Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEknæs, Margrete
dc.contributor.advisorGarmo, Torstein H.
dc.contributor.authorBreiland, Gunnhild Helene
dc.date.accessioned2017-09-07T08:43:56Z
dc.date.available2017-09-07T08:43:56Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2453502
dc.description.abstractFor å sikre høgt energiopptak og god mjølkeyting med høgt tørrstoffinnhald vert det i dag tilsett palmeoljebasert feitt i ein del kraftfôrblandingar til mjølkegeit. Palmeolje er rik på den metta feittsyra palmitinsyre (C16:0), som vert sett på som ei ugunstig feittsyre i humanernæringa. Palmeolja må også importerast og vert ofte sett i samanheng med utrydding av regnskog. Der er derfor naudsynt å finne eit betre alternativ til energitilskot i kraftfôr, både for å auke sjølvforsyningsgraden, men også for å betre den ernæringsmessige kvaliteten av mjølk og mjølkeprodukt. Formålet med denne oppgåva var å undersøkje om norskdyrka rapsfrø, rikt på langkjeda umetta feitt, kan vere eit alternativ til palmeoljebasert feittilskot, og korleis det påverkar feittinnhald og feittsyresamansetting i mjølk. Forsøket vart utført i 2016 med 48 mjølkegeiter ved geitefjøset på Senter for Husdyrforsøk, NMBU på Ås. Forsøksperioden varte frå kjeing i februar til avsining i oktober, med innefôring vår og haust, og fjellbeite på sommaren. Geitene vart gruppert i seks forsøksgrupper med 8 geiter i kvar. Kvar gruppe fekk kraftfôr tilsett 2 eller 8 % Akofeed (palmeoljebasert feitt), og 2, 4, 6 eller 8 % feitt frå rapsfrø. I innefôringsperiodane fekk geitene surfôr etter appetitt, og surfôropptaket vart registrert kvar veke. Det vart tatt prøver av mjølk og blod av alle geitene på laktasjonsdag 30, 55, 85, 115, 185 og 225. Det vart også registrert mjølkemengd annakvar veke gjennom dei to innefôringsperiodane, og kvar fjerde veke på fjellbeite. Det var ingen signifikant forskjell mellom Akofeed og raps på mjølkeyting, feittprosent eller mjølkefeittproduksjon, men ein tendens til auka feittprosent i mjølka med auka mengd feitt i kraftfôret. 8 % feitt i fôret førte til redusert fôropptak og ein tendens til lågare mjølkeproduksjon for desse gruppene. Det var ingen effekt av forsøksgruppe på innhaldet av de novo-feittsyrer i mjølka. Forsøksgruppa som fekk 8 % Akofeed hadde signifikant høgast innhald av C16:0 i mjølka, samanlikna med dei andre forsøksgruppene. Innhaldet av C18:0, C18:1- og C18:2-feittsyrer var signifikant høgare for forsøksgruppene som fekk raps, og auka mengde feitt frå raps gav auka mengd umetta feitt i mjølka. Innhaldet av C18:2 var likevel høgast på beite for alle forsøksgruppene. I beiteperioden var innhaldet av feittsyrer frå mobilisert kroppsfeitt (C18:0 og C18:1) høgt, uavhengig av forsøksgruppe. I den siste innefôringsperioden var det observert ei betydeleg haldoppbygging med ei vektauke på 4,0 kg i snitt. Feittproduksjon var lågare i denne perioden samanlikna med tidlegare i laktasjonen, og var ikkje påverka av forsøksgruppe. Tilskot av 8 % Akofeed eller 8 % feitt frå rapsfrø hadde ingen effekt på energistatusen til geita.nb_NO
dc.description.abstractDietary lipid supplementation is a practical tool to increase energy intake in ruminants, and has a positive influence on milk yield and milk composition. Palm oil derived fatty acids are commonly used as energy supplementation for dairy goats. However, palm oil is rich in palmitic acid (C16:0), and considered as an unfavorable fatty acid in human nutrition. Use of palm oil in food and feed is also criticized from an environmental sustainability point of view. It is therefore necessary to find a good substitute to palm oil as an energy supplement in concentrate, both in order to improve the use of national feed resources, but also to improve nutritional quality. The aim of this thesis was to evaluate if rapeseed, rich in long chain unsaturated fatty acids, can be a substitute to palm oil in concentrate to dairy goat, regarding fat content and fatty acid composition. The effect of lipid-supplemented concentrates on milk production, fat yield and fatty acid composition was examined. The experiment was conducted from February to October 2016, with two indoor feeding periods in the spring and autumn, and a mountain grazing period in the summer. 48 Norwegian dairy goats assigned in six experimental groups were fed six different concentrates throughout the lactation period. The diets were: concentrate added 2 or 8% Akofeed (palm oil derived fatty acids), and concentrate added 2, 4, 6 or 8% fat from rapeseeds. The goats were fed grass silage according to appetite during the indoor feeding periods, and silage intake was registered each week. Individual milk and blood samples were conducted at 30, 55, 85, 115, 185 and 225 days in milk (DIM). Milk yield and fat content of the milk was in addition registered every 2nd week during the indoor feeding periods, and every 4th eek during the mountain grazing period. There was no difference between the two sources of lipid supplement on milk yield, fat percentage or milk fat yield. Increased amount of lipid supplement increased fat percentage in milk, but not significant. Supplement of 8 % lipid resulted in reduced feed intake and lower milk yield. There was no effect of lipid supplement on fatty acids synthesized de novo. Goats receiving 8 % Akofeed had a higher content of C16-fatty acids in milk, compared with the other groups. The content of C18:0, C18:1- and C18:2-fatty acids were higher for the goats receiving rapeseed as lipid supplement. Increased amounts of lipid supplement from rapeseed increased the total content of unsaturated fatty acids in milk. However, the content of C18:2 were highest during the mountain grazing period for all groups. The content of mobilized fatty acids from body lipid stores (C18:0 and C18:1) was elevated for all groups during the mountain grazing period. During the last indoor feeding period the goats gained on average 4.0 kg body weight (BW). Fat yield was lower at this stage compared to earlier in the lactation. Dietary lipid supplements had no effect on milk fat yield at this stage. The energy status of the goat was not affected by 8 % Akofeed or 8 % fat from rapeseeds.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsnb_NO
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectGeitemjølknb_NO
dc.subjectRapsnb_NO
dc.subjectPalmeoljenb_NO
dc.subjectFeittsyresamansettingnb_NO
dc.titleErstatning av palmeoljebasert feitt med feitt frå rapsfrø i kraftfôr til norsk mjølkegeit- effekt på feittinnhald og feittsyresamansetning i mjølknb_NO
dc.title.alternativeFeeding of palm oil derived fat or rapeseeds to Norwegian dairy goat- effects on fat content and fatty acid compositionnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Landbruks- og Fiskerifag: 900::Landbruksfag: 910::Fôring: 918nb_NO
dc.description.localcodeM-HVnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal