Sjøauren i Granvinsvassdaget : vekst i ferskvatn og sjø før og etter større miljøendringar
Master thesis
View/ Open
Date
2010-12-03Metadata
Show full item recordCollections
- Master's theses (INA) [593]
Abstract
Bestanden av sjøaure (Salmo trutta) i Granvinsvassdraget har som andre bestandar av
anadrom laksefisk i Hardangerfjorden gått kraftig tilbake. For bestanden i Granvinsvassdraget
har det funne stad to kjende miljøendringar som kan ha bidrege til redusert produksjon av
sjøaure. Etter at røye (Salvelinus alpinus) vart registrert i vassdraget i 1967 vart det danna ein
stor bestand i Granvinsvatnet. I tillegg har det vore omfattande endringar i Hardangerfjorden
med etablering av oppdrettsanlegg for laks, og dette har gjeve ein høg produksjon av lakselus
(Lepeophtheirus salmonis). Med bakgrunn i desse miljøendringane er veksten til sjøaure frå
Granvinsvassdraget analysert frå eit skjelmateriale samla inn før (1972 og 1979) og etter
miljøendringane fann stad (1999-2009).
Det viste seg at veksten i ferskvassfasen var dårlegare for sjøaure fanga i 1999-2009 enn den
var for sjøaure fanga i 1972 og 1979. Det var særleg tilveksten i andre ferskvassår som var
redusert, og dette førte med seg at parren var kortare etter same opphaldstid i ferskvatn og
hadde kortare lengder under utvandring ved same alder. Den gjennomsnittlege smoltalderen
var i begge periodar 3,6 år, og det vart funne at rasktveksande parr generelt vandra ut som
smolt ved ein lågare alder og med kortare lengder enn seintveksande parr. I sjøfasen var
vekstmønsteret forholdsvis likt i begge periodar, og det vart ikkje funne signifikante skilnadar
i vekst mellom dei sjøaurane som hadde vandra ut som smolt i 1968-1978 og for dei som
vandra ut i 1994-2008. Generelt hadde sjøaurane størst lengdeauke fyrste sommaren i sjøen,
det vil seie som postsmolt. Det var store mellomårs-variasjonar i tilvekst i både ferskvatn og
sjø, men denne variasjonen kunne ikkje forklarast med ulike indeksar for vasstemperatur.
Den reduserte ferskvassveksten som vart funnen etter at røyebestanden vart dominerande i
vassdraget tyder på at næringstilbodet har endra seg, og resultert i mindre tilgjengeleg mat for
auren i Granvinsvatnet og elvestrekninga nedom. Det reduserte mattilbodet og nedsett vekst
kan ha gjeve høgare dødelegheit på aureungane, og kan ha gjeve endringar i livshistorien til
auren, ved til dømes at ein mindre del av bestanden vandrar til saltvatn. At det ikkje vart
funne endringar i sjøvekst kan dels forklarast med at Granvinsfjorden som ligg i indre del av
fjordsystemet er generelt mindre belasta med lakselus enn dei meir oppdrettstunge områda,
men óg at dei aurane som er hardast råka av lakselusinfeksjonar vil vere underrepresentert i
fangstane, fordi dei kan ha høg dødelegheit. In conformity with other populations of anadromous salmonids in the Hardanger Fjord, the
population of sea trout (Salmo tutta) in the Granvin water system has declined. There have
been two known environmental changes that could have contributed to the reduced production
in the population. After the discovery of Arctic char (Salvelinus alpinus) in the water system
in 1967, the char increased to a large population in the Granvin Lake. Also, there have been
extensive changes in the Hardanger fjord, brought on by the settlement of salmon fish farms,
leading to a high production of salmon lice (Lepeophtheirus salmonis). On the basis of these
environmental changes, the growth of sea trout from the Granvin water system was analysed
from a scale material collected before (1972 and 1979) and after (1999-2009) the changes
occurred.
Evidently the growth of sea trout during the fresh water period was poorer for the individuals
caught between 1999 and 2009, than those caught in 1972 and 1979. Especially, the growth in
the second year in fresh water was reduced. This resulted in parr being shorter after the same
time period in fresh water. At the same age, the smolt was shorter. The average smolt age of
both groups was 3.6 years, and it was found that fast growing parr generally migrated to sea at
a younger age and at shorter body length than more slow growing parr. The pattern of sea
growth in both periods was fairly equal, with no significant difference in growth between the
sea trout that emigrated as smolt in 1968-1978 and in 1994-2008. In general, the sea trout had
the greatest increase in length as post smolt. There was considerable between-year variation in
growth in both fresh- and seawater that could not be explained by indexes for water
temperature.
The reduced growth in fresh water found after the population of Arctic char became dominant
in the water system, indicate that the food supply has changed, resulting in less food available
to the trout in the Granvin Lake and the river downstream. The reduction in food supply and
in growth might have led to higher mortality in young trout, and might have changed their life
history, for instance by reducing the proportion of the population that migrates to sea. The
absence of changes in growth in saltwater may partly be explained by the Granvin Fjord’s
position in the innermost part of the fjord system, and that the salmon lice infections are found
to be lower there, than in the areas further out having more fish farms. It may also in part be
explained by the most heavily infected sea trout being underrepresented in the catches
because of high mortality.