Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTrintrud, Eirin
dc.date.accessioned2015-07-16T10:25:32Z
dc.date.available2015-07-16T10:25:32Z
dc.date.copyright2015
dc.date.issued2015-07-16
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/293275
dc.description.abstractUtmarksbeite er tradisjonelt sett ein viktig del av norsk geitehald. Geiter er spesialiserte landskapspleiarar, som er flinke til å nyttiggjere seg av plantevekstar som andre beitedyr ikkje føretrekker. Stadig mindre beiteareal er i drift, mykje på grunn av stor nedgang i tal geitebruk. Endra driftsopplegg og auka krav til yting kan òg vere årsakar. Utmarksbeite er ein fôrressurs utan reell alternativverdi, og med riktig kraftfôrstrategi kan ein oppnå god utnytting av beite. Formålet med denne oppgåva var å vurdere verknaden av ulike kraftfôrmengder på beiteaktivitet og mjølkeavdrått gjennom ein beitesesong. Forsøket blei utført i 18 besetningar sommaren 2014. Halvparten av besetningane hadde moderat (< 0,8 kg) og den andre halvparten høgt (≥ 0,8 kg) kraftfôrnivå. Kvar besetning hadde to periodar der energimengda i kraftfôret var redusert med 30 %. Alle dyra blei vege før og etter beitesesongen. Prøver av mjølka blei sendt til analyse etter kvar tankmjølkhenting. To geiter i kvar besetning var utstyrt med kvar sin GPS-klave med integrerte aktivitetssensorar. Dette gav regelmessige registreringar av aktivitetsbruken på beite. Mjølkeytinga vart redusert i periodane med mindre kraftfôr, og ytinga var høgast på høgt kraftfôrnivå. Tørrstoffinnhaldet var i liten grad påverka av forsøksperiodane. Feittprosenten auka på moderat kraftfôrnivå, men minka på høgt kraftfôrnivå. Proteininnhaldet endra seg lite og laktoseprosenten blei noko redusert utover sesongen. Innhaldet av frie feittsyrer var lågt gjennom heile beitesesongen, men var generelt høgare på høgt kraftfôrnivå. Celletalet auka i periodane med redusert kraftfôrmengd på høgt kraftfôrnivå, og det same gjorde tilbakelagt distanse. Dette tyder på ein viss samanheng mellom dei to parametrane. Ei forklaring kan vere at lengre beiteruter gav større belasting for juret, og at celletalet auka som ein effekt av dette. Distanse viste også tydeleg effekt av beitesesong, ved at geitene auka arealbruken utover sommaren. Den generelle aktiviteten hadde ei viss auke ved redusert kraftfôrmengd. Beiteaktivitet viste tendens til å auke mot slutten av beitesesongen, men var elles lite påverka. All aktivitet var betydeleg høgare på høgt kraftfôrnivå. Kompensasjonsgraden varierte mykje, men besetningar på høgt kraftfôrnivå viste høgast grad av kompensasjon. Stor variasjon kan skuldast ulik aldersfordeling i forsøksbesetningane. Mobilisering var truleg årsak til kompensasjonen, sidan vektendringane også viste størst reduksjon på høgt kraftfôrnivå. Geiter på høgt kraftfôrnivå var i utgangspunktet tyngre, og dei hadde derfor meir hold å ta av. Rangeland has traditionally been an important part of Norwegian goat husbandry. Goats are specialized grazers, and they eat plants that other grazing animals do not prefer. The use of rangeland is declining, because of fewer farms, changed operating structure and higher demands for milk quality. Rangeland is a feed resource with no alternative value. With the right concentrate feeding strategy, it is possible to achieve good utilization of pasture. The purpose of this thesis was to evaluate the effect of different amounts of concentrates through a grazing season. The experiment was performed in 18 herds during the summer of 2014. Each livestock had two periods where the amount of energy in the concentrate was reduced by 30%. The herds were grouped into moderate (< 0.8 kg) and high (≥ 0.8 kg) concentrate level. All goats were weighed before and after the grazing season. Samples of the milk were taken at each milking retrieval and was sent for analysis. Two goats in each herd were equipped with a GPS collar with integrated activity sensors, this gave regular records of activity pattern on pasture. When normal concentrate level reduced by 30%, the milk yield decreased as well. The milk yield was highest at high concentrate levels. Experiment periods had limited effect on milk solids. The fat content increased on high concentrate levels and reduced on moderate concentrate levels. The protein percent showed little change and the lactose content reduced throughout the season. The content of free fatty acids (FFA) was low throughout the grazing season, however it was generally higher at high concentrate level. The somatic cell count (SCC) increased in periods of reduced energy on high concentrate levels, so did the walking distance. This suggests a relationship between the two parameters. One explanation may be that longer tracks led to increased physical stress on the udder, with increased SCC as a result. Distance also showed significant effect of grazing season, by increased grazing area throughout the summer. The overall activity showed a slight increase at reduced concentrate amounts. There was tendency to increased grazing activity at the end of the grazing season. All activity was significantly higher at a high concentrate level. Compensation ratio varied largely, herds on a high concentrate level showed the highest degree of compensation. The variation may be due to unequal distribution of age groups in the different herds. Most likely, the compensation was an effect of mobilization, since weight reduction was greatest at high concentrate level. Goats at a high concentrate level were heavier and they could thereby mobilize more of the body reserves.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectGeitnb_NO
dc.subjectUtmarksbeitenb_NO
dc.subjectKraftfôrnivånb_NO
dc.subjectBeiteaktivitetnb_NO
dc.titleKraftfôrnivå på utmarksbeite - verknad på beiteaktivitet og mjølkeavdrått hjå geitnb_NO
dc.title.alternativeConcentrate level on rangeland - effect on grazing activity and milk yield in dairy goatsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Agriculture and fishery disciplines: 900::Agriculture disciplines: 910::Animal feeding: 918nb_NO
dc.source.pagenumber64nb_NO
dc.description.localcodeM-HVnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel