Forskning og forsøk i landbruket : attlegg til hundegraseng - bind 33
Research report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3005047Utgivelsesdato
1982Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I forsøk med attlegg i hundegraseng 1970-76, vart det prøvd ulike såmåtar og såmengder, såtider, ulike radavstandar og dekksæd av forraps og havre til grønfor. Breisådd og radsådd hundegras gav om lag like stor tørrstoffavling i engåra. Tre kg frø pr. dekar ved radsåing og fire kg ved breisåing gav størst avling I. engåret. I seinare engår var det ingen tydelege avlingsskilnader mellom I, 2, 3 og 4 kg frø pr. dekar, uansett såmåte. Både såing om våren og i slutten av juli gav eit godt plantedekke. Avlinga i I. engår var størst etter vårsåinga. Såing med 26 cm labbavstand kom dårlegare ut enn med 13 cm. Til dekkvekst høvde havre-grønfor betre enn forraps når tida frå såing til hausting av attlegget var om lag 2 månader. Meiravlinga av forraps vog ikkje opp avlingsnedgangen i I. engåret jamført med leddet utan dekkvekst.
Beskrivelse
Inneholder flere artikler