Kunnskap om klima eller handlingskompetanse for berekraftig utvikling? Ein case-studie av Mímisbrunnr Klimapark 2469 si formidling til elevar
Abstract
I ei verd med stadige utfordringar, særleg med omsyn til klima og miljø, treng vi engasjerte verdsborgarar som har dei reiskapane dei treng for å løyse utfordringane. Da kjem ein fort til spørsmål om kva desse reiskapane er – kva skal til for å fremja berekraftig utvikling?
Eg har i denne mastergradsoppgåva sett på korleis Mímisbrunnr Klimapark 2469 legg opp si undervisning, for å finne svar på problemstillinga mi: Kunnskap om klima eller handlingskompetanse for berekraftig utvikling – kva legg Mímisbrunnr Klimapark 2469 vekt på, og kva lærer elevane?
Teorien eg har brukt, er litterataur om utdanning for berekraftig utvikling (UBU), utvalde delar av planverket i norsk skule, teori om kompetansar- og kompetanseomgrepet, uteundervisning og undervisning på museum, samt teori om menneske i møte med klimabodskapen. UBU er eit omdiskutert fagområde, og utdrag av kritikken mot det er òg med i teorien.
For å finne svar på det eg lurte på har eg brukt fire ulike metodar: intervju med ein tilsett, observasjon av ei skuleklasse på vitjing, fokusgruppeintervju med elevar frå klassa eg observerte og undersøkingar av Klimaparken sine interne dokument. Analysen vart gjennomført ved bruk av ein analysemodell som viser i kor stor grad undervisningsopplegg fremjar berekraft.
Resultata viste at Klimaparken i dokumenta sine har intensjonar om eit undervisningsopplegg som fremjar berekraftig utvikling med kunnskap om, handlingar for, erfaringar i og erfaringar som berekraftig utvikling, utan at observasjonen tydeleg viser at elevane får utvikla si handlingskompetanse, eller andre kompetansar for UBU. Det som elevane derimot har etter undervisningsopplegget, er kunnskap. Dette er kunnskap som held eit høgt fagleg nivå om mange ulike tema, men elevane klarer ikkje tydeleg å sjå samanhengane mellom temaa. Eit undervisningsopplegg i UBU må leggje vekt på både undervisning for, i, om og som berekraftig utvikling. Undersøkingane viser at undervisningsopplegget og målet som Klimaparken har om å fremja berekraftig utvikling, har svakheiter. Med støtte i teori, har eg skissert korleis svakheitene kan reduserast for at opplegget i større grad kan fremja UBU. In a world full of challenges, especially in the natural environment, committed citizens
who possesses to take action and solve problems are desirable. This forms the basis of
the question that my thesis will attempt to answer: What are the tools needed for
achieving suitable development?
To find an answer to my thesis statement: knowledge of the climate or action
competence for sustainable development – What is the main focus of Mímisbrunnr
Klimapark 2469, and what do the students learn there? – I have researched how
Mímisbrunnr Climate Park 2469’s teaching is planned and carried out.
The theory used in this thesis is based on education for sustainable development (ESD),
chosen parts of the curriculum in Norwegian school, theory on competences and the
competence term, teaching outdoors and in museums, in addition to theory about
humans psychological reactions to the climate challenges. EDS is a debated term and
field and that is why the theory of this thesis also includes some of the critics to the field.
In order to answer my thesis statement I have used four different research methods:
interview, observation, focus group interview and research of documents at the Climate
Park. The analysis was done by using an analysis model to search for ESD in the teaching
plan.
The results show that the documents of the Climate Park had intentions for ESD by
focusing on knowledge about, actions for, practice in and experiences as sustainable
development. The observation shows few signs of focus on the students actions or their
action competence. In the interview the students are talking about knowledge that they
have acquired. They have acquired certain subjects, but there are signs that they are
missing out on the connections between the subjects. This might imply that the teaching
plan and the goals, which the Climate Park has in-place for ESD has some weaknesses. A
teaching plan should contain knowledge about, actions for, practice in and experiences
as sustainable development to be fully in line with ESD. The findings suggest that the
teaching plan can be adjusted to more successfully providing ESD. With support from
the theory presented I give a short example of how this can be done.