Tilvekst og mjølkeproduksjon hjå kalvar som har gått med mor
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3148382Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master’s theses (BioVit) [468]
Sammendrag
Det er auka fokus på dyrevelferd både blant bønder og blant forbrukar i Noreg i dag, og kukalv samvær slik at dyra kan utføre naturleg åtferd blir sett på som eit mogleg tiltak for å auke verferda. Med slike tiltak kjem det dog med utfordringar som bygningar, økonomi og det å skilje ku og kalv etter avvenning. Særleg økonomi-delen hindrar mange bønder i å starte med dette, og målet med denne oppgåva var derfor å sjå om ku-kalv-kontakt kan gje økonomiske og bærekraftige gevinstar. Data vart henta frå eit forsøk som gjekk ved Sveriges Landbruksuniversitet, og har sett på forskjellar mellom kalvar som har gått med mor (CCC) og dermed fått die fritt, med ei kontrollgruppe (CON). CON-gruppa tilsvara konvensjonell drift der kalvane i gruppa vart tekne vekk frå mor innan 12 timar etter fødsel, og fekk ei begrensa mengd mjølk. Forsøket har sett på forskjellar i tilvekst samt mjølkeproduksjon i 1. laktasjon mellom CCC og CON. Dyra var av rasane Svensk Hollstein (SH) og Svensk Röd och vit bodskap(SRB). CCC-gruppa (n=12) gjekk med mor og fekk die fritt fram til d 113(±7), og var heilt avvende ved d 127(±7)og flytta frå mor. Det vart nytta to avvenningsmetodar for CCC-gruppa, halve gruppa gjekk med neseflapp i 14 dagar før dei vart skilde frå mor, og resten av gruppa vart avskilt med eit gjerde som gjorde det mogleg å lukte, sjå og høyre kvarande i 14 dagar før flytting. CONgruppa (n=12) fekk 9L/d fram til dei var 42 dagar gamle, då starta ei gradvis avvenning til dei var heilt avvende ved d 56. Kalvane vart vigde 1 gong per veke fram til avvenning, etter avvenning vart dei vigde 1 gong per månad fram til omtrent 17 månadars alder. Det vart registrert dagleg mjølkemengd for kvart dyr for heile 1. laktasjon eller fram til dyret vart utrangert. Det var ingen signifikante forskjellar i tilvekst mellom dei to gruppene eller for samspelet mellom gruppe og rase verken før eller etter avvenning, og heller ikkje totalt sett frå d0 til d521(±7). På melkemengde i 1. laktasjon vart det funne eit samspel mellom gruppe og rase, der SRB-kyr hadde lik mjølkeproduksjon uavhengig av gruppe, men SH-kyr i CON-gruppa produserte signifikant mindre enn i CCC-gruppa. CCC-gruppa har antakeleg konsumert meir mjølk enn CON-gruppa, men ikkje vist betre produksjonsresultat. Oppgåva konkludera dermed med at me ikkje kan sjå at det er meir lønsamt eller berekraftig å la ku og kalv gå saman i mjølkeproduksjon, men det trengs meir forsking rundt temaet og det må undersøkast i eit lengre tidsperspektiv.
