Ikkje-destruktive målemetodar på eple
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2398761Utgivelsesdato
2016-08-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master's theses (IPV) [240]
Sammendrag
Rett haustetidspunkt er essensielt for å oppnå best mogeleg kvalitet i eple. For tidleg eller for sein hausting kan føre til lågare sensorisk kvalitet og kortare haldbarheitstid på lager. I dette forsøket vart det undersøkt mogelegheita for å følgje modningsutvikling og fastsetje haustetidspunkt i tre norske eplesortar (Discovery, Summerred og raud Aroma) ved hjelp av ulike ikkje-destruktive målemetodar. Det vart i tillegg undersøkt mogelegheita for bruk av slike analysemetodar til sortering av eple i ulike modningsgrader etter hausting. Dei ikkje-destruktive målemetodane som vart testa var VIS/NIR-spektroskopi, DA-meter (handhaldt instrument basert på VIS-spektroskopi) og Multiplex-3 (handhaldt instrument basert på klorofyll fluorescens). Modningsgraden kunne følgjast relativt nøyaktig gjennom auke i innhald av oppløyst tørrstoff ved NIR-spektroskopi og gjennom nedgang av klorofyllinnhald med DA-meter og Multiplex-3. NIR-spektroskopi kunne ikkje nyttast til å følgja modningsutviklinga av modningsparameterane stive, farge og fastleik.
Før lagring vart epla vart sortert i to modningsgrader etter estimert sukker-, stive- eller klorofyllinnhald. Etter lagring i 4, 8 og 12 veker (ved 1 eller 4°C) vart epla analysert og undersøkt for eventuelle skilnadar i kvalitet mellom modningsgradene. For epla sortert på stiveinnhald (NIR-spektroskopi) var det ingen skilnadar mellom modningsgradene, truleg på grunn av mindre gode modellar brukt til sortering. Eple som vart sortert etter sukkerinnhald (NIR-spektroskopi) og klorofyllinnhald (DA-meter, VIS-spektroskopi) og funne til å vera minst modne, utvikla mindre ròte og fysiologisk skade etter lagring enn meir modne eple. Optimal harvest date is essential to obtain best possible quality in apples. Too early or too late harvesting may lead to lower sensoric quality and shorten the storage time. I the current study the possibility of monitoring ripening and estimating optimal harvest date with non-destructive methods in three Norwegian cultivars (Discovery, Summerred and red Aroma) was investigated. I addition, it was investigated if the same methods could be used for sorting apples in two ripening degrees before storage. The non-destructive instruments tested were VIS/NIR-spectroscopy, the DA-meter (a handheld instrument based on VIS-spectroscopy) and Multiplex-3 (a handheld instrument based on chlorophyll fluorescent). The ripening degree could be monitored quite accurate with NIR-spectroscopy through the increase in soluble solids content and with the DA-meter and Multiplex-3 through the degradation of chlorophyll. NIR calibration models obtained for other ripening parameters, such as starch, colour and firmness, were not accurate enough to monitor ripening.
Before storage the apples were sorted in two ripening categories based on sugar, starch or chlorophyll content. After storage in 4, 8 or 12 weeks (at 1 or 4°C) the apples were analysed for possible differences in quality between the two ripeness categories. Sorting based on starch content (NIR-spectroscopy), showed no observed differences in quality after storage. This was probably because of a less accurate model. Fruit sorted on estimated sugar (NIR-spectroscopy) and chlorophyll content (DA-meter) and classified as less mature, developed less rot and physiological disorders after storage than the fruit classified as more mature.