i oppgåva om det er mogleg å dekka energibehovet til eit passivhus med forskjellige fornybare teknologiar og dermed oppnå eit «NnEB»-nivå.
For å løysa oppgåva er det nytta to metodar. Det blir gjort simuleringar i SIMIEN for å
bestemme energibehovet for eit passivhus. Deretter blir det utført lønnsemdsanalysar i
EXCEL ved hjelp av LCOE- og noverdimetoden. Eit litteraturstudium blir utført for å finna
kostnadar og produksjonar av forskjellige teknologiar. Dei teknologiane som blir valt er
vindkraft, solcellesystem, solfangarar, og bergvarmepumpa og energibrønn.
Resultata viser at det er generelt ein relativt høg LCOE-verdi og negative netto noverdiar for løysingane som er valt i oppgåva, bortsett frå for bergvarmepumper og energibrønn. Dei har ein LCOE verdi på rundt 0,35 kr/kWh og ein netto noverdi på 55 000 kr. Det som skal til for å få ei betre lønnsemd for dei andre teknologiane er ein høgare straumpris og lågare investeringskostnad.
Konklusjonen er at det er mogleg, men ikkje på ein lønnsam måte, for eit passivhus å oppnå eit «NnEB»-nivå.