Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHøyvik, Karoline
dc.date.accessioned2014-09-24T10:50:07Z
dc.date.available2014-09-24T10:50:07Z
dc.date.copyright2014
dc.date.issued2014-09-24
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/221423
dc.description.abstractDet er påvist kvikksølv (Hg) i deponigass i Amerika og Kina, og tinn (Sn) i Tyskland, men det lite kunnskap om tap ved norske deponi. I denne studien blei ein enkel og rimeleg metode, bruk av mosenett, nytta for å spore kvikksølv over ei avfallsdeponi. Etasjehusmose, Hylocomium splendes, kjend for sine eigenskapar som biomonitor for spormetall, blei nytta i denne studien. Mosen blei samla inn frå Nordskogen i Ås kommune og tørka ved romtemperatur. Om lag eit gram av to årlige skot av mosen blei lagt i mosenett laga av ein 10 cm x 10 cm tre ramme med eit nylon hårnett pakka stramt rundt. Det blei plassert ut 65 stikker med mosenett i høgdene 45 cm og 80 cm på eit deponi, i om lag seks månadar frå oktober 2013 til mars 2014. Deponiet som blei undersøkt er lokalisert i Moss kommune. Det er om lag 204 000 m2 stort og har vore i drift sidan 1978. Det blei gjennomført eit tørkeforsøk med mose for å undersøkje eventuelt tap av kvikksølv ved tørketemperatur opp til 103°C. Det blei også gjennomført eit batchforsøk for å undersøkje etasjehusmose sitt opptak av ionisk kviksølv, Hg2+, i løysing med kunstig nedbør med konsentrasjonar av salt tilsvarande innland og kystnedbør. Kvikksølvopptak i mosen vart bestemt indirekte i filtrert nedbørsløysing ved bruk av induktiv kopla plasma masse spektrometri, ICP-MS (Agilent 8800 QQQ). Mose frå mosenett og tørkeforsøk vart analysert etter at mosen hadde blitt dekomponert med syre ved 250 °C ved bruk av mikrobølgjeteknikk (Milestone UltraClave). Mosen vart i tillegg analysert for tinn (Sn) utan at dekomponeringsmetoden vart tilpassa. Resultat for Sn er truleg underestimert i dette arbeidet. Det blei ikkje påvist tap av kvikksølv i tørkeforsøket. Batchforsøket vist opptak av Hg2+, men eigenskapen som ionebytter utelet ikkje opptak av andre species i mosen. Konsentrasjonane målt i mosen frå mosenett frå deponiet, viste høgare konsentrasjonar av kvikksølv og tinn, enn i mosenett plassert i området rundt. Når resultata blei samanlikna med resultat frå ei landsdekkande undersøking, var det høgare konsentrasjonar målt ved deponiet enn naturleg bakgrunnsnivå. Dette gir grunn til å tru at deponi er ei potensiell kjelde for utslepp av tinn og kvikksølv til atmosfæren også ved norsk avfallsdeponi. Bruk av mosenett er ein god metode for å lokalisere diffuse tap av Hg og Sn på deponiet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectKvikksølv, tinn, mosenett, avfallsdeponi, Hylocomium splendes,nb_NO
dc.titlePåvising av flyktig kvikksølv og tinn på eit norsk avfallsdeponi ved bruk av mosenettnb_NO
dc.title.alternativeDetection of gaseous mercury and tin at municipal solid waste (MSW) landfill in Norway by use of moss bagsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Mathematics and natural science: 400::Chemistry: 440::Environmental chemistry, natural environmental chemistry: 446nb_NO
dc.source.pagenumber92nb_NO
dc.description.localcodeM-KJEMInb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel