Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkår, Bjørnar
dc.date.accessioned2010-12-03T13:04:48Z
dc.date.available2010-12-03T13:04:48Z
dc.date.issued2010-12-03T13:04:48Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/186690
dc.description.abstractBestanden av sjøaure (Salmo trutta) i Granvinsvassdraget har som andre bestandar av anadrom laksefisk i Hardangerfjorden gått kraftig tilbake. For bestanden i Granvinsvassdraget har det funne stad to kjende miljøendringar som kan ha bidrege til redusert produksjon av sjøaure. Etter at røye (Salvelinus alpinus) vart registrert i vassdraget i 1967 vart det danna ein stor bestand i Granvinsvatnet. I tillegg har det vore omfattande endringar i Hardangerfjorden med etablering av oppdrettsanlegg for laks, og dette har gjeve ein høg produksjon av lakselus (Lepeophtheirus salmonis). Med bakgrunn i desse miljøendringane er veksten til sjøaure frå Granvinsvassdraget analysert frå eit skjelmateriale samla inn før (1972 og 1979) og etter miljøendringane fann stad (1999-2009). Det viste seg at veksten i ferskvassfasen var dårlegare for sjøaure fanga i 1999-2009 enn den var for sjøaure fanga i 1972 og 1979. Det var særleg tilveksten i andre ferskvassår som var redusert, og dette førte med seg at parren var kortare etter same opphaldstid i ferskvatn og hadde kortare lengder under utvandring ved same alder. Den gjennomsnittlege smoltalderen var i begge periodar 3,6 år, og det vart funne at rasktveksande parr generelt vandra ut som smolt ved ein lågare alder og med kortare lengder enn seintveksande parr. I sjøfasen var vekstmønsteret forholdsvis likt i begge periodar, og det vart ikkje funne signifikante skilnadar i vekst mellom dei sjøaurane som hadde vandra ut som smolt i 1968-1978 og for dei som vandra ut i 1994-2008. Generelt hadde sjøaurane størst lengdeauke fyrste sommaren i sjøen, det vil seie som postsmolt. Det var store mellomårs-variasjonar i tilvekst i både ferskvatn og sjø, men denne variasjonen kunne ikkje forklarast med ulike indeksar for vasstemperatur. Den reduserte ferskvassveksten som vart funnen etter at røyebestanden vart dominerande i vassdraget tyder på at næringstilbodet har endra seg, og resultert i mindre tilgjengeleg mat for auren i Granvinsvatnet og elvestrekninga nedom. Det reduserte mattilbodet og nedsett vekst kan ha gjeve høgare dødelegheit på aureungane, og kan ha gjeve endringar i livshistorien til auren, ved til dømes at ein mindre del av bestanden vandrar til saltvatn. At det ikkje vart funne endringar i sjøvekst kan dels forklarast med at Granvinsfjorden som ligg i indre del av fjordsystemet er generelt mindre belasta med lakselus enn dei meir oppdrettstunge områda, men óg at dei aurane som er hardast råka av lakselusinfeksjonar vil vere underrepresentert i fangstane, fordi dei kan ha høg dødelegheit. In conformity with other populations of anadromous salmonids in the Hardanger Fjord, the population of sea trout (Salmo tutta) in the Granvin water system has declined. There have been two known environmental changes that could have contributed to the reduced production in the population. After the discovery of Arctic char (Salvelinus alpinus) in the water system in 1967, the char increased to a large population in the Granvin Lake. Also, there have been extensive changes in the Hardanger fjord, brought on by the settlement of salmon fish farms, leading to a high production of salmon lice (Lepeophtheirus salmonis). On the basis of these environmental changes, the growth of sea trout from the Granvin water system was analysed from a scale material collected before (1972 and 1979) and after (1999-2009) the changes occurred. Evidently the growth of sea trout during the fresh water period was poorer for the individuals caught between 1999 and 2009, than those caught in 1972 and 1979. Especially, the growth in the second year in fresh water was reduced. This resulted in parr being shorter after the same time period in fresh water. At the same age, the smolt was shorter. The average smolt age of both groups was 3.6 years, and it was found that fast growing parr generally migrated to sea at a younger age and at shorter body length than more slow growing parr. The pattern of sea growth in both periods was fairly equal, with no significant difference in growth between the sea trout that emigrated as smolt in 1968-1978 and in 1994-2008. In general, the sea trout had the greatest increase in length as post smolt. There was considerable between-year variation in growth in both fresh- and seawater that could not be explained by indexes for water temperature. The reduced growth in fresh water found after the population of Arctic char became dominant in the water system, indicate that the food supply has changed, resulting in less food available to the trout in the Granvin Lake and the river downstream. The reduction in food supply and in growth might have led to higher mortality in young trout, and might have changed their life history, for instance by reducing the proportion of the population that migrates to sea. The absence of changes in growth in saltwater may partly be explained by the Granvin Fjord’s position in the innermost part of the fjord system, and that the salmon lice infections are found to be lower there, than in the areas further out having more fish farms. It may also in part be explained by the most heavily infected sea trout being underrepresented in the catches because of high mortality.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectørreten_US
dc.subjectmiljøendringeren_US
dc.subjectSalmo truttaen_US
dc.subjectferskvannen_US
dc.subjectkonkurranseen_US
dc.subjectlakselusen_US
dc.subjecttemperaturen_US
dc.subjectsjøen_US
dc.subjectsjøørreten_US
dc.titleSjøauren i Granvinsvassdaget : vekst i ferskvatn og sjø før og etter større miljøendringaren_US
dc.title.alternativeSea trout (Salmo trutta) in Granvin water course : growth in freshwater and sea, before and after large environmental changesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fishery disciplines: 900::Fisheries science: 920::Other fisheries disciplines: 929en_US
dc.source.pagenumber38 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel