Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorPrestløkken, Egil
dc.contributor.advisorSchei, Ingunn
dc.contributor.authorNjærheim, Målfrid Grødem
dc.date.accessioned2021-08-27T11:54:21Z
dc.date.available2021-08-27T11:54:21Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2771579
dc.description.abstractEin konsekvens av auka etterspurnad etter feittrike meieriprodukt er at TINE ønsker å auka feittproduksjonen ved å stimulera produsentane til å produsera mjølk med høgare feittprosent. Det er gjort gjennom auka tillegg- eller trekk i prisen frå 0,08 kr til 0,09 kr per 0,1 %-eining over eller under basisverdien på 4,0 % feitt. Feitt i mjølk kjem frå absorberte eller mobiliserte feittsyrer tilført med blodet eller frå de novo syntesen i juret. Fôring og driftsforhold påverkar tilgjengelegheita av desse komponentane. Målet i oppgåva var difor å nytta leverandør- og kukontrolldata for å studera faktorar ved fôringa og driftsforholda hjå produsentar med ulik feittprosent i mjølk for å kartlegga om det var nokre fellestrekk hjå produsentane med høgast feittprosent i mjølk, for igjen å vurdera potensialet for å auka feittprosenten i mjølk. Datasettet som vart nytta var levert av TINE og bestod av produsentar med reine NRF-besetningar som hadde sju registreringar i kukontrollen i innefôringssesongen og gjennomsnittleg laktasjonsstadium mellom 100 til 200 dagar på kvar kontrolldag. Basert på gjennomsnittleg feittprosent i leverandørmjølk gjennom innefôringssesongen blei produsentane delt inn i tre feittklasser (låg, middels, høg). Desse feittklassane blei nytta for å studera innverknad av grovfôr- og kraftfôrinntak, mjølkeproduksjon, besetningskarakteristikk og kjemisk samansetjing i mjølk- og i grovfôr på feittprosent i mjølk. I tillegg blei det sendt ut ei spørjeundersøking til produsentane i høg feittklasse for å få utfyllande informasjon om fôring og målsetjing i mjølkeproduksjonen. Resultata viste at produsentane med høgast feittprosent i mjølk hadde høgast grovfôrinntak. Auka grovfôrinntak på 1 MJ auka feittprosenten i mjølk med 0,010 %-eining. Produsentane i middels og høg feittklasse hadde grovfôr med signifikant høgare energiverdi (NEL20) og signifikant lågare innhald av iNDF (uløyseleg fiber) og syrer enn låg feittklasse, og dette blei observert å vera fordelaktig for høg feittprosent i mjølk. Vanlegvis går feittprosenten i mjølk ned ved auka kraftfôrinntak. I denne undersøkinga auka feittprosent i mjølk med 0,006 %-eining ved ei auke på 1 MJ frå kraftfôr. Det blei ikkje observert noko forskjell i kraftfôrinntaket per ku mellom feittklassane, men høgare avdrått i kg EKM (energikorrigert mjølk) gav produsentane i middels og høg feittklasse lågare kraftfôrforbruk per kg EKM. Den høgare mjølkeavdråtten skuldast truleg at dyra i middels og høg feittklasse hadde høgare energiinntak, hovudsakleg gjennom auka grovfôrinntak. Ved god energitilgang tyder resultata difor på at det er mogleg å produsera mykje mjølk med høg feittprosent. Denne undersøkinga viste stor variasjon i feittprosent i mjølk på innefôring. Dette er eit viktig kriterium for å kunne påverka feittprosenten i mjølk. Til trass for at det ikkje blei avdekka forskjellar i fôring eller mjølkeproduksjon mellom produsentane i middels og høg feittklasse, tyder resultata på at det er potensial for å auka feittprosenten i mjølk gjennom å produsera grovfôr som stimulerer til høgt grovfôrinntak. Høg energiverdi og lågt innhald av syrer og iNDF i grovfôret er vurderte som viktige faktorar for dette. Kraftfôret bidreg også positivt, og eit bevisst val av kraftfôrtype kan vera av betydning for å auka feittprosenten i mjølk. Oppgåva har vist at det gjennom ei balansert fôring med godt grovfôr som stimulerer til høgt fôropptak, gjerne kombinert med bruk av kraftfôr som fremmar feittprosent i mjølk, bør vera mogleg å auka den gjennomsnittlege feittprosenten i mjølk.en_US
dc.description.abstractA consequence of increased demand for high-fat dairy products is that TINE wants to increase fat production by stimulating production of milk with high fat content. This has been done by increasing or decreasing milk fat payment from NOK 0.08 to NOK 0.09 per 0.1 %- unit above or below the basic value of 4.0 % fat. Fat in milk originates from absorbed or mobilized fatty acids supplied through the blood or from the de novo synthesis in the mammary gland. Feeding and management affect the availability of these components. Thus, the aim of this thesis was to use data from the cow recording system to study feeding and management factors related to high fat content in milk, and to explore the potential to increase fat content in milk.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.titlePotensialet for å auka feittprosenten i mjølk hjå NRF gjennom fôringen_US
dc.title.alternativeThe potensial to increase fat content in milk in Norwegian Red Cattle through feedingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910en_US
dc.description.localcodeM-HVen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal