Mobilitet av uran og andre metall i bergartar i ny vegtrase på Gran, Hadeland
Master thesis
View/ Open
Date
2013-09-09Metadata
Show full item recordCollections
- Master's theses (IPM) [204]
Abstract
Svartskifer er ein bergart rik på sulfid og spormetall, og kan derfor utgjere ein potensiell miljørisiko
dersom den blir utsett for forvitring. I samanheng med utbygging av RV 4, skal det byggast ein tunnel
i sulfidhaldige bergartar på Gran, Hadeland, der store mengder svartskifer skal handterast etter
utsprenging. I denne oppgåva vart mengde og mobilitet av Ca, Fe, S, Al og spormetalla U, PB, Th, Cu,
Zn, Sn, Ni, As, Mo, Co, Mn, Cd undersøkt i boreprøvar frå ti ulike lokalitetar i den planlagde
tunneltraseen på Gran. Eit spesielt fokus vart lagt på mengde og mobilitet av U, som er ei kjelde til
radioaktiv stråling i tillegg til å vere ein toksisk komponent. Bergartane undersøkt varierte frå ureine
kalksteinar til svarte skifrar.
Sekvensiell ekstraksjon vart brukt for å estimere den potensielle mobiliteten til grunnstoffa. Det
kjemiske innhaldet i prøvane vart analysert ved indusert kopla plasma massespektrometri (ICP-MS). I
tillegg vart mineralogien studert ved røntgendiffraksjon (XRD).
Innhaldet av spormetall var høgst i dei svarte skifrane, der metall som Zn, Cd, U, Mo, As og Pb var
forhøgde. Det største innhaldet av S vart også funne i desse skifrane, der den eine prøven hadde eit
markert stort syreproduserande potensial i forhold til dei andre. Innhaldet av Ni og Cu var svakt
forhøgde, medan Th, Co, Sn hadde låge verdiar i alle prøvane.
Mobiliteten av spormetalla var stor for Cd og Zn. Desse er i stor grad bunde i sulfid/organisk
materiale. Fleire av metalla vart løyst ut ved oksidasjonsmiddelet hydrogenperoksid, og indikerer ein
assosiasjon til sulfid. Dette gjaldt Co, Ni, Cu, Cd og Zn (til dels også Pb). Ved oksidering av sulfida i
materialet vil slike metall bli frigjort frå steinen. Nokre spormetall vart også løyst ut i lett utbyttbare
fraksjonar (Mo og Cd) og ved ein reduksjon i pH (Pb, Cd, U, Th og Zn). Arsen og thorium viste ein låg
mobilitet i skiferen.
Uran kan bli frigjort frå steinen både ved ionebyttereaksjonar eller ved senking av pH. Det er mogleg
at eit reduserande miljø vill kunne føre til auka utlekking av uran frå skifra. Sekvensiell ekstraksjon
løyste ut til saman 5-7 mg/kg U i dei pH og redoksavhengige stega. Dette kan vere ein indikasjon på
mengda som potensielt kan lekke ut i miljøet i eit lengre perspektiv ved naturleg forvitring.