Bruksordning etter jordskiftelova §2 bokstav c nr.1 i samband med bruk og oppbevaring av båtar i sjø
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/188399Utgivelsesdato
2013-02-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master's theses (ILP) [763]
Sammendrag
Denne oppgåva handlar om korleis jordskifteretten handsamar bruksordningssaker etter
Jordskiftelova §2 bokstav c nr1 i sjø der det er sambruk av båt og båtbruk i strandsona.
Eg undersøker tre jordskiftesaker. Ei i frå Akershus og Oslo jordskifterett, ei i frå Vestfold
jordskifterett og ei i frå Nord- og Midhordland jordskifterett. Felles for dei er at dei
omhandlar bruksordning i sjø og problem knytt til rettsutgreiing ved rettar i og rundt sjø.
Innleiingsvis greier eg ut litt om kvifor eg har valt dette temaet og metode og bakgrunnsstoff
for oppgåva. Vidare presenterer eg teori rundt temaet før eg går inn på presentasjon av sakene
og resultatet av samtalane med partane.
Målet med oppgåva er å sjå på kva som har fungert og kva som ikkje har fungert med dei
ulike bruksordningane. Eg har intervjua partane i dei ulike sakene og vil med det som
grunnlag svare på korleis jordskifteretten handsamar denne typen saker. Under kvar sak
drøftar eg kva jordskifteretten kunne vore gjort annleis.
Undersøkinga mi viser at bruksordningssakene eg har undersøkt har fungert. Somme delar av
sakene kunne vore gjort på andre måtar, men den totale løysinga, for dei tre sakene var, god.
Aktuelle problem som er handsama i oppgåva er kva som var bakgrunnen for at saka vart
kravd, kva partane sitt syn på jordskifteretten er og kva særlige utfordringar det er som er
typisk for denne typen saker. Abstract
This master thesis investigates how the land consolidation court solve cases where they make
rules in sea where the area lies in joint use, with focus on keep and use of boats.
I have investigated three cases where the land consolidation court has been used to prescribe
rules in sea where the area lies in joint use, with focus on keep and use of boats. The land
consolidation court can do this according to The land consolidation act of 1979 § 2 letter c
number 1.
The cases are from different parts of Norway and from different land consolidation courts. I
have interviewed the owners and (…) of the area. I have also interviewed the land
consolidation judges who have carried out the decisions.
The main focus in the theses is what the participants thought about the use of the land
consolidation court, and the result of the trail. I also focus on what the land consolidation
court could have done differently.
The theses show how the land consolidation court solves this kind of cases.