Kan data frå kjøtkontrollen gje betre dyrevelferd hjå sau i Noreg?
Abstract
Denne oppgåva har forsøkt å kaste lys på kva kodar slakteria nyttar for å registrere avvik hjå sau og lam sendt til slakt, og korleis slakteria nyttar desse kodane i dag. Ved å intervjue ulike tilsette frå Mattilsynet og frå slakteria sjølv, ved to ulike slakteri i Rogaland, begge drive av Fatland, ynskja ein i denne oppgåva å finne ut om ein i kjøtkontrollen kan gjere registreringar som kan seie noko om dyrevelferd hjå sau og lam heime på garden, og i kva grad desse data vert registrert i dag. Vidare ynskja ein å undersøke om desse data kan ha potensial til å i større grad verte nytta for å spisse dei risikobaserte tilsyna som vert gjort av Mattilsynet. Det vart her funne at ein i dagens kjøtkontroll har sju standardiserte kodar for registreringar i post mortem-kontrollen. Ante mortem-kontrollen var i mindre grad standardisert med omsyn til korleis ein gjer registreringane og meir avhengig av den enkelte veterinærs kompetanse. Dei tilsette opplevde at dagens system fungerer, og at det i stor grad sette lys på dyrevelferda for sau i Noreg. Det vart samstundes funne nokre svakheiter ved systemet.