Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHaukeland, Jan Vidar
dc.contributor.authorTurtum, Marte
dc.coverage.spatialNorway, Flåmnb_NO
dc.date.accessioned2016-08-11T12:14:04Z
dc.date.available2016-08-11T12:14:04Z
dc.date.issued2016-08-11
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2398822
dc.description.abstractTurisme kan vere ei kjelde til verdiskaping og auka livskvalitet på besøksstaden, men kan òg føre med seg negative konsekvensar. Denne studien tek utgangspunkt i bygda Flåm, som grensar til verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. UNESCO stiller krav om eit berekraftig reiseliv ved tildeling av denne verdsarvstatusen. Flåm, med sine 366 innbyggjarar, får kvart år omlag 700.000 besøkjande. Eg ønskjer med denne oppgåva å kaste ljos over lokalbefolkninga i Flåm sine haldningar til turismen og turismeutviklinga i lokalområdet deira, samt kva som ligg bak desse haldningane. Dette lokalsamfunnsperspektivet er viktig i eit berekraftig reiseliv og kjem i denne studien fram gjennom djupneintervju med eit utval av innbyggjarane i Flåm (8 informantar). Resultata av intervjua diskuterast i ljos av teori og tidlegare forsking. I denne studien er teori om tilknyting til lokalsamfunnet, resultatet av ei balansering av opplevde fordelar og ulemper (bytteteori), Richard Butlers livssyklusteori og konseptet med tålegrense for turismen på besøksstaden det teoretiske rammeverket for diskusjonen. Informantane i denne studien hadde blanda syn på turismen og turismeutviklinga i Flåm. Ei generell haldning var at alle ønskte å ha turisme i Flåm, men det var ueinigheiter kring omfanget av tursimen og måten turismen vart forvalta på. Kva gjeld teoriane eg nytta i diskusjonen av kva som ligg bak respondentane sine haldningar, fann eg til ein viss grad støtte i bytteteorien, da den viste seg å vere gjeldande for seks av åtte informantar. Tendensen om at sterkt tilknytte innbyggjarar er meir positive til turisme og turismeutvikling enn svakare tilknytte innbyggjarar, gjorde i denne studien seg gjeldande hjå berre to av åtte informantar. Dei fleste av informantane hadde tankar om eit tak, eller ei tålegrense, for turismen i Flåm. Kvar denne tålegrensa går er det derimot ulike oppfatningar om. Betre tilrettelegging og regulering, og forvaltning generelt, var noko fleire av informantane i denne studien etterlyste når det gjeld dagens situasjon i Flåm. Involvering og grad av medverking i prosessane kring planlegging og forvaltninga er vist å ha stor betyding for kva haldningar lokalbefolkninga har til turismen. Dette er ein forklaringsfaktor som òg verkar å gjere seg gjeldande blant fleire av informantane i denne studien. Med bakgrunn i dette kan det verke som betre prosessar kring medverking er nødvendig ved ivaretaking av omsynet til lokalbefolkninga i Flåm, og som del av eit berekraftig reiseliv.nb_NO
dc.description.abstractTourism has capacity to improve wealth and quality of life in the host community. On the other hand, it can also cause substantial negative impacts. This thesis is a case study in Flåm, the municipality of Aurland, and deals with tourism and local residents´ attitudes. This small village is adjacent to the world heritage site “West Norwegian Fjords.” To be granted world heritage status, UNESCO requires travel and tourism to be managed sustainably. The village of Flåm has 366 inhabitants, and receives on average 700.000 visitors each year. My goals has been to shed light on the local population of Flåm and their attitudes in terms of tourism and tourism development in their local community. In addition, I have attempted to elucidate the reasons for these attitudes. The community perspective is important in order to obtain sustainable tourism, and is reflected in this study by interviewing a selection of the residents living in Flåm (eight informants). The results of these interviews are discussed in view of theory and previous research. Community attachment theory, social exchange theory, Richard Butler´s lifecycle theory and the concept of carrying capacity is the theoretical framework for this discussion. The interviewees revealed mixed views on tourism and tourism development in Flåm. On a general basis, the informants maintained a positive attitude towards tourism. On the other hand, there were disagreements regarding the volume of tourism, and how tourism is being managed on the local level. Former research suggests that highly community attached residents tend to view tourism development more favourably than less attached residents. However, this tendency was only observable among six of the eight interview subjects in my study. Most of the informants maintained that there is a carrying capacity for tourism in Flåm. However, the informants also held different opinions about what these limits to tourism growth really are. In terms of the current situation in Flåm, several informants called for better facilitation, and management in general. Residents´ involvement and complicity in planning and management processes is suggested to influence their attitudes towards tourism. This assumption was applicable to several informants in Flåm. On this basis, one may conclude that there is a need of better processes as regards residents’ involvement and complicity in local planning to ensure the interests of the local population. This is also a prerequisite for sustainable tourism development.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectbytteteorinb_NO
dc.subjectteori om tilknyting til lokalsamfunnetnb_NO
dc.subjectlivssyklusteorinb_NO
dc.subjecttålegrense for turismennb_NO
dc.subjectberekraftig reiselivnb_NO
dc.titleTåleevne for reiselivet i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Eit lokalsamfunnsperspektiv på reiselivsutvikling i Flåmnb_NO
dc.title.alternativeSocial treshold for tourism in the UNESCO World Heritage Site West Norwegian Fjords - Local community perspectives on tourism developments in the small village Flåmnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Human geography: 290nb_NO
dc.source.pagenumber82nb_NO
dc.description.localcodeM-NFnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel