Forskning og forsøk i landbruket : slåttetidsforsøk i timoteieng - bind 13
Abstract
I denne meldinga er det gjort greie for to seriar med slåttetidsforsøk i timoteieng. Slåttetidsforsøka er utførde i åra 1951-58 i Troms og Finnmark. I den eine serien, som omfatar seks forsøk med tilsaman 14 haustingar, var det tre 1. slått-tider i kombinasjon med tre 2. slått-tider. Tidlegaste 1. slått fall når timoteien var om lag 20 cm høg, og dei andre slåttetidene ei og to veker etter. Andre slåtten vart teken med om lag to vekers mellomrom, med tidlegaste 2. slått kring 20. august.
Den andre serien som omfatar 3 forsøk med i alt 14 haustingar, hadde den same tidlege 1. slåtten og dei same 2. slått-tidene, men elles hadde serien medels tidleg 1. slått når timoteien begynte å skyte og sein 1. slått når han begynte å bløme.
Resultata av den botaniske analysen synte at slåttetidskombinasjonar med tidlege 1. slått-tider, før timoteien var ferdigskoten, førte til sterkare uttynning av timoteienga enn slåttetidskombinasjonar med sein 1. slått ved blømingsstadiet. Uttynninga etter to haustingar årleg såg ut til å vere sterkast på myrjord. På fastmarksjord heldt timoteien seg tolleg godt i mange år, særleg på forsøksledd med sein 1. slått. Av dei ulike 2. slått-tidene var det likt til at medels sein 2. slått, kring 5. september, hadde uheldigst verknad på timoteiens overvintringsevne.
Etter kvart som timoteien gjekk ut, tok andre grasarter og ugras vekseplassen, slik at timoteienga meir og meir fekk karakter av natureng, med særleg sterkt innslag av engrapp.
Description
Inneholder flere rapporter