Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHavn, Sigmund
dc.date.accessioned2015-07-29T08:32:11Z
dc.date.available2015-07-29T08:32:11Z
dc.date.copyright2015
dc.date.issued2015-07-29
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/293761
dc.description.abstractTema for oppgåva er biovarme som framtidig energiberar for grønsakproduksjon i veksthus. Oppgåva handlar om produksjon av veksthusgrønsaker i Rogaland der dei fleste veksthusa er oppvarma av naturgass. Biovarmeanlegg i veksthus er teke lite i bruk i denne regionen. Dette er ei utvikling som er annleis enn resten av landet der bruk av biovarme er aukande. Eg har sett på kva som er annleis for Rogaland, og kva som kan muleggjere bruk av biovarme også her. Det har eg gjort med utgangspunkt i følgjande problemstilling og forskingsspørsmål: Korleis få til ein fordelaktig bruk av biovarme til veksthus i Rogaland? Kan ein tilrettelagt diffusjonsprosess implementera innovasjonen biovarme i produksjon av veksthusgrønsaker der naturgass er eksisterande varmekjelde? Grunnleggjande teori for oppgåva er diffusjonsteori knytt til innovasjon. Empiri er kvalitative intervjusamtalar med eit utval respondentar som er veksthusprodusentar og nokre som arbeider med biovarmesal i ulike roller. I tillegg er det innsamla kvalitativt materiale og innsamla annan informasjon. Dette innsamla materialet er brukt saman for å indusera ny kunnskap i analysedelen og dette er vidare samla og behandla i drøftingsdelen. Resultat av drøftingsdelen er samanfatta i konklusjon som svarer på problemstilling. Funna i konklusjon er at ein tilrettelagt diffusjonsprosess kan implementera biovarme i produksjon av veksthusgrønsaker. Ved å skape eit pilotanlegg som fungerer som eit demonstrasjonsanlegg for veksthus, vil diffusjonsprosessen og organiseringa rundt denne, bringe biovarme inn i det sosiale systemet som utgjer konteksten for veksthusproduksjon. For å muleggjere dette, trengs ein endringsagent. Endringsagent er ein person som gjennom kompetanse og tillit får tilgang til, og allokerer dei nødvendige ressursar for gjennomføring av prosjektet. Ein person kan bli endringsagent ved å etablere og byggje eit fag og personnettverk rundt sin kompetanse, og dra fordeler av det. Biovarme bør ikkje fullt ut erstatte naturgass ved implementering på dette tidspunkt. Naturgass bør fortsatt brukast i eit omfang som gir tilstrekkeleg Co2-gjødsling til produksjonen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.rightsNavngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/*
dc.subjectBiovarmenb_NO
dc.subjectDiffusjonsprosessarnb_NO
dc.subjectVeksthusnb_NO
dc.titleKorleis få til ein fordelaktig bruk av biovarme til veksthus i Rogaland? Kan ein tilretelagt diffusjonsprosess implementera innovasjonen biovarme i produksjon av veksthusgrønsaker der naturgass er eksisterande varmekjelde?nb_NO
dc.title.alternativeHow to achieve an advantageous use of biomass heating for greenhouses in Rogaland?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Economics: 210nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fishery disciplines: 900::Agriculture disciplines: 910::Management of natural resources: 914nb_NO
dc.source.pagenumber136nb_NO
dc.description.localcodeM-EInb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge