Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorRandby, Åshild T.
dc.contributor.authorRøysland, Ole Arnfinn
dc.date.accessioned2017-09-07T13:24:46Z
dc.date.available2017-09-07T13:24:46Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2453604
dc.description.abstractI perioden 1996-2011 viste gjennomsnittleg lammetal for alle sauer i sauenkontrollen ein auke på 13%. Etter dette har auken flata ut. Norsk kvit sau (NKS) er den einaste rasen med genetisk auke for lammetal i perioden 1996-2011, og i 2016 var gjennomsnittleg lammetal 2,38 lam pr. vaksen søye. Auka kullstorleik gir auka sansyn for tidleg lammedød. I Noreg er dei viktigaste årsakene til tidleg lammedød energimangel og infeksjon forårsaka av miljøbakteriar. Nok råmjølk av god kvalitet er førebyggande for begge desse dødsårsakene. Denne oppgåva består av eit litteraturstudie av forhold som påverkar spedlamsdødelegheit, råmjølksmengde og –kvalitet samt resultat frå forsøket «Effekt av fôrstyrke i seindrektighet på lammets livskraft og levedyktighet» utført i 2016. I forsøket vart mellom anna effektar av maternalt fôrnivå i seindrektigheita på råmjølkskvalitet og lammetilvekst analysert. Råmjølkskvalitet er oftast definert som konsentrasjon av immunglobulin G (IgG). Litteraturen viser at det er ei rekke forhold som påverkar råmjølka: næringstilgang, genetiske skilnadar innan og mellom rase, søya sin alder, søya sin helsetilstand, søya sin hormonelle status og tal foster. Desse effektane vil til dels vere overlappande. Eit større tal foster vil mellom anna føre til at det vert skilt ut ei større mengde placentale hormon som påverkar den maternale metabolismen og bidreg til betre jurutvikling samt auka overføring av IgG frå blodstraumen til råmjølka. Underfôring av søyer i seindrektigheita resulterer i redusert råmjølksproduksjon. Difor viser ei rekke forsøk god effekt av tilleggsfôring av søyer i seindrektighet ved ekstensive produksjonssystem. Det er vist at auka energitilgang er meir effektivt enn auka proteintilgang. Ei rekke forsøk som ikkje balanserer energi og protein mot kvarandre ved auka fôrnivå finn at IgG-konsentrasjonen i råmjølka vert uttynna ved aukande råmjølksmenge. Dette vert ikkje like hyppig rapportert i forsøk der energi og protein vert balansert mot kvarandre i fôrrasjonen. Det vart òg analysert data frå fôringsforsøk. Målet med forsøket var å undersøke om søya sitt fôrnivå i seindrektigheita påverkar råmjølkskvaliteten og lamma sin tilvekst hjå NKS. Dette var ein del av forsøket «Effekt av fôrstyrke i seindrektighet på lammets livskraft og levedyktighet» og vart utført med 27 søyer av rasen NKS fordelt på tre ulike fôrgrupper: 25% under norm (LÅG), normfôring (NORM) og 25% over norm (HØG). Råmjølkskvalitet vart målt ved hjelp av eit BRIX-refraktometer. BRIX-verdi viser god korrelasjon med råmjølka sitt tørrstoffinnhald og konsentrasjon av IgG. Gruppe HØG viste numerisk høgare BRIX-verdi i søya sitt serum gjennom heile seindrektigheita (drektighetsdag (dd)114-dd142). For dd128 og dd135 var denne skilnaden signifikant. Men det vart ikkje påvist skilnad mellom gruppene i råmjølkskvalitet målt som BRIX-verdi eller lamma sin immunstatus målt som BRIX-verdi i serum ved to-tre dagars alder. Lamma sin tilvekst fyrste veke og fyrste månad (fram til beiteslepp ved 24-31 dagars alder) som mål på søya si mjølkemengde viste berre numerisk auke ved aukande fôrnivå. Tilveksten i desse periodane viste derimot signifikant samanheng med lamma sin BRIX-verdi i serum ved to-tre dagars alder. Forsøket viste at søyer som opprettheldt holdet gjennom seindrektigheita hadde ei større evne til å mobilisera energi frå hold etter lamming målt mot søyer som viste holdreduksjon gjennom drektigheita. Søya sin holdmobilisering etter lamming såg ut til å vere den viktigaste enkeltfaktoren for kullet si samla tilvekst den fyrste veka, samt kullet si samla haustvekt. Dermed vart det vist god samanheng mellom det maternale fôrnivået i seindrektigheita og kullet si samla vekt ved haustveging.nb_NO
dc.description.abstractFrom 1996 to 2011, the average litter size increased 13% for all sheep in the Norwegian Sheep RecordingSystem (NSRS). There has not been any increase after 2011. Norwegian White (NKS) is the only breed that showed genetic improvement for litter size in the period 1996-2011. NKS showed an average litter size of 2,38 lamb per adult ewe in 2016. Increased litter size is associated with increased neonatal death. Lack of energy and infections from environmental bacteria is the most usual reasons for neonatal death in Norway. Sufficient colostrum of good quality is preventive measures for both this reasons. This thesis consists of two parts: one literature study on the factors affecting neonatal lamb death, colostrum quality and colostrum yield. The second part is an analysis of data from the study «Effect of ewe’s late gestational energy intake on lamb vitality and viability» which was carried out in 2016. In the study, the effects of maternal feed level during late pregnancy on colostrum quality and lamb growth was analysed. Colostrum quality is usually defined as its IgG concentration.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsnb_NO
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectSaunb_NO
dc.subjectRåmjølknb_NO
dc.titleEffekt av fôrstyrke og andre faktorer i saueholdet på råmjølksmengde og kvalitet, samt lammetilvekstnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Husdyravl, oppdrett, forplantning: 912nb_NO
dc.source.pagenumber97nb_NO
dc.description.localcodeM-HVnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal