Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØyrehagen, Olav
dc.date.accessioned2015-07-02T10:10:11Z
dc.date.available2015-07-02T10:10:11Z
dc.date.copyright2015
dc.date.issued2015-07-02
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/286369
dc.description.abstractFøremålet med dette forsøket var å sjå på effekten av areal per dyr (0,75 m2/søye, 1,50 m2/søye og 2,25 m2/søye) og golvtype (talle og strekkmetall) på aktivitet og sosialåtferd hjå drektige søyer. Forsøket hadde eit 2x3 faktorielt design der 48 drektige søyer, delt inn i seks grupper, vart rullerte i eit latinsk kvadrat. Liggeåtferd vart augenblikksregistrerte kvart 15. minutt, nest siste døgn i kvar forsøksrunde som varte éi veke. Sosiale åtferder vart registrerte i ein firetimarsperiode mellom fôring, i det same døgnet kvar forsøksrunde. Forsøket varte i seks veker, med totalt seks tilvenningsdagar i tillegg. Søyene si liggetid gikk signifikant ned frå det minste arealet per søye (61,1 ± 0,9 % av døgnet), til det nest høgaste arealet per søye (66,4 ± 0,9 % av døgnet), og det høgaste arealet per søye (68,2 ± 1,0 % av døgnet). Synkroniteten i liggeåtferda til søyene gikk òg ned når dei gikk i den minste bingen. I tillegg til dette, nytta søyene i den minste bingen meir tid på å stå og på å eta. Når søyene gikk på det minste arealet såg ein fleire tilfelle av at dei sat, med framføtene utstrekte, i bingen. Dette var ei åtferd ein ikkje såg noko til i dei andre areala. Når søyene gikk i bingen med 1,50 m2/søye såg ein ikkje noko skilnad frå den største bingen for desse åtferdene. Søyene låg meir inntil sideveggane i dei største areala, og det var for det minste arealet at søyene låg mest inntil bakveggen. I dei største areala utgjorde sideveggane ein relativt større del av perimeterlengda, og dette kan forklara skilnaden. Søyene låg meir midt i bingen når dei gikk på talle (26,5 ± 2,8 % av liggetid) enn når dei gikk på strekkmetall (7,3 ± 1,4 % av liggetid). I tillegg låg søyene mindre inntil etefronten og dei låg meir parallelt med andre søyer der dei gikk på talle. Søyene hadde færre observasjonar av at dei låg meir enn 15 cm frå andre søyer der dei hadde 0,75 m2/søye. I tillegg låg søyene i det minste arealet meir med bakparten inntil anna søye sin bakpart, frampart inntil anna søye sin bakpart og med hovudet inntil andre søyer sitt hovud. For behandlinga med 1,50 m2/søye, var det kun forskjell med den største bingen for søyer som låg meir enn 1 meter frå andre søyer. I den mellomste bingen låg søyene like mykje med 15 cm avstand som i den største bingen. Det var ikkje nokon skilnad mellom dei to største areala for åtferder der søyene låg inntil kvarandre. Det var få observasjonar av desse åtferdene for begge dei største bingane. Der søyene hadde 0,75 m2/søye, gikk frekvensen av sosiale interaksjonar opp. Det var fleire fortrengingsåtferder der søyene hadde 0,75 m2/søye (20,8 ± 1,4) enn for 1,50 m2/søye (10,2 ± 0,6) eller 2,25 m2/søye (7,2 ± 0,8). I tillegg var det fleire totale aggressive åtferder der søyene hadde 0,75 m2/søye (6,5 ± 0,8) enn for 1,50 m2/søye (3,6 ± 0,5) og for 2,25 m2/søye (3,2 ± 0,7). Frå 1,50 m2/søye, og til 2,25 m2/søye var det ingen skilnadar i fortrengingar eller aggressive åtferder. Forsøket synte at søyene viste store åtferdsendringar når arealet var 0,75 m2/søye framfor 1,50 m2/søye eller 2,25 m2/søye, og liggetida gikk ned, synkron liggeåtferd gikk ned, og søyene låg mykje nærare kvarandre i det minste arealet. I tillegg til dette var talet på fortrengingar og aggressive åtferder høgare for det minste arealet. Når søyene hadde 1,50 m2/søye virka det som om åtferda normaliserte seg ettersom det var veldig få skilnadar i åtferd med det største arealet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectÅtferdnb_NO
dc.subjectSauernb_NO
dc.subjectGolvtypernb_NO
dc.titleEffekt av areal og golvtype på aktivitet og sosial åtferd hjå drektige søyernb_NO
dc.title.alternativeThe effect of space allowance and floor type on activity and social behaviour in pregnant ewesnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fishery disciplines: 900::Agriculture disciplines: 910::Agricultural technology: 916nb_NO
dc.source.pagenumber47nb_NO
dc.description.localcodeM-HVnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel