Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEikeland, Ingrid
dc.date.accessioned2011-10-07T10:28:27Z
dc.date.available2011-10-07T10:28:27Z
dc.date.copyright2011
dc.date.issued2011-10-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/188769
dc.description.abstractSkolecamp er eit leirskuleprosjekt mellom Den Norske Turistforening og Tekna - Teknisk-naturvitenskapelig forening. Her får elevane blant anna læra realfag ute. Skolecamp legg opp til utforskande arbeidsmåtar som hovudsakleg er tilpassa ungdomsskuleelevar. Denne oppgåva ser på det faglege læringsutbyttet elevane har hatt av å ha deltatt på dette opplegget. Korleis er læringsutbyttet til elevane, og kva faktorar påverkar læringsutbyttet? Resultata baserar seg på eit case studium beståande av ein observasjon av sjølve Skolecampen, to fokusgruppeintervju med 6 elevar i kvar gruppe og mailintervju med læraren til elevane og prosjektleiaren for Skolecamp. Resultata syner at dei fleste elevane vart motiverte av å få driva med realfag ute og på eige hand. På den andre sida har ikkje læringsutbyttet følgt etter. Elevane har vanskar med å setja ord på det dei lærte på Skolecamp, kunnskapen er implisitt. For å auka læringsutbyttet til elevane er det viktig at det vert knyta band mellom det praktiske dei gjer på Skolecamp og kopla dette til teorien og det dei lærer elles i skulekvardagen. På denne måten kan det dei lærte på Skolecamp bli meir eksplisitt. For å få dette til er det viktig med eit forarbeid, at elevane blir gjort medvitne på koplinga mellom teori og det praktiske dei gjer under sjølve Skolecampopphaldet, og at dei har eit etterarbeid tilbake på skulen. Vidare når ein legg opp til elevaktive arbeidsmåtar er det viktig at elevane får støtte gjennom prosessen. I eit uoversiktleg miljø som uterommet ser det ut til at denne støtta vert endå viktigare. Difor er det viktig å gje elevane klare instruksar på oppgåvene og gje dei mykje støtte og hjelp i arbeidet når dei driv med dei utforskande arbeidsmåtane ute. På denne måten har ein meir kontroll på at elevane ser det faglege i oppgåvene dei gjer og sannsynet vert større for at fleire elevane får ei meistringskjensle av dei meir elevaktive oppgåvene.en_US
dc.description.sponsorshipSkolecampprosjekteten_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectUteundervisningen_US
dc.subjectUtforskande arbeidsmåtaren_US
dc.subjectRealfagen_US
dc.titleEr det ein fordel å læra ute? : eit casestudium av læringsutbyttet til elevar som driv med utforskande arbeidsmåtar ute på Skolecampen_US
dc.title.alternativeIs it an advantage to learn science outdoors? : a case study of outcomes of inquiry learing outdoors in a "School camp"en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Other disciplines within education: 289en_US
dc.subject.nsiVDP::Mathematics and natural science: 400en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel