Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSiri Lie Olsen
dc.contributor.advisorTor Erik Brandrud
dc.contributor.authorSkaar, Evita Kolseth
dc.date.accessioned2023-07-13T16:27:56Z
dc.date.available2023-07-13T16:27:56Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.nmbu:wiseflow:6839647:54592832
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3078684
dc.description.abstractKalkfuruskogar husar eit særleg rikt artsmangfald med mange habitatspesifikke og sjeldne artar, og er difor ein spesielt viktig naturtype i forvaltningssamanheng. Orkidéen flueblom Ophrys insectifera har si hovudutbreiing i kalkfuruskog. Det er kjend at arten er lyskrevjande, og difor har hatt tilbakegang i tidlegare beiteskogar som gror igjen etter opphøyrt hevd. I dette studiet undersøkast effekten av skjøtselstiltak på flueblom og vegetasjonssamansetjing i tre verneområde på Austlandet, med kalkfuruskog som har vore påverka av gjengroing: Røsskleiva naturreservat, Haugene naturreservat og Langøya landskapsvernområde. Skjøtselseffektar vart undersøkt gjennom registrering av antal flueblom, vitalitetsindikatorar for flueblom, vegetasjonsdekke, artsrikdom og artssamansetjing ved hjelp av ruteanalysar som vart utført i blomstringssesongen i 2022. Forskjellar vart testa gjennom samanlikning av data frå 2022 med data frå tidlegare kartleggingar for Røsskleiva og Haugene, og gjennom samanlikning av eit skjøtta og eit uskjøtta område på Langøya i 2022. Det vart påvist ein stor nedgang i antal flueblom i Røsskleiva frå 1984 til 2017. Skjøtselstiltak vart implementert i 2017, men antalet flueblom hadde framleis ikkje auka i 2022. Det vart observert ein nedgang i busksjiktdekning etter utført skjøtsel, men tresjiktet var framleis tett og dekningsgraden i felt- og botnsjiktet var ikkje signifikant forskjellig mellom 2017 og 2022. Skjøtselstiltaka hadde ikkje resultert i ein høgare artsrikdom eller større innslag av lyskrevjande artar, sjølv om artssamansetjinga var ulik mellom åra. I Haugene var det òg ein stor nedgang i antal flueblom mellom 1984 og 2022, sjølv om skjøtselstiltak vart utført frå 2010. Dekningsgraden i tre- og busk- og botnsjiktet var lågare i 2022 enn i 1984, men feltsjiktsdekninga var uendra. Artsrikdomen og innslaget av lyskrevjande artar var ikkje blitt større, sjølv om artssamansetjinga var noko endra. Mellom eit område på Langøya som var uskjøtta eit område som vart skjøtta frå 2016/2017, var det ikkje forskjell i antal flueblom i 2022, men flueblomen i det skjøtta området hadde fleire blad, som kan indikere større grad av vitalitet. Vegetasjonssamansetjinga skilde seg heller ikkje signifikant mellom dei to områda, men det var tendensar til lågare busksjiktdekning i det skjøtta området. I sum vart det påvist få positive effektar av skjøtsel på flueblom og andre lyskrevjande artar i dei tre studieområda, og flueblombestanden har hatt ein nedgang i to av dei. Tregleik i respons, både etter gjengroing og skjøtsel, kan potensielt spele ei stor rolle for kor synlege effektane av skjøtsel var per 2022. I tillegg kan antalet blomstrande flueblomindivid fluktuere mykje mellom år. Det trengs vidare analysar for å fange opp skjøtselseffekten i desse områda, slik at den nedgangen i flueblombestanden som er sett kan motverkast.
dc.description.abstractCalcareous pine forests harbor a rich species diversity with many habitat-specific and rare species, and are therefore particularly important in management context. The fly orchid Ophrys insectifera has its main distribution in calcareous pine forests. The species is somewhat light- demanding, and has declined in previously grazed forests with overgrowth after cessation of usage. This study examines the effects of management measures on fly orchid and vegetation composition in three nature conservation areas in Norway with calcareous pine forests affected by overgrowth: Røsskleiva nature reserve, Haugene nature reserve, and Langøya landscape protection area. The effects of management were investigated through registration of the number of fly orchids and their features, vegetation coverage and species richness- and composition, performing quadrat analyses. Differences were tested comparing data from 2022 to data from previous surveys for Røsskleiva and Haugene, and comparing an area treated from 2016/2017 to an untreated area on Langøya. A strong decline in the number of fly orchids was detected in Røsskleiva from 1984 to 2017. The population had still not increased by 2022, although management measures were implemented in 2017. The shrub layer coverage decreased between 2017 and 2022, but the tree layer was still dense, and the herb- and moss layer coverage was not significantly different. Management measures implemented in 2017 had not led to an increased number of fly orchids in 2022, nor a higher species richness or greater presence of light-demanding species, although there was a difference in species composition. It was also detected a significant decline in the number of fly orchids in Haugene between 1984 and 2022, despite the management measures in 2010. The coverage of the tree, shrub- and moss layer had declined between 1984 and 2022, but the herb layer coverage was unaffected. The species richness and presence of light-demanding species had not increased, even though the species composition was slightly changed. On Langøya, there was no difference in the number of fly orchids between the two areas in 2022. However, the orchids in the treated area had more leaves, which could indicate increased vitality. The vegetation composition did not differ significantly between the two areas, but there were tendencies towards less shrubs in the treated area. In total, there were detected few positive effects of management on the fly orchid and other light-demanding species in the study areas, and the fly orchid population had decreased in two of them. Delay in response following both overgrowth and management, as well as yearly fluctuations, probably plays an important role for the visibility of management effects as of 2022. There will be needed further analyses to detect the effects of management in these areas, to further counteract the decrease in the fly orchid population that has been observed.
dc.languagenno
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences
dc.titleEffektar av skjøtselstiltak på flueblom Ophrys insectifera og vegetasjonssamansetjing i verna kalkfuruskogar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel