Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSky, Per Kåre
dc.contributor.advisorFjell, Solfrid Mykland
dc.contributor.authorFosse, Åshild Fagerbakke
dc.date.accessioned2020-09-30T09:28:48Z
dc.date.available2020-09-30T09:28:48Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2680459
dc.description.abstractTema for oppgåva er rettsmekling i skjønn. For å tilnærma meg oppgåva sitt tema og problemstilling har eg kombinert kvalitativ og kvantitativ metode. Hovudproblemstillinga er: Kva kjenneteiknar rettsmekling i skjønn? Hovudproblemstillinga er delt opp i to underproblemstillingar: 1) Kva er forskjellen på rettsmekling i rettsfastsetjande saker og i skjønn? 2) Korleis fordelast sakskostnader i rettsmekling i skjønnssaker? Eg har undersøkt rettsmekling i skjønn ved å intervjue rettsmeklarar som har gjennomført rettsmekling i skjønn. Deretter laga eg ei matrise med informasjon frå rettsforlika. Informasjonen i matrisa har eg framstilt i diagram. 1) Kva er forskjellen på rettsmekling i rettsfastsejtande saker og i skjønn? Rettsmeklarane nyttar same prosessen ved rettsmekling i rettsfastsetjande saker og skjønnssaker. Ved rettsmekling i skjønn skal ein ikkje gjennomføra merking og måling, og rettsforliket må tinglysast av partane og ikkje av jordskifteretten. Ved rettsendrande kan ein merke, måle og tinglyse. Gebyra for å gjennomføra rettsmeklinga er ulike. Ved skjønn må ein betale to rettsgebyr. Ved rettsfastsetjande må ein betale fem rettsgebyr i inngangsgebyr, i tillegg til to rettsgebyr i partsgebyr. Om det er rettsmekling i rettsfastsetjande saker kan retten justere gebyret. I skjønn skal saka avsluttast med å heva orskurd. Rettsfastsetjande skal det avsluttast med heva orskurd om det ikkje inkluderer merking og måling, då skal det avsluttast med jordskifteavgjersle. 2) Korleis fordelast sakskostnader i rettsmekling i skjønnssaker? Partane avtaler i dei fleste tilfelle sjølv korleis dei vel å fordele kostnadane. Avtaler dei ikkje noko skal det delast likt mellom partane. I rettsforlika eg har sett på har partane i dei fleste tilfelle delt gebyra likt på alle som er med i rettsmeklinga. Ved fordeling av andre kostnadar, som juridisk bistand, er det vanlege at ein dekker kostnadane sjølv. Dersom saka hadde gått til ordinærbehandling, hadde rekvirent som hovudregel måtta betale nødvendige utgifter for den saksøkte.en_US
dc.description.abstractThe theme for the present MA thesis is judicial mediation when it comes to appraisement cases. Approaching the theme and the thesis, a combination of qualitative and quantitative methods has been used. The overarching research question: What defines judicial mediation in appraisement cases? The research question is further broken down into two sub-research questions: 1) What are the differences between appraisement cases and declaration cases regarding judicial mediation? 2) How are legal costs distributed in judicial mediation regarding appraisement cases?en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.titleKva kjenneteiknar rettsmekling i skjønnen_US
dc.title.alternativeWhat defines judicial mediation in appraisement casesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber80en_US
dc.description.localcodeM-EIEen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal