Er det ein fordel å læra ute? : eit casestudium av læringsutbyttet til elevar som driv med utforskande arbeidsmåtar ute på Skolecamp
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/188769Utgivelsesdato
2011-10-07Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master's theses (RealTek) [1723]
Sammendrag
Skolecamp er eit leirskuleprosjekt mellom Den Norske Turistforening og Tekna - Teknisk-naturvitenskapelig forening. Her får elevane blant anna læra realfag ute. Skolecamp legg opp til utforskande arbeidsmåtar som hovudsakleg er tilpassa ungdomsskuleelevar. Denne oppgåva ser på det faglege læringsutbyttet elevane har hatt av å ha deltatt på dette opplegget. Korleis er læringsutbyttet til elevane, og kva faktorar påverkar læringsutbyttet? Resultata baserar seg på eit case studium beståande av ein observasjon av sjølve Skolecampen, to fokusgruppeintervju med 6 elevar i kvar gruppe og mailintervju med læraren til elevane og prosjektleiaren for Skolecamp. Resultata syner at dei fleste elevane vart motiverte av å få driva med realfag ute og på eige hand. På den andre sida har ikkje læringsutbyttet følgt etter. Elevane har vanskar med å setja ord på det dei lærte på Skolecamp, kunnskapen er implisitt. For å auka læringsutbyttet til elevane er det viktig at det vert knyta band mellom det praktiske dei gjer på Skolecamp og kopla dette til teorien og det dei lærer elles i skulekvardagen. På denne måten kan det dei lærte på Skolecamp bli meir eksplisitt. For å få dette til er det viktig med eit forarbeid, at elevane blir gjort medvitne på koplinga mellom teori og det praktiske dei gjer under sjølve Skolecampopphaldet, og at dei har eit etterarbeid tilbake på skulen. Vidare når ein legg opp til elevaktive arbeidsmåtar er det viktig at elevane får støtte gjennom prosessen. I eit uoversiktleg miljø som uterommet ser det ut til at denne støtta vert endå viktigare. Difor er det viktig å gje elevane klare instruksar på oppgåvene og gje dei mykje støtte og hjelp i arbeidet når dei driv med dei utforskande arbeidsmåtane ute. På denne måten har ein meir kontroll på at elevane ser det faglege i oppgåvene dei gjer og sannsynet vert større for at fleire elevane får ei meistringskjensle av dei meir elevaktive oppgåvene.