Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHarald Volden
dc.contributor.advisorEgil Prestløkken
dc.contributor.authorKvam, Marit Andrisdotter
dc.date.accessioned2024-06-13T16:27:14Z
dc.date.available2024-06-13T16:27:14Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.nmbu:wiseflow:7098065:59125635
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3133935
dc.description.abstractMålsetjinga for oppgåva var å studere korleis endring i hauste- og slåttesystem påverka avlingsmengd og grovfôrkvalitet. Dette vart undersøkt ved hausting av graset åtte dagar tidlegare enn hovudslåtten, og ved å ta ein ekstra slått. Desse effektane vart vidare nytta til å studere korleis grovfôrkvalitet påverka kraftfôrbehov, fôropptak, arealbehov og økonomi i mjølkeproduksjonen. Datamaterialet vart samla inn i forbindelse med TINE og YARA sitt prosjekt kring utvikling av biomasseprediksjon i Yara Atfarm. I arbeidet vart det gjort registreringar på 19 gardsbruk og 94 skifter totalt, i regionane Rogaland, Trøndelag og Sør-Austlandet (Buskerud og Telemark). Avlingsmengd og grasprøvar vart målt 8 dagar før sjølve slåtten, og ved hovudslåtten. Dette utgjer 429 avlingsregistreringar og 389 prøvar med kjemiske analysar. Kjemisk innhald nytta i fôrberekningane var fordøyingsgrad (OMD) og innhald av råprotein. Simuleringar av fôropptak vart gjort i TINE OptiFôr, desse tala vart nytta i berekningar av grovfôr og kraftfôrbehov samt arealbehovet per kyr. Resultata i denne studien syner ein gjennomgåande effekt av at tidlegare hausting gav høgare innhald av råprotein og auka fordøyingsgrad av organisk materiale (OMD). Tidlegare hausting gav og gjennomsnittleg lågare avlingsmengd. Å ta ein ekstra slått gav ikkje eintydig lågare avlingsmengd totalt, men synte og å gje auka OMD og innhald av råprotein. I Rogaland var det gjennomsnittleg høgare avlingsmengd med ein ekstra slått, og for Sør-Austlandet var det små utslag for noko lågare avlingsmengd. Berre i Trøndelag var det signifikant lågare avlingsmengd for både fyrste- og andreslått med ein ekstra slått. Vêret og lokalt klima kan tolkast å ha ein samanheng med avlingsmengd og grovfôrkvalitet. Oversikt over vêrparameter i vekstsesongen er difor viktig. Berekningane for grovfôropptak og kraftfôrbehov synte høgare grovfôropptak, og lågare kraftfôrforbruk ved hausting åtte dagar før. Tidlegare hausting kan redusere kraftfôrkostnadane, men det gav og ei auke i areal per kyr/år. Effekten av ein ekstra slått synte lågare kraftfôrforbruk og høgare grovfôropptak. Det synte ikkje like stor auke i arealbehovet som å hauste tidlegare.
dc.description.abstractThe aim of this thesis was to study how changes in frequency of harvests and harvesting on an earlier development stage affected the grass yield and forage quality. This was examined with forecast harvesting of the grass eight days earlier than the main harvest, and by harvesting one extra time through the season. The effects were considered when studying how forage quality affected concentrate intake, forage intake, land requirements and economy in milk production. The data material was collected through TINE and YARA’s biomass project in YARA Atfarm. In the data collection, registrations were done at 19 farms and 94 fields in total. The registrations were done in the regions Rogaland, Trøndelag and South-East Norway (Buskerud and Telemark). Grass yield and samples were measured 8, days before the main harvest, and on the harvest day. This makes 429 grass yield registrations and 389 chemical analyses. The chemical analyses were done with NIRS-sensors. The parameters used in the feed intake calculations was organic matter digestibility (OMD) and crude protein content. Simulations of feed intake were done in TINE OptiFôr. These numbers were used in estimations of land requirement per cow. The result of the study shows a throughout effect of harvesting on an early development stage gives higher crude protein content per kilogram of dry matter, and increased OMD, but in general lower grass yield. An extra harvest did not unequivocally result in a lower total grass yield but proved to increase OMD and crude protein content. In Rogaland, the average grass yield was higher with an extra harvest, whereas in Southeast Norway the effect on grass yield was minor. Trøndelag was the only region where an extra harvest had a significant decrease on grass yield for both the first and second harvest. Weather and local climate will affect grass yield and forage quality. Therefore, control of weather parameters during the growing season is important. The calculations of forage intake, and concentrate level showed higher forage intake, and lower concentrate consumption with harvesting eight days earlier, which can reduce the total cost of concentrate feed, but it also resulted in an increase in area per cow/year. The effect of an extra grass harvest also showed lower concentrate intake and higher feed intake. It did not show as large an increase in land requirement as harvesting at an earlier development stage.
dc.languagenno
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences
dc.titleEin ekstra slått eller tidlegare hausting gjev høgare grovfôropptak og lågare kraftfôrforbruk i mjølkeproduksjonen
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel