Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorUlf Rydningen
dc.contributor.advisorVegard Nilsen 
dc.contributor.advisorZlatko Cemalovic 
dc.contributor.authorToft, Eivind Bækken
dc.date.accessioned2023-08-30T16:27:12Z
dc.date.available2023-08-30T16:27:12Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.nmbu:wiseflow:6839593:54592432
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3086460
dc.description.abstractDenne masteroppgåva skal vere eit bidrag til og grunnlag for ei mogeleg avgjerd om å innføre husvassmålarar i Bergen kommune. I hovudplanen punkt 6.4.2.1, står det at ein bør «…utrede sammenhengen mellom merkostnader og merarbeid i forhold til forventet reduksjon i vannforbruk ved innføring av husvannmålere som grunnlag for beslutning om eventuell innføring av husvannmålere i Bergen kommune» (Bergen Vann, 2018). Målet med masteroppgåva er å analysere nærmare kva forbruket hjå private abonnentar med og utan vassmålar er, for å finne ut kor stor ein eventuell reduksjon i vassforbruk kan vere, dersom ein innfører krav om vassmålar hjå alle private i kommunen. Norsk Vann anbefalte i 2016 gjennom rapport B20 (Sivertsen & Bomo, 2016) norske kommunar å nytte eit hushaldningsforbruk på 140 liter per person per døgn (l/p/d), medan hovudplanen til Bergen kommune frå 2016-2026 opererer med 150 l/p/d og hovudplanen frå 2015-2024 opererte med 160 l/p/d (Bergen Vann, 2018). Alle næringsbygg i Bergen har installert vassmålarar, men det er berre ein liten del private som har installert vassmålar. I dag er Bergen Nord (Åsane-Arna) delt inn i fleire ulike målesoner, der det er målingar på vassforbruk i kvar sone i sanntid. I denne masteroppgåva er sonevassmålarar etablert mellom 2019 og 2020 nytta for å analysere forbruk i fira soner med ulik storleik i Bergen Nord. Tre av fire soner har vist seg å ha forskjellige, men gode tal som ein stole på. Ut i frå desse tala er det estimert eit tal på hushaldningsforbruk for heile Bergen kommune på 135 l/p/d med usikkerheits margin frå 135-148 l/p/d. På bakgrunn av data frå husvassmålarar i Bergen, som viser eit snittforbruk på 125 l/p/d, og intervju med kommunar med god vassmålardekning, er det kome fram til at ein reduksjon på minimum 10 l/p/d og maks 23 l/p/d er realistisk for dei private som får installert vassmålar. Det bør likevel gjerast ein grundigare usikkerheits-analyse før Bergen kommune tek ei avgjerd. Det er nemleg ikkje observert nokon fallande trend i hushaldningsforbruk hjå det vesle utvalet av private med installert vassmålar i perioden mellom 2011-2022. Vidare er dei økonomiske forhalda for abonnenten knytt til frivillig innføring av husvassmålar i dag, og potensielle krav til vassmålar, vurdert. Det har vist seg lite gunstig å installere vassmålar i dag med mindre ein har eit over gjennomsnittleg stort areal og bur få personar saman, har svært lite vassforbruk eller ikkje bruker bustaden deler av året. Oppgåva har også undersøkt andre nærståande spørsmål. Vassforbruket i varmeperiodar, spesielt i eine- og tomannsbustad-strøk, har vist seg å auke med ca. 10 % samanlikna med perioden før varmeperioden, noko Bergen Vann kan planlegge for ved framtidige varmeperiodar. Vidare er næringsforbruket i sin heilheit analysert, noko som har vore mogeleg på bakgrunn av krav til vassmålar hjå alle næringsverksemder. Analysen viser ein tydeleg trend der næringskategorien som heilheit, og dei fleste underkategoriane har hatt ein nedgang i vassforbruk per målar. Det er også analysert vassforbruk hjå abonnentar med installert vassmålar under nedstenging pga. Covid-19 restriksjonar. Denne analysen viste ein tydleg auke i vassforbruk som følgje av auka tid heime med heimeskule og heimekontor, medan ei av sonene viste ein auke på 15 % frå 2019 - 2020. Satsinga til Bergen Vann fram til no for å redusere vassproduksjonen på vassbehandlingsanlegga (VBA), som har vore lekkasjereduksjon, har vist seg å vere ein god prioritering. Ein moglegheit som bør vurderast er å sette krav til vassmålarar i nye bustadar, medan krav om at alle private må installere vassmålarar vil vere vanskeleg å forsvare reint økonomisk og fagleg.
dc.description.abstractThis master’s thesis will contribute to and provide a basis for a potential decision to introduce residential water meters for all households in Bergen municipality. Chapter 6.4.2.1 of the municipal sub-plan for water supply states that "the correlation between different additional costs and workload and the expected reduction in water consumption because of the implementation of household water meters, should be investigated as a basis for deciding whether to require implementation of residential water meters in Bergen municipality or not" (Bergen Vann, 2018). An important part of this master’s thesis is to make an analysis of the water consumption among private households, with and without residential water meters, in order to determine the potential reduction in water consumption that could be achieved, if a requirement for water meters is introduced for all households in Bergen municipality. Norsk Vann, which is the national interest organization for the water industry, has since 2016 used a household consumption estimate of 140 litres per person per day (l/p/d). On the other hand Bergen municipality's main plan for 2016-2026 estimates 150 l/p/d, and the 2015-2024 main plan estimates 160 l/p/d (Bergen Vann, 2018), p. 29). Although all businesses and industry in Bergen have water meters installed, only a small percentage of private households have them installed. The Bergen Nord district is divided into several district metered areas (DMA), each with real-time monitoring of the water consumption. Through this master's thesis, DMA water meters which were established in 2019 and later, were used to study water consumption in four different DMAs in Bergen Nord. Three of the DMAs, with varying sizes and population, had reliable data. Based on the data from those 3 DMAs, an estimated household consumption of 135 l/p/d, with an uncertainty range of 135 to 148 l/p/d, was calculated for the entire Bergen municipality. Data from residential water meters in Bergen, together with results from a literature review and interviews, showed an average consumption of 125 l/p/d without uncertainty analysis. Accordingly, it was calculated that a reduction of 10 to 23 l/p/d for private households switching from estimated to metered consumption, is realistic. Economic factors related to the voluntary choice of installing water meters, and potential requirements from the municipality for their installation, were evaluated. The results are that installing water meters today is not advantageous, unless the household has few people and an area above average, extremely low water consumption, or is not inhabited for large parts of the year. Other topics covered in this thesis include water consumption in households during heat waves, particularly in detached households with a garden, which has been shown to increase by over 10 % compared to a period before the heat wave. Bergen municipality can plan for this for future heat waves. Additionally, the overall water consumption in business and industry was analysed, which was made possible by the requirement for water meters for all industry. A clear trend indicated a significant decrease in water consumption per water meter across most of the different industry categories. An analysis has been conducted on water consumption in households with installed residential water meters during lockdowns associated with Covid-19. This analysis has showed a clear increase in the average water consumption because of more time at home, with one of the DMAs showing a 15 % increase from 2019 to the first pandemic year 2020. Bergen Vann’s investments in reducing water production at water treatment plants, with a focus on reducing leaks, has so far been a good priority. One possibility that should be considered is to not require residential water meters in existing households, but only in new household. That is easier to justify economically both for the people of Bergen and Bergen Vann.
dc.languagenno
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences
dc.titleAvgjerdsgrunnlag for mogeleg innføring av husvassmålarar i Bergen kommune
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel