dc.contributor.advisor | Haugen, Thrond Oddvar | |
dc.contributor.advisor | Stensland, Stian | |
dc.contributor.author | Njaa, Trygve Leigland | |
dc.coverage.spatial | Norway, Trøndelag, Verdal | en_US |
dc.date.accessioned | 2022-09-05T09:39:13Z | |
dc.date.available | 2022-09-05T09:39:13Z | |
dc.date.issued | 2022 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3015725 | |
dc.description.abstract | Det siste århundret har sjøauren (Salmo trutta) opplevd ein vesentleg populasjonsnedgong i Trøndelag og sørover langs norskekysten. Menneskeleg påverknad i bekkar har forringa eller øydelagt mykje habitat. Meir kunnskap om habitatbruken til sjøauren er difor naudsynt for å ta betre forvaltningsavgjersler. I denne studien vart seks bekkar i Verdalsvassdraget i Trøndelag undersøkt. Noko uvisse har vore knytta til effektane av interkohortkonkurranse og abiotiske faktorar på sjøauretettleiken i desse bekkane. Denne studien undersøker effektane ved å sjå på mesohabitatet på ein finare skala enn tidlegare undersøkingar.
Variasjonen i mesohabitatet vart beskriven gjennom kulp, brekk, stryk og død ved etter ein modifisert MESOHABsim modell. Tettleikstal for yngel (0+) og ungfisk (1+) vart innhenta ved elfiske. 29 stasjonar vart elfiska ved å dele kvar stasjon inn i 10 mindre segment, slik at den romlege koplinga mellom fisken og mesohabitatet vart nærare enn på stasjonsnivå. For kvart segment vart tettleikstal for 0+ og 1+ estimert, antall død ved notert, og prosentvis dekke av kulp, brekk og stryk vart estimert. Fire miljøvariablar vart samla inn og knytta opp til mesohabitatstrukturane kulp, brekk og stryk.
Tettleiken av 0+ vart mest effektivt forklart av ein zero inflated GLMM-modell med tettleik av 1+, brekkdekninga i bekken og kulpdekninga som forklaringsvariablar. Tettleik av 1+ og brekkdekninga var einaste variablane som hadde ei positiv innverknad på 0+. Denne positive innverknaden av 1+ på 0+ vart forklart gjennom lite 1+ i bekken, krevjande miljøtilhøve eller at bekkane var langt unna bæreevna. Positiv effekt frå brekket vart knytta opp mot at brekket er eit gytehabitat og har god næringstilgong. Tettleik av 1+ var mest effektivt forklart av diversiteten i mesohabitatet, der diversitet i fordelinga av kulp og brekk påverka tettleik positivt. Ei noko positiv effekt av kulp var knytta til at kulpane gir stor romleg variasjon for territoriell 1+. Mengda død ved forklarte ikkje tettleikar av verken 0+ eller 1+. VGAM analysar knytta miljøvariablane djupn, vekta skjul, substratstorleik og vassnøggleik opp mot mesohabitatstrukturar og fann at brekk kunne knyttast til vassnøggleik rundt 0,2 m/s og stryk ved vassnøggleik mot 1 m/s. Vassnøggleik har i tidlegare undersøkingar vore positivt korrelert med yngeltettleik, ein samanheng VGAM-analysane fann at ikkje samsvarte med årets resultat. Studien fann at effekten av kulpar var noko svakare enn forventa og fann ikkje prov for interkohortkonkurranse i bekkane. Resultata viser at etablering av kulp og brekk bør prioriterast i framtidige restaureringsprosjekt. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Norwegian University of Life Sciences, Ås | en_US |
dc.rights | Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no | * |
dc.subject | Salmo trutta | en_US |
dc.subject | Sjøaure | en_US |
dc.subject | Sea run broun trout | en_US |
dc.subject | Verdalselva | en_US |
dc.title | Mesohabitat- og interkohorteffektar sine påverknadar på tettleik av sjøaure (Salmo trutta) i seks sidebekkar til Verdalselva | en_US |
dc.title.alternative | Effects of mesohabitat use and intercohort competition on the density of sea run brown trout (Salmo trutta) in six tributaries of the Verdal River | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.subject.nsi | VDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Zoologiske og botaniske fag: 480 | en_US |
dc.description.localcode | M-NF | en_US |