Forskning og forsøk i landbruket : forsøk med meloner ( Cucumis melo) dyrka etter snormetoden.
Abstract
Meldinga er den første i ein serie på tre om melonforsøk ved Statens forsøksgard Landvik. Ho inneheld
problemstilling, litteraturoversyn serleg med sikte på sukkermelonsorten 'Ogen' og omtale av det tekniske utstyret og den kulturpraksis som vart nytta under forsøksarbeidet. Av resultat er omtalt gransking av frekvensfordeling og eigenskapskorrelasjon i melonsorten 'Ogen' med omsyn til frukttal og avlingsmengd. Dei viser ein høg korrelasjonskoeffisient r = 0,99, mellom frukttal og avling medan ein berre fekk ein korrelasjonskoeffisient på r = 0,56 mellom fruktvekt og avling. Dette går og klart fram av frekvenstabellen. Den syner sterk aukande avling med auke i frukttalet pr. plante. Av dette sluttar ein at problema i samband med fruktsetting er av stor betydning ved melondyrking. Med sikte på best mogeleg forsøksplan har ein og undersøkt skilnadene i avling mellom dei ymse rader i plastveksthuset. Midtrada gav størst avling, og av sideradene gav den mest som fekk mest av morgonsola.
Description
Inneholder flere artikler