Utprøving av 35 prydgrasslag og etableringsforsøk i ulike skogsmiljø med 4 prydgrasslag
Abstract
For å auke kunnskapen om prydgras i Noreg vart det gjort ei utprøving av 35 ulike prydgrasslag med omsyn til herdighet og eigenskapar knytt til prydverdi og bruk ved Universitet for miljø- og biovitskap (UMB) i Ås. Formålet med denne oppgåva var å vidareføre utprøvinga til ein tredje vekstsesong. Risiko for uønskt spreiing til omgjevnadane var også testa ved å undersøke om fire av prydgrasslaga som produserte spiredyktige frø i utprøvinga, klarte å etablere seg i fire ulike skogsmiljø; i skog og i bryn, i botnvegetasjon og i open jord. Dei fire prydgrasslaga var Carex muskingumensis, Luzula nivea, Miscanthus sinensis ‘Kleine Fontäne’ og Sesleria autumnalis. I utprøvinga hadde elleve prydgras eit heilskapsinntrykk som var godt eller betre. Grasa med gode karakterar var Molinia caerulea ‘Overdam’, M. c. ‘Variegata’ og M. c. ‘Edith Dudszus’, Miscanthus sinensis *, M. s. ‘Silberfeder’ og M. s. ‘Malepartus’, Molinia arundinaceae ‘Cordoba’, M. a. ‘Karl Foerster og M. a. ‘Transparent’, Carex muskingumensis og Calamagrostis brachytricha. Fjorten prydgrasslag hadde eit middels godt heilskapsinntrykk. Ti prydgrasslag hadde under akseptabelt heilskapsinntrykk. Desse var Stipa gigantea, Hakonechloa macra, H. m. ’Aureola’ og H. m. ‘Albostriata’, Miscanthus x giganteus, Miscanthus sinensis ‘Undine’, Panicum virgatum ‘Squaw’ og P. v. ‘Heavy Metal’, Molinia arundinaceae ‘Windspiel’ og Sesleria nitida. Sjukdom, manglande bløming, dårleg vekst og utgang var årsak til redusert heilskapsinntrykk. I etableringsforsøket etablerte alle dei fire grasslaga seg godt i alle miljø. Det var lite utgang. Generelt vaks grasa best i bryn, som var betydeleg lysare enn skog. Dette tyder på at ljos var den viktigaste faktoren for god etablering. Unnataka var M. sinensis ‘Kleine Fontäne’ og S. autumnalis som ikkje hadde så ulik vekst og tilvekst i skog og i bryn. Tilveksten i antal skot var derimot ikkje så ulik i bryn og i skog. L. nivea og M. sinensis ‘Kleine Fontäne’ hadde likevel størst tilvekst i antal skot i bryn. Grasslaga vaks også best i ruter med open jord, der konkurransen var mindre. Skilnadane var likevel ikkje så store hjå S. autumnalis og L. nivea. For høgdetilvekst var det berre C. muskingumensis som hadde størst tilvekst i ruter med open jord. S. autumnalis var det einaste grasslaget som bløma. Bløminga var best i bryn. Ein vekstsesong er for lite til å seie noko sikkert om artane sitt spreiingspotensiale. Feltet bør vidareførast for å sjå meir på spreiingspotensialet frå både frø og utløparar. To increase knowledge about ornamental grasses in Norway, a trial of 35 different ornamental grasses was conducted with regards to frost hardiness and characteristics associated with ornamental value and use at the Norwegian University of Life Sciences (UMB) at Ås. The objective of this thesis was therefore to continue the trial to a third growing season. Risk of invasion was also tested by examining if four ornamental grasses, that produced viable seeds in the trial, managed to establish themselves in four different treatments; in partial shade and shade, in existing undergrowth and in open ground. The four ornamental grasses were Carex muskingumensis, Luzula nivea, Miscanthus sinensis 'Kleine Fontäne' and Sesleria autumnalis. In the trial eleven ornamental grasses had a good total impression or better. The grasses with good grades were Molinia caerulea ‘Overdam’, M. c. ‘Variegata’ and M. c. ‘Edith Dudszus’, Miscanthus sinensis *, M. c. ‘Silberfeder’ and M. c. ‘Malepartus’, Molinia arundinaceae ‘Cordoba’, M. a. ‘Karl Foerster and M. c. ‘Transparent’, Carex muskingumensis and Calamagrostis brachytricha. Fourteen ornamental grasses had a medium well appearance. Ten ornamental grasses had a low total impression. These were Stipa gigantea, Hakonechloa macra, H. m. ’Aureola’ and H. m. ‘Albostriata’, Miscanthus x giganteus, Miscanthus sinensis ‘Undine’, Panicum virgatum ‘Squaw’ and P. v. ‘Heavy Metal’, Molinia arundinaceae ‘Windspiel’ and Sesleria nitida. Disease, lack of blooming, poor growth and death decreased the total impression. In the field trial, the four grasses established themselves well in all treatments. Generally, the grasses grew best in partial shade where the level of light was significantly higher than in shade. This suggests that light was the most important factor for the species to establish well. The exceptions were M. sinensis ‘Kleine Fontäne’ and S. autumnalis who grew about as well in shade as in partial shade. However, the increase in number of shoots was not so dependent on light. But L. nivea and M. sinensis ‘Kleine Fontäne’ had the greatest increase in shoots in partial shade. The grasses also grew best in squares with open ground, where the competition was smaller. However, the difference was not as large in S. autumnalis and L. nivea. C. muskingumensis was the only grass that had the greatest increase in height in open ground. S. autumnalis was the only grass that bloomed. It bloomed best in partial shade. One growing season is too little to say something certain about these species invasive potential. The experiment should be recorded in the following years to examine the species invasive potential further.