dc.contributor.author | Havn, Sigmund | |
dc.date.accessioned | 2015-07-29T08:32:11Z | |
dc.date.available | 2015-07-29T08:32:11Z | |
dc.date.copyright | 2015 | |
dc.date.issued | 2015-07-29 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/293761 | |
dc.description.abstract | Tema for oppgåva er biovarme som framtidig energiberar for grønsakproduksjon i
veksthus. Oppgåva handlar om produksjon av veksthusgrønsaker i Rogaland der dei
fleste veksthusa er oppvarma av naturgass. Biovarmeanlegg i veksthus er teke lite i
bruk i denne regionen. Dette er ei utvikling som er annleis enn resten av landet der
bruk av biovarme er aukande. Eg har sett på kva som er annleis for Rogaland, og kva
som kan muleggjere bruk av biovarme også her. Det har eg gjort med utgangspunkt i
følgjande problemstilling og forskingsspørsmål:
Korleis få til ein fordelaktig bruk av biovarme til veksthus i Rogaland?
Kan ein tilrettelagt diffusjonsprosess implementera innovasjonen biovarme i
produksjon av veksthusgrønsaker der naturgass er eksisterande varmekjelde?
Grunnleggjande teori for oppgåva er diffusjonsteori knytt til innovasjon. Empiri er
kvalitative intervjusamtalar med eit utval respondentar som er veksthusprodusentar
og nokre som arbeider med biovarmesal i ulike roller. I tillegg er det innsamla
kvalitativt materiale og innsamla annan informasjon.
Dette innsamla materialet er brukt saman for å indusera ny kunnskap i analysedelen og
dette er vidare samla og behandla i drøftingsdelen. Resultat av drøftingsdelen er
samanfatta i konklusjon som svarer på problemstilling. Funna i konklusjon er at
ein tilrettelagt diffusjonsprosess kan implementera biovarme i produksjon av
veksthusgrønsaker. Ved å skape eit pilotanlegg som fungerer som eit
demonstrasjonsanlegg for veksthus, vil diffusjonsprosessen og organiseringa rundt
denne, bringe biovarme inn i det sosiale systemet som utgjer konteksten for
veksthusproduksjon.
For å muleggjere dette, trengs ein endringsagent. Endringsagent er ein person som
gjennom kompetanse og tillit får tilgang til, og allokerer dei nødvendige ressursar for
gjennomføring av prosjektet. Ein person kan bli endringsagent ved å etablere og byggje
eit fag og personnettverk rundt sin kompetanse, og dra fordeler av det.
Biovarme bør ikkje fullt ut erstatte naturgass ved implementering på dette tidspunkt.
Naturgass bør fortsatt brukast i eit omfang som gir tilstrekkeleg Co2-gjødsling til
produksjonen. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | Norwegian University of Life Sciences, Ås | |
dc.rights | Navngivelse-DelPåSammeVilkår 3.0 Norge | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/ | * |
dc.subject | Biovarme | nb_NO |
dc.subject | Diffusjonsprosessar | nb_NO |
dc.subject | Veksthus | nb_NO |
dc.title | Korleis få til ein fordelaktig bruk av biovarme til veksthus i Rogaland? Kan ein tilretelagt diffusjonsprosess implementera innovasjonen biovarme i produksjon av veksthusgrønsaker der naturgass er eksisterande varmekjelde? | nb_NO |
dc.title.alternative | How to achieve an advantageous use of biomass heating for greenhouses in Rogaland? | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Social science: 200::Economics: 210 | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Agriculture and fishery disciplines: 900::Agriculture disciplines: 910::Management of natural resources: 914 | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 136 | nb_NO |
dc.description.localcode | M-EI | nb_NO |