Nyttevurdering av vasskraftutbygging for kommunar i Noreg : ei kartlegging av likskap og skilnadar mellom planleggingsdokumenta og vasskraftverket etter ferdig utbygging
Master thesis
View/ Open
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
- Master’s theses (MINA) [780]
Abstract
Gjennom vasskraftutbygging oppstår mange positive effektar og ringverknadar som ikkje ville funne stad samanlikna med nullalternativet, også omtalt som «nytteverknadar». I dag og i framtida vil det etablerast nye vasskraftverk, kraftverk vil reinvesterast i, rustast opp og utvidast, og ei rekkje eldre kraftverk vil opnast for vilkårsrevisjonar. Gjennomføring av tiltaka krev vurderingar av miljø- og samfunnsmessige fordelar og ulempe. Å leggje fram gode argument for samfunnsnytte av regulert kraft vil vere viktig for alle partar og aktørar knytta til tiltaka.
Målet med studiet er å kartlegge likskap og skilnadar på nytteverknadane ved vasskraftutbygging mellom dei to casane; «planleggingsfasen» og «etter ferdig utbygging». Kartlegging gjer det mogleg å sjå om vurderingsgrunnlaget av nytteverknadar i dokumenta er tilstrekkeleg, og om det er potensiale for betre synleggjering av samfunnsnytten.
Med bakgrunn i metodikken «Vurdering av verdi og omfang av nytteverknadar» vart det gjennomført ei nyttevurdering av dei to casane. Vurdering av planleggingsfasen baserer seg på dokumentanalyse av planleggingsdokumenta, medan «etter ferdig utbygging» er vurdert, hovudsakleg ut frå intervju og synfaring. Dette vart gjort for tre mindre vasskraftverk av meir eller mindre lik utforming.
Resultata etter samstilling av vurderingar av 10 nytteverknadar for tre vasskraftverk, vart som fylgjer;
o Ulike nytteverknadar og manglar ved vurderingsgrunnlag i planleggingsdokumenta. I fylgjande kategori er sju nytteverknadar av varierande storleik.
o Ulike nytteverknadar og tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag i planleggingsdokumenta. I fylgjande kategori er to nytteverknadar av varierande storleik.
o Like nytteverknadar og manglar ved vurderingsgrunnlag i planleggingsdokumenta. I fylgjande kategori er fem nytteverknadar, alle av mindre storleik og med ei vurdering nær ubetydeleg.
o Like nytteverknadar og tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag i planleggingsdokumenta. I fylgjande kategori er resterande 16 nytteverknadar, der fleire av mindre storleik, men ei overvekt av større nytteverknadar.
Ein kan ikkje forvente grundigare utgreiingar i planleggingsdokumenta enn det er krav om, men ut frå resultata, med bakgrunn i «metode for vurdering av verdi og omfang av nytteverknadar», finst det eit potensiale for utbetring av planleggingsdokumenta for å få eit betre argumenteringsgrunnlag av samfunnsnytten. Through hydropower development, many social effects occur that would not have taken place in a scenario with no hydropower development. These effects will be categorized as “positive effects”. Today and in the future, new hydropower plants will be established, power plants will be reinvested in, upgraded and expanded, and several older power plants will come up for revisions. Implementation of the hydropower plant requires assessments of environmental and social benefits and disadvantages. Providing good arguments for social benefits of regulated power is important for all parties involved in the measures.
The aim of the study is to survey the similarities and differences in the “positive effects” of hydropower development between the two cases; "planning phase" and "after completed development". The survey makes it possible to see whether the assessment basis of “positive effects” in the planning documents is enough, and whether there are potential for better visibility of these effects.