Forskning og forsøk i landbruket : forsøk med ulike grasarter på Vestlandet i åra 1956-1965
Abstract
I denne meldinga vert gjort greie for ein serie forsøk med ulike grasarter til eng på Vestlandet. Materialet femner om 27 forsøk med i alt 88 årsavlingar. Etter planen skulle felta haustast to gonger kvar sumar i fire år. Timotei, engsvingel, raigras og hundegras er med på alle felt. Ei blanding av desse fire artene har vore med på 9, og bladfaks på 16, slik at i alt 25 felt er utført med fem forsøksledd. Grasfrøet er blanda med 20 % raukløver. Omtrent halvparten av felta ligg på myr- og moldjord og resten på ymse slags mineraljord. I hovudtabell I er sett opp kvar dei einskilde forsøk er utført, kva slags jord dei har lege på, kor mange år dei har gått og medel avlingstal.
Description
Inneholder flere artikler