Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorOlsen, Hanne Fjerdingby
dc.contributor.authorFausko, Margit
dc.coverage.spatialNorwayen_US
dc.date.accessioned2022-02-21T11:49:05Z
dc.date.available2022-02-21T11:49:05Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2980474
dc.description.abstractI lys av klima- og naturkrisa, aukande svolt og fare for internasjonal uro, er det behov for å gjere matsystem meir berekraftige. Å ta i bruk ledige beiteressursar i den norske storfeproduksjonen kan vere eit godt grep i møte med utfordringane for framtidas matproduksjon. NIBIO har anslått, med grove tal, at det i 2019 var 28 % av innmarksbeiteressursane og 55 % av utmarksbeiteres-sursane som ikkje var i bruk. Kastrerte oksar er kjend som gode beitedyr, men utgjorde berre 0,5 % av kjøtproduksjonen frå norsk storfe i 2020. Denne studien har undersøkt det nasjonale poten-sialet for nytting av ledige beiteressusar ved bruk av kastratar, som ei potensiell erstatning for innandørs framfôring av oksar. Tilnærminga har vore å fyrst undersøkje kva som kjenneteikner produksjonssystem og beitebruk ved den norske kastratproduksjonen i dag. Til dette vart det samla inn og analysert spørjeskjemasvar frå eit utval på 56 kastratprodusentar frå heile landet, som i hovudsak vart vurdert som representative. Funna for beitebruk vart deretter brukt i tillaging av fire scenario for storstilt oppskalering av kastratproduksjon. Kjøtproduksjonen holdt seg i alle scenario innanfor dagens nasjonale salsvolum for kjøt frå hankjønna storfe. Beitebruken i scena-rioa vart samanlikna med nasjonale og fylkesvise tal for ubrukte beiteressursar. Det vart funne at kastratane til respondentane for i studien beita omlag fire og ein halv månad kvar sommar, og at dei fleste kastratar hadde to somrar på beite. Respondentane fordelte seg omlag likt mellom å ha haustkalving, vårkalving og spreidd kalving. Vårfødde kastratar med tre beitese-songar hadde størst fôropptak frå beite gjennom livet, medan haustfødde kastratar med to beite-sesongar hadde størst dagleg fôropptak frå beite. Haustfødde kastratar med éin beitesesong hadde minst beitefôropptak, både dagleg og totalt, men det var få respondentar for dette produk-sjonsopplegget. Innmarksbeite og utmarksbeite vart omlag like mykje brukt av kastratane i utva-let, og var opphav for tre firedelar av beitefôropptaket. Resten kom frå dyrka mark, primært full-dyrka mark. For to av scenarioa vart det funne at kastratar kan ha beitetrykk på innmarksbeite som er større enn dagens ledige beitekapasitet. Dei andre scenarioa ga eit beitetrykk på innmark-sbeite svarande til kring ein firedel av ledig kapasitet. Den ledige utmarksbeiteressursen vart på si side funne til å vere mykje større enn beitetrykket til kastratar i nokon av scenarioa. Scenarioet med størst beitetrykk og optimalisering for bruk av utmark, ga likevel eit betydeleg beitetrykk i ut-mark, svarande til nær halvparten av dagens ledige kapasitet. Tala for beitebruk funne gjennom denne studien er grove, i likskap med som tala for ubrukte beiteressursar. Som eit grovt anslag, konkluderte studien likevel med at minst 14 % og inntil 32 % av den samla, ledige beitekapasite-ten på inn- og utmarksbeite i Noreg kan bli tatt i bruk, ved eit skrifte frå primært innefôra oksepro-duksjon over til beitebasert kastratproduksjon, etter framfôringsmodell frå dagens norske kastrat-produsentar.en_US
dc.description.abstractIn light of the current climate and environmental crisis, increased hunger and potential for interna-tional disputes, there is a growing need to make food systems more sustainable. Utilizing vacant pasture resources in Norway for cattle production can be a valuable step in combating the chal-lenges met by food production in the future. According to NIBIO, in 2019, roughly 28% of culti-vated and 55% of uncultivated pasture resources were not in use. Steers are known as good gra-zers, but contributed only 0.5% of meat production from Norwegian cattle in 2020. This study has investigated the national potential for use of vacant pasture resources by steers, as a potential substitute for indoor feeding of bulls. The methodological approach was to first investigate typical features of production systems and pasture usage for current Norwegian steer production. For this part, surveys from a selection of 56 steer farmers across the country were collected and ana-lyzed. The farmers were considered representative for the nation. Findings from pasture usage were used to construct four scenarios for large scale meat production from steers. The production volume was in all scenarios kept below the total current national sales volume of male cattle meat. Pasture usage in all scenarios was compared with national and county numbers for unused pastu-re resources. Results show that the steer population of the surveyed farmers grazed approximate-ly four and a half months each summer, and most steers spent two summers grazing. Fall calving, spring calving and scattered calving were equally distributed between surveyed famers. Spring-born steers with three grazing seasons had the largest pasture feed intake throughout life, while fall-born steers with two grazing seasons had the largest daily pasture feed intake. Fall-born ste-ers with one grazing season had the lowest pasture feed intake, both daily and totally, but few farmers with this production type were surveyed. Cultivated and uncultivated pasture was ap-proximately equally utilized by steers in the surveyed selection, and made up three fourths of pas-ture feed intake. The remainder came from arable land which was primarily fully utilized. For two scenarios, results show that steers may exert a grazing pressure on cultivated pastures that is higher than the currently vacant capacity. The remaining scenarios suggested a grazing pressure on cultivated land corresponding to about one fourth of vacant capacity. In comparison, the va-cant uncultivated pasture resource was found to be much larger than its suggested corresponding grazing pressure in some scenarios. The scenario with highest grazing pressure and optimization of uncultivated pasture still suggested a considerable grazing pressure on uncultivated pasture resources, corresponding to about half of the currently vacant capacity. Numbers for pasture usa-ge and vacant pasture resources found in this study are rough. Considering this, estimation of po-tential pasture usage is not accurate. As an approximation, the study concluded that minimum 14% and up until 32% of the total vacant pasture resources from cultivated and uncultivated pas-ture in Norway could be used, instigating a change from male cattle meat production and towards pasture fed steer meat production based on the model of current steer farmers.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectCattleen_US
dc.subjectStorfeen_US
dc.titleKastrerte oksar : ein joker til å nytte ubrukte norske inn- og utmarksbeiteressursar?en_US
dc.title.alternativeSteers : a joker in usage of vacant cultivated and uncultivated pasture resources in Norway?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeM-AEen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal