Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorIda Rashida Khan Bukholm
dc.contributor.authorHoel, Anne Kristin
dc.date.accessioned2023-07-14T16:27:42Z
dc.date.available2023-07-14T16:27:42Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.nmbu:wiseflow:6839537:54591908
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3078978
dc.description.abstractBakgrunn: I Noreg har befolkninga lovfesta rett til behandling av lik kvalitet uavhengig av kvar ein bur. Det er dei fire regionale helseføretaka som skal sørge for å levere spesialisthelsetenester til befolkninga i sin reigon. I desse tenestene er det funne geografiske skilnadar i kvalitet, men det er få studier som synleggjer skilnadar i førekomst og omfang av pasientskader mellom dei regionale helseføretaka. Pasientskader vert meldt eller rapportert til ulike aktørar, og det eksisterer ingen samla database der ein får samla innsikt i pasientskader. Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) behandlar erstatningssaker knytta til pasientskader, og er ei av kjeldene til informasjon om pasientskader i Noreg. Formål: Undersøkje førekomst og skilnadar i pasientskader i dei regionale helseføretaka, ved bruk av data frå NPE. Metode: Deskriptiv retrospektiv tverrsnittstudie, med data frå NPE frå det ortopediske fagfeltet, nærare bestemt akutt ankeloperasjon og elektiv skulderoperasjon. Vedtaka var fatta i perioden 2013-2022. Faktorar som RHF, kjønn, alder, årsak til medhald og skadetype var oppgitt i NPE sitt datagrunnlag. Utrekningar for å finne prevalens per 100.000 innbyggar var basert på innbyggartal. Resultat: 311 erstatningssaker etter skulderoperasjon og 275 saker etter ankeloperasjon vart innhenta. Av desse fekk høvesvis 122 (39%) og 125 (45%) medhald. Generelt var medhaldsprosenten for begge operasjonsgrupper høgare enn snittet for NPE-saker. Vanlegaste årsak til medhald var svikt i behandling. Ankeloperasjon hadde høgare medhaldsprosent i tre av fire RHF, og skulderoperasjon hadde høgare andel medhald grunna infeksjon samanlikna med ankeloperasjon. Regionale skilnadar viste seg særleg per 100.000 innbyggar, der ein fann flest medhaldssaker per 100.000 innbyggar i Helse Nord. Det var skilnadar i medhaldsprosent, særleg etter ankeloperasjon der Helse Vest hadde over 50% medhald. Ein fann også skilnad i skadetype og i kjønnsfordeling mellom dei reigonale helseføretaka. Konklusjon: Studiens funn viste at det førekjem regionale skilnadar i erstatningssaker meldt til NPE. Dette såg ein særleg ved andel medhaldssaker per 100.000 innbyggar. Ein fann også regionale skilnadar i omfang av pasientskader og nokon skilnadar i erstatningssaker mellom akutt ankeloperasjon og elektiv skulderoperasjon. Studiens funn kan ikkje generaliserast då det berre er benytta NPE-tal, men dei gir ein dikasjon på behov for vidare kunnskap om førekomst av regionale skilndar i pasientskader. Dette er viktig for å sikre likeverdige helsetenster uavhengig av geografi, som ivaretar pasientsikkerheita i henhald til lovgivninga.
dc.description.abstractBackground: All citizens in Norway have by law a right to equal access to healthcare service quality regardless of geographical place of residence. In terms of specialist health care services, this right is provided by the four Norwegian health care authorities. Findings indicate that there are geographical differences in the quality of specialist health care, but few studies highlight the differences in terms of prevalence and magnitude in patient injuries. In Norway there are several agents who report or give information about patent injuries. One of these is the Norwegian System of Patient Injury Compensation, which handles compensation claims after patient injuries. Purpose: To examine the prevalence of patient injuries in Norway using data from the Norwegian System of Patient Injury Compensation (NPE) and assess these complaints with regard to regional differences between the four Norwegian Health Care Authorities. Methods: A descriptive cross-sectional study using data provided by the Norwegian System of Patient Injury Compensation. The data contained compensation claims from the period 2013-2022. The patients who filed claims underwent acute ancle surgery or elective shoulder surgery. Factors such as age, gender, regional health care authority and reason for granted compensation was included in the material. Frequency distribution was performed in the analysis. Results: 311 patients filed compensation claims after shoulder surgery, of which 122 (39%) were granted. 275 patients field claims after ankle surgery, out of these 125 (45%) were granted compensation. The most common reason for compensation was suboptimal treatment, which was the reason for compensation in 58% of the patient group for shoulder surgery, and 78% of the patients filing claims after ankle surgery. The percentage of patients receiving compensation due to containment/ infection were higher after shoulder surgery (38%) than ankle surgery (21%). Regional differences were particularly clear when analysing the prevalence per 100.000 capita, where the Northern Norway Regional Health Autority stood out as the one with the highest proportion of granted compensation. Conclusions: Regional differences in patient injury complaints between regions in the Norwegian specialist health service were found with respect to prevalence and reasons for granted compensation. The findings can not be generalised since only data provided by NPE is evaluated. However, they indicate a need for further knowledge on the origins of regional differences such that equality in specialist health care in the future may be ensured.
dc.languagenno
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences
dc.titlePasientskader i spesialisthelsetenesta - førekomst og regionale skilnadar. Ein tverrsnittstudie basert på data frå Norsk pasientskadeerstatning
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel