Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorPrestløkken, Egil
dc.contributor.advisorEknæs, Margrete
dc.contributor.advisorSagaye, Alemayehu Kidane
dc.contributor.authorNyløy, Emma
dc.date.accessioned2022-12-16T11:57:31Z
dc.date.available2022-12-16T11:57:31Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3038275
dc.description.abstractDenne oppgåva består av ein litteraturdel og ein forsøksdel. Litteraturdelen tek i hovudsak føre seg faktorar som påverkar ete- og drøvtyggingsåtferda til kyr, samt litt generelt om fordøyingssystemet, mjølkeproduksjon og bruk av fôrtilsetningsmiddel. Forsøksdelen er eit fôringsforsøk med Asparagopsis taxiformis, som i tidlegare forsøk har redusert utslepp av enterisk metan frå storfe, men på same tid redusert fôrinntaket. Målet med dette forsøket har derfor våre å sjå nærare på ete- og drøvtyggingsåtferda, samt mjølkeproduksjonen. I forsøket deltok 15 kyr i 2. til 4. laktasjon av rasen Norsk Raudt Fe i tidleg- til midtlaktasjon, med eit snitt (±SD) på 676 ±55 kg kroppsvekt, 32,1 ±3,7 kg mjølk/dag og 95 ±27 dagar i mjølk ved forsøksstart. Forsøket gjekk over 74 dagar, der dei fyrste 21 dagane fungerte som ein forperiode der alle kyrne fekk moglegheit til å tilpassa seg ein felles diett. Kyrne blei så delt i tre grupper på fem kyr og tilfeldig fordelt på tre fullfôrrasjonar (65 % grovfôr og 35 % kraftfôr) med ulik tilsetjing av raudalgar (Asparagopsis taxiformis, AT); 0 % AT (Kontroll), 0,125 % AT og 0,25 % AT på organisk stoff basis. Deretter brukte ein 13 dagar til tilvenning til AT (tilvenningsperiode), og dei resterande 38 dagane til sjølve forsøket (forsøksperiode). Under forsøket blei alle kyrne utstyrt med RumiWatch tyggegrimer, og over to periodar blei det måla ulike ete- og drøvtyggingsvariablar. Vidare såg ein på påverknad på mjølkeavdrått og kjemisk innhald i mjølka. I dette forsøket såg ein at sjølv små mengder tilsetjing av A. taxiformis har effekt på ete- og drøvtyggingsåtferd. Forsøksperioden synte at den høgaste tilsetjinga med 0,25 % AT på organisk stoff basis, gav redusert inntak av både tørrstoff (P = 0,012) og NDF (P = 0,020), som vidare blei reflektert i forlenga tid til eting (min/dag) med hovudet nede (P = 0,021). Forlenga eting med hovudet nede blei òg observert for 0,125 % AT. Kyrne i 0,25 % AT gruppa hadde høgare (P = 0,010) totalt spyttvolum (milliliter per gram tørrstoffinntak, TSI). Vidare gav begge algegruppene auka etetid med hovud nede (min/kg TSI) (P = 0,004) og drøvtyggingstid (min/kg inntak av TS/NDF) (P = 0,010). Algegruppene gav redusert mjølkeavdrått (P < 0,001), og redusert konsentrasjon av feitt (P = 0,018) og protein (P = 0,010), men auka laktose (P = 0,021). Dette førte igjen til redusert yting (kg/dag) av feitt (P = 0,002), protein (P < 0,001), laktose (P = 0,002) og EKM (P < 0,001). Til tross for eit endra ete- og drøvtyggingsmønster, hovudsakleg i form av forlenga etetid med hovudet nede, var begge forsøksdiettane innanfor normale tidsintervall samanlikna med andre forsøk. Resultata her, sett saman med tidlegare forsøk, kan indikera at tilsetjing av A. taxiformis opp til 0,20 - 0,25 % AT på OM basis kan fungera greitt utan for store påverknadar på fôrinntaket. Forsøket synte at tilsetjing av A. taxiformis hadde negativ innverknad på kyrne si yting. Det bør derfor gjerast ytterlegare arbeid for å vurdera dei meir langsiktige effektane på dyrehelsa og produksjonen.en_US
dc.description.abstractThis thesis consists of a literature section and an experimental section. The literature section mainly deals with factors influencing eating and rumination behaviour of cows, as well as some general points around the digestive system, milk production and the use of feed additives. The experimental part is a feeding experiment with Asparagopsis taxiformis, which in previous experiments has proven a potential for reducing enteric methane emissions from cattle, while at the same time reducing feed intake. The aim of this experiment is therefore to take a closer look at eating and ruminating behaviour, as well as milk production in Norwegian Red dairy cows. 15 Norwegian Red dairy cows in 2nd to 4th lactation (early to middle lactation) with an average (± SD) of 676 ± 55 kg body weight, 32.1 ± 3.7 kg milk/day and 95 ± 27 days in milk participated in the experiment. The experiment lasted 74 days. The first 21 days served as a pre-period where all the cows were given the opportunity to adapt to a common diet. The cows were then divided into three groups of five cows and randomly allocated to one of the three experimental diets prepared in the form of a total mixed ration (TMR, 65 % roughage and 35 % concentrate) with different inclusion of red seaweed (Asparagopsis taxiformis, AT); 0 % AT (Control), 0,125 % AT and 0,25 % AT on organic matter basis (OM). The cows spent 13 days getting used to AT (adaptation period), and the remaining 38 days for the experiment itself (experimental period). During the experiment, all cows were equipped with RumiWatch chewing halters, and different eating and ruminating variables were measured over two periods. Furthermore we looked at the effect on milk production and chemical composition of the milk. In this experiment it was observed that even small amounts of the addition of A. taxiformis had an effect on eating and ruminating behaviour. The experimental period showed that the highest addition with 0,25 % AT on OM basis, resulted in reduced intake of both dry matter (P = 0,012) and NDF (P = 0,020), which was further reflected in extended eating time (min/day) with the head down (P = 0,021). Extended eating time with the head down were also observed for 0,125 % AT. The cows in the 0,25 % AT group had a higher (P = 0,010) total saliva volume (millilitres/gram dry matter intake, DMI). Furthermore, both seaweed diets gave increased eating time with head down (min/kg DMI) (P = 0,004) and ruminant time (min/kg DMI/ NDF intake) (P = 0,010). The seaweed diets resulted in reduced milk yield (P < 0,001), and reduced concentration of fat (P = 0,018) and protein (P = 0,010), but increased lactose (P = 0,021). This in turn led to reduced yield (kg/day) of fat (P = 0,002), protein (P < 0,001), lactose (P = 0,002) and EKM (P < 0,001). Despite a different eating and rumination pattern, mainly in form of extended eating time with the head down, both experimental diets were within the normal time interval compared with other experiments. The results here, compared with previous experiments, may indicate that the addition of A. taxiformis up to 0,20 – 0,25 % AT on an OM can work well without too great an impact on feed intake. In general, however, further work should be done to assess the more long-term effects on animal health and production.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.titleFôrinntak, ete- og drøvtyggingsåtferd hjå NRF kyr gitt ein fullfôrrasjon med gradert nivå av raudalgar (Asparagopsis taxiformis)en_US
dc.title.alternativeFeed intake and eating/rumination behaviour of Norwegian Red dairy cows fed a total mixed ration with graded levels of red seaweed (Asparagopsis taxiformis)en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900en_US
dc.description.localcodeM-HVen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal