Forskning og forsøk i landbruket : forsøk med kaliummagnesium jamført med kaliumgjødsel 33% til eng - bind 12
Non-fiction monograph
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3005656Utgivelsesdato
1961Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dei tre forsøka det framanfor er gjort greie for, vart lagde ut med to mengder på 9 og 18 kg K pr. dekar for å samanlikna gjødselverknaden av vanleg kaliumgjødsel 33 % med kaliummagnesium. Forsøka hadde 5 ledd, men a-leddet var utan K og utan Mg.
To forsøk vart lagde på alluvial sandjord, og eit forsøk på grusblanda moldjord i veikt hallande terreng på undergrunn av leirrik morene. Avlingsresultatet synte litt skilnad både for K- og Mg-gjødsling. I forsøket på morenegrunn såg det ut til at 9 kg K/dekar var ei sterk nok kaliumgjødsling. Eit forsøk på sandjord gav uvisst resultat for K-gjødsling, men eit tredje forsøk på sandjord såg ut til å ha trong for ei sterkare kaliumgjødsling. Jamført med ledd b gav ledd d ein avlingsauke på 42 kg høy pr. dekar, ein avlingsauke som etter høypris i landsluten var økonomisk lønsam.
Alle a-ledda fekk etter kvart sterke symptom på både kalium- og magnesiumskort. På b- og d-ledda kunne ein sjå ein og annan grasplanten med veike symptom på magnesiumskort. På dei andre ledda såg ein ikkje sjukdom-symptom. På ledd c og e såg det ut til at graset hadde ein friskare grøn farge.
Beskrivelse
Inneholder flere rapporter