• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Faculty of Environmental Sciences and Natural Resource Management (MINA)
  • Master's theses (INA)
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Faculty of Environmental Sciences and Natural Resource Management (MINA)
  • Master's theses (INA)
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Vegetasjonsendringar i kulturmark på tre stølar i Hemsedal og Valdres i åra 1999-2001 og 2014

Rogne, Ingrid
Master thesis
Thumbnail
Åpne
rogne_master2015.pdf (44.49Mb)
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/293961
Utgivelsesdato
2015-07-30
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Master's theses (INA) [593]
Sammendrag
To stølar i Valdres og ein støl i Hemsedal var i 1999-2001 ein del av

prosjektet "Levande stølar" i regi av Norges Vel. I den samanheng vart det lagt ut tjue

analyseruter på kvar støl, skilde i to ulike biotopar med ti ruter på kvar. Ein

nøkkelbiotop der vegetasjonen bar særleg preg av kulturmark, og ein beitebiotop

lenger frå stølen som vart beita periodevis. I 1999-2001 vart desse rutene analyserte

både for artsdiversitet og dekningsgrad, samt vegetasjonshøgde, jorddjubde og

strøsjikt. Det vart i 2014 gjort ei tilsvarande registrering i dei same rutene for å sjå på

utviklinga til biotopane over ei 15-årsperiode. Attgroinga var merkbar i 1999-2001,

men biotopane har hatt ulik utvikling fram mot 2014, avhengig av beiting og

menneskeleg skjøtsel.

Det er i denne oppgåva sett på korleis artstal og artsdiversitet har endra seg i

løpet av av dei 15 åra mellom 1999 og 2014. Endringane er nærare undersøkte og

knytte til vegetasjonsregistreringar, særleg dekningsgrad og høgde. Det er også gått

inn på enkeltartar som har forsvunne på biotopane mellom 1999 og 2014, samt artar

som dominerte biotopane i 1999-2001, samanlikna med vegetasjonsbilete i 2014. Med

bakgrunn i dette er det forsøkt å plassere områda i suksesjonsprosessen, både i 1999-

2001 og i 2014.

I 1999-2001 var det mjølkekyr på alle stølane, og biotopane vart nytta som

beite. Fire av dei seks biotopane vart ikkje nytta til beite i 2014. Registreringane synte

at attgroinga på alle biotopane hadde kome lenger i 2014 enn i 1999-2001, men har

gått saktast på den stølen der biotopane framleis blir beita. Dei biotopane som var

mest artsrike i 1999-2001, har fram mot 2014 hatt det største tapet av artar, mens dei

mest fattige biotopane ikkje har hatt vesentlege endringar. Tap av biologisk mangfald

i forhold til artar og genetisk variasjon var stor på alle stølane, og i dei fleste tilfelle

må det kraftige restaureringstiltak til for å redde kulturmarka frå attgroing av einer,

vier, dverg- og fjellbjørk. Når bruken opphøyrer, fører naturen området tilbake til det

opprinnelege, og innvandra kulturmarksartar døyr ut. Abstract

Two mountain farms in Valdres and one in Hemsedal were included in the

project "Levande stølar" directed by Norges Vel. Twenty plots in each area were

randomly laid out, separated in two different biotopes. One biotope close to the

mountain farms where indicators of cultivated land were common and another

biotope, farther away from the mountain farms, that used to be grazed occasionally. In

the period 1999-2001 the plots were analyzed for species diversity, species

abundance, height of the field layers, soil depth and litter layer depth. In 2014

identical investigations were taken to discuss changes in the biotopes during a 15

years period.

Already in 1999-2001 the overgrowth was visible, but the development up to

2014 was individual for each biotope, because of different changes in grazing

situation and human management. This study contains changes in number of species

and diversity during the 15 years 1999-2014 and attempts to explaine the reasons of

the development for each biotope with vegetation registrations, especially the cover

ratio and height. It also discusses individual species that have disappeared from 1999

to 2014 and the most dominating species in the vegetation in 1999-2001 and 2014.

With this information the biotopes are placed in categories of succession.

In the period 1999-2001 all the biotopes were grazed by dairy cattle. Four of

six biotopes did not have grazers in 2014. The registrations show an overgrowth in all

biotopes, more distinctive in 2014 than in 1999-2001. The overgrowth seemed to slow

down in the grazed biotopes. The biotopes with highest species diversity in 1999-

2001 had the largest decrease in number of species up to 2014.

Loss of biodiversity is noticeable in all biotopes and restoration measures are

required to save the cultivated fields from juniper, willow, dwarf- and mountain birch.

The nature leads the biotopes back to the origin and immigrated cultivated species

will disappear.
Utgiver
Norwegian University of Life Sciences, Ås

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit