Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorTaubøll, Steinar
dc.contributor.authorHøyvik, Tobias
dc.contributor.authorTangeraas, Jon Ivar
dc.coverage.spatialNorwayen_US
dc.date.accessioned2020-09-02T07:54:39Z
dc.date.available2020-09-02T07:54:39Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2675935
dc.description.abstractHovudfokuset i denne masteroppgåva er verkemidla kommunen har til å bruke skog som vern mot skred. I tillegg vert det drøfta kva verkemiddel kommunen burde ha. Føremålet med masteroppgåva er å kaste lys over moglegheitene som eksisterer i høve vernskog som ein aktivt reiskap mot skredfare. Vidare er målet å peike på kva det er behov for i framtida. Eit auka fokus rundt moglegheitene kommunen har er forhåpentlegvis resultatet av oppgåva. Auka nedbørsmengder i kombinasjon med utbyggingspress i bratt lende fører med seg utfordringar for kommunen som planleggar. I tillegg skapar nyoppdaga skredfare utfordringar for eksisterande busetnad og infrastruktur. Auka skredfare fører til at det må stillast høgare krav til kommunen si samordningsrolle. Vernskog er i dag lite praktisert som skredførebyggande tiltak. Skogbruket har, på si side, ein unik posisjon i Noreg i høve ansvar og råderett over privat eigedom. Dette stiller høge krav til utforming av lovverket slik at lova ikkje verkar for klausulerande. I framstillinga av gjeldande rett står lovverket fram som noko fragmentert, med lite praksis. Kommunen har likevel i utgangspunktet mange verktøy for å nytte skog som vern mot skred. Gjennom mellom anna planlegging og bruk av omsynssoner kan kommunen regulere kva ein kan og ikkje kan gjere på eigedomen sin. Kommunen har på den andre sida ikkje noko klart verkemiddel for å pålegge skjøtsel av skogen. Det næraste me kjem er krav om meldeplikt i skogbruket. Ei gjennomgåande utfordring i skredtryggingsarbeidet er at tiltaka ofte er kostbare. Dermed har ikkje kommune og Norges Vassdrags- og Energidirektorat alltid økonomiske midlar til å sikre område tilstrekkeleg. Skog som vern mot skred kan i somme tilfelle vere eit godt alternativ, anten som eige tiltak eller i kombinasjon med andre tiltak. Særleg når det kjem til eksisterande busetnad kan skog vere med på å redusere skredfare i tilstrekkeleg grad. Det er sentralt for drøftinga i oppgåva at kommunen må ha nok opplysningar om eventuell skog med skreddempande effekt så tidleg som råd. Eit av forslaga som blir drøfta går i kortheit ut på at kommunar som har gjennomført farekartlegging i regi av NVE, må leggje skogsområda som har betydning for faresonane inn i komuneplanen. Vidare blir det føreslått bruk av ein form for fordeling av planskapt netto verdiauke for å få til ei finansiering av skogskjøtselstiltak i somme områder. I tillegg er også forslaget om høve til å pålegge skjøtsel gjennom PBL. § 12-7 nr. 9 interessant, då forvaltninga per no har få verkemiddel der ein kan krevje skjøtsel av skog som har ein vernfunksjon.en_US
dc.description.abstractThe main objective in this master thesis was to highlight the municipality´s responsibility for safety against natural hazard, through the use of forest as a security measure. Moreover, a discussion was presented based on which improvements in legislation the municipality needs.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.titleKommunen sitt ansvar for tryggleik mot skred, gjennom bruk av skogen som tryggingstiltaken_US
dc.title.alternativeThe municipality’s responsibility for safety against avalanches, through the use of forest as a security measureen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Urbanisme og fysisk planlegging: 230::Romlig, territoriell planlegging: 238en_US
dc.description.localcodeM-EIEen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal