Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHodne, Elisabeth
dc.date.accessioned2010-12-15T14:46:06Z
dc.date.available2010-12-15T14:46:06Z
dc.date.issued2010-12-15T14:46:06Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185982
dc.description.abstractFøremålet med forsøket var å sjå korleis fôring med konstant mengde CLA ulikt antal dagar før slakting verkar inn på produksjonsresultat, slakte- og kjøtkvalitet. Tilsetjing av CLA i slaktegrisfôr gjev eit dyrare fôr. Det var derfor interessant å undersøkja om effektane av å tilsetja CLA i fôret kunne forsvara den auka kostnaden på fôret. I forsøket vart det brukt 128 Noroc slaktegris, både kastratar og sugger. Ved forsøksstart hadde grisene ei gjennomsnittsvekt på 30,6 kg. Format Appetitt vart brukt som kontrollfôr. Dette er ei kommersiell kraftfôrblanding som er tilpassa appetittfôring av slaktegris. Ved å erstatta noko av det animalske feittet i Format Appetitt med 0,5 % Lutalin™ (28 % CLA) fekk ein det som heretter vil verta omtalt som CLA-fôr. Grisene vart fordelte på fire ulike forsøksledd: Ledd 1 fekk kontrollfôr heile perioden, ledd 2 fekk kontrollfôr først og deretter CLA-fôr dei siste 28 dagane før slakting, ledd 3 fekk kontrollfôr først og deretter CLA-fôr dei siste 56 dagane før slakting og ledd 4 fekk CLA-fôr heile perioden. Etter 90 dagar vart grisene slakta og då var gjennomsnittleg levandevekt på 105 kg. Det vart ikkje funne signifikante forskjellar på tilvekst, fôropptak, fôrforbruk, slaktevekt eller kjøtprosent. Likevel var det tendens til lågare fôrforbruk i CLA-ledda samanlikna med kontrolleddet (p=0,0746), og grisene i CLA-ledda hadde tendens til mindre spekktjuknad (feittmål 1) samanlikna med kontrollgruppa (p=0,0664). Dessutan var det tendens til lineær reduksjon i spekktjuknad med aukande antal dagar grisene vart fôra med CLA (p=0,0803). Innhaldet av intramuskulært feitt i kam var ikkje forskjellig mellom forsøksledda. Det var ein tendens til fastare nakkespekk hjå grisene i CLA-ledda samanlikna med dei i kontrolleddet (p=0,0878). Det var òg ein lineær tendens til at spekket vart fastare dess lenger grisene vart fôra med CLA (p=0,0873). Kammen frå grisene i CLA-ledda var lysare (høgare L*-verdi, p=0,0219 ) og mindre raud (lågare a*-verdi, p=0,0399) samanlikna med kammen frå kontrollgrisene. Dessutan auka L*-verdien på kammen lineært med kor lenge grisene hadde fått CLA-fôr (p=0,0345). Feittsyreprofilen av nakkespekk viste at innhaldet av metta feittsyrer var signifikant høgare hjå grisene i CLA-ledda samanlikna med grisene i kontrolleddet (p<0,0001). Innhaldet av metta feittsyrer auka lineært med kor lenge grisene hadde vorte fôra med CLA før slakting (p<0,0001). Mengd einumetta feittsyrer var signifikant lågare hjå grisene i CLA-ledda og innhaldet minka lineært med kor lenge grisene vart fôra med CLA (p<0,0001). Det var ikkje effekt av CLA i fôret på mengd fleirumetta feittsyrer i spekk. CLA i fôret ga auka mengde av feittsyrene myristinsyre (C14:0), stearinsyre (C18:0) og archinsyre (C20:0) i nakkespekk (p<0,010), men for C14:0 var forskjellen berre signifikant for ledd 3 og 4 (p<0,0080). Mengda av feittsyrene heptadecensyre (C17:1) og oljesyre (C18:1) vart redusert som følgje av CLA i fôret (p<0,0050), men for C17:1 var forskjellen berre signifikant for grisene i ledd 3 og 4 (p<0,0220). For grisene i ledd 4 var innhaldet av omega-3-feittsyrer signifikant høgare samanlikna med dei andre tre ledda (p<0,0065). CLA hadde altså marginale eller ingen effektar på produksjonsresultat og slaktekvalitet. Likevel hadde CLA signifikant effekt på nokre av variablane knytte til kjøtkvalitet. CLA i fôret påverka signifikant farge på kam og feittsyreprofilen av spekk. Dessutan verka lengda på perioden med CLA-fôr signifikant inn på innhaldet av fleire av feittsyrene i spekket. Det forenkla dekningsbidraget for CLA-ledda var ikkje signifikant forskjellig frå det til kontrolleddet. Abstract The aim of this study was to investigate the effects of adding CLA in feed different number of days, on production results, slaughter- and meat quality. Adding CLA in the feed leads to a more expensive feed, therefore it was interesting to see if the possible benefits of adding CLA in the feed could pay off the enhanced costs of the feed. 128 Noroc slaughter pigs were used in the experiment, both barrows and gilts. The pigs had an initial mean live weight of 30,6 kg. The control group was given a commercial concentrate feed, Format Appetitt, which is made for appetite feeding of slaughter pigs. The so called CLA-feed was made by replacing some of the animal fat in Format Appetitt with 0.5 % Lutalin™ (28 % CLA). The pigs were divided in four treatments: Treatment 1 got the control feed for the whole period, treatment 2 got control feed initially and then CLA-feed the last 28 days before slaughter, treatment 3 got control feed initially and then CLA-feed the last 56 days before slaughter, and treatment 4 got the CLA-feed for the whole period. After 90 days the pigs were slaughtered with a mean live weight of 105 kg. There were no significant differences on daily weight gain, feed intake, the ratio of feed:gain, weight at slaughter or lean percentage. However, the ratio feed:gain tended to be lower for the CLA-fed pigs (p=0,0746) and the lard thickness (measure 1) tended to be less in CLA-fed pigs compared to the control fed pigs (p=0,0664). There was also a linear tendency of reduced thickness of the lard (measure 1) with increasing number of days fed CLA-feed (p=0,0803). No differences were found between treatments on the content of intramuscular fat in loin. There was a tendency towards softer lard from neck (subjective measure) in the control group compared with the lard in CLA-fed pigs (p=0,0878). A linear tendency was also found towards firmer lard with increasing period fed with CLA-feed (p=0,0873). Loins from CLA-fed pigs had a lighter colour (higher L*-value, p=0,0219) and the loins were less red (lower a*-value, p=0,0399) compared to loins from pigs in the control group. In addition, the L*-value increased linearly with increasing period fed with CLA-feed (p=0,0345). The fatty acid profile of the lard showed significant higher percentage of saturated fatty acids in the CLA fed pigs compared with the control group (p<0,0001). The content of saturated fatty acids increased linearly with the length of the period fed CLA before slaughter (p<0,0001). The content of monounsaturated fatty acids was significantly lower in the lard from the CLA-fed pigs and it decreased linearly with the length of period fed CLA-feed (p<0,0001). There was no effect of CLA in the feed on the content of polyunsaturated fatty acids in lard. CLA in the feed increased the content of myristic acid (C14:0), stearic acid (C18:0) and arachidic acid (C20:0) in lard (p<0,010), but for C14:0 the difference was only significant for treatment 3 and 4 (p<0,0080). The quantity of heptadecenoic acid (C17:1) and oleic acid (C18:1) were reduced as an effect of CLA in the feed (p<0,0050), but for C17:1 the difference was only significant for the pigs in treatment 3 and 4 (p<0,0220). In treatment 4, the content of n-3 fatty acids were significantly higher compared to the other three treatments (p<0,0065). Summing up, there are only minimal or no effects of CLA on production results and slaughter results. However, CLA had significant effects on some of the meat quality variables. CLA in the feed significantly affected the colour of loins and the fatty acid profile of lards. The length of period fed the CLA-feed had significant effect on the content of some of the fatty acids in the lard. The simplified contribution showed no significant difference between the CLA-treatments and the control group.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectCLAen_US
dc.subjectslaktegrisen_US
dc.subjectslaughterpigsen_US
dc.titleKonjugert linolsyre (CLA) i fôr til slaktegris med omsyn til produksjonsresultat og kjøtkvaliteten_US
dc.title.alternativeConjugated linoleic acid (CLA) in feed to slaughterpigs and its effects on production results and meat qualityen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fishery disciplines: 900en_US
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fishery disciplines: 900en_US
dc.source.pagenumber63en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel