Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBorgstrøm, Reidar
dc.date.accessioned2021-03-19T09:35:30Z
dc.date.available2021-03-19T09:35:30Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.issn2535-2806
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2734395
dc.description.abstractSom ein lekk i å oppretthalda den lange tidsserien med innsamling av bestandsdynamiske data på aure i det subalpine Øvre Heimdalsvatn, i Øystre Slidre, har det kvart år i dei siste seks åra, inkludert 2020, vore gjennomført eit garnfiske med ein såkalla pilotserie av settegarn med maskeviddene 24, 26, 2 x 29, 31, 2 x 35, og 39 mm. Denne serien er tilnærma same pilotserien som vart brukt ved bestandsstudiane på sekstitalet, der også data på fangst per innsats og estimert storleik på kvar aldersklasse inngjekk. Desse data kunne difor brukast til å estimera antal fisk i kvar av aldersklassane 4 – 8 vintrar, og ≥9 vintrar, basert på fangst per pilotserienatt i åra 2015 – 2020. Aldersbestemminga av auren er gjort med bruk av otolittar som før avlesing vert knekt gjennom sentrum og brende. Otolittane frå aure i Øvre Heimdalsvatnet ser ut til å gje svært presis aldersbestemming. Det er dessutan fullt samsvar mellom skjellalder og otolittalder fram til auren stagnerer i vekst. Det er ein klar årleg auke i lengdevekst til auren er minst 8-9 vintrar. Nokre fisk har ekstra god årleg tilvekst, og det kan vera eit resultat av fiskeeting, men dette er ikkje førebels avklart. Rekrutteringa til bestanden, målt som talet på fireåringar, har halde seg låg i dei siste seks åra, på same måte som i åra 1993 – 2009, bortsett frå 2018 då rekrutteringa ser ut til å ha skote i veret. Talet på eldre fisk har gått ned i løpet av dei siste fem åra, medan yngre fisk (aldersklassane 4 – 6 vintrar) har gått litt opp. Regresjonen mellom årstilveksten for seksåringar i ein rekke år i perioden 1992 – 2019 og junitemperaturen i Hinøgla er signifikant (Lineær regresjon, p <0.01), slik det også vart funne under studiane på sekstitalet, sjølv om det den gongen vart nytta lufttemperatur på Vågåmo som forklaringsparameter. Det vart då funne at temperaturen i juni og bestandstettleik kvar for seg forklarte om lag 50 % av variasjonen i årleg individuell vekst. Førebels er ikkje samanhengen mellom bestandsstorleik, temperatur og årleg tilvekst testa for perioden etter 1993. Trass i ein mykje større biomasse av eldre fisk i dei siste åra samanlikna med på sekstitalet, er veksten tilsynelatande bortimot den same som for rundt 50 år sidan då bestanden var utsett for eit langt hardare fiske enn i dag. Dette har mest sannsynleg samanheng med den reduserte rekrutteringa til bestanden. Det er noe sportsfiske i Øvre Heimdalsvatn, men det er dokumentert at dette har lite omfang. Auka beskatning ville høgst sannsynleg gje ein endå meir attraktiv bestand å fiska på.en_US
dc.description.abstractWith the aim to continue the long time series regarding the population dynamics of brown trout, Salmo trutta, in the subalpine lake, Øvre Heimdalsvatn, a gillnet fishery with a pilot fleet consisting of gillnets with the following mesh sizes: 24, 26, 2 x 29, 31, 2 x 35, og 39 mm, has been conducted annually since 2015. This pilot gillnet fleet is approximately the same as used in the extensive brown trout studies in the lake during the 1960ies, which also included data on catch per unit effort and estimated number of each age-class. These data have been used as a basis in the present study to estimate the number of fish in the ageclasses 4 -8 winters, as well as age-class ≥9 winters, by catch per pilot fleet per night in end of August – beginning of September during the years 2015 - 2020. Otoliths have been used for age determination of the whole catch, with the following procedure: The otoliths were cut through the center, and one or both halves were burnt before reading the age under a stereo microscope. This is a method which seems to give precise age of brown trout from this lake. There is a distinct annual growth in length until at least the age 8 – 9 winters for most fish. Both scales and otoliths give the same age until stagnation in annual growth takes place. Some trout have an exceptional fast growth which may be connected to piscivory, although this has not yet been studied. The recruitment to the brown trout population in Øvre Heimdalsvatn, estimated as the number of four winter old fish, seems to have been reduced by around 50 % from the 1960ies to the period 1993 – 2009. This decline seems to have continued in the years 2015 – 2020, except in one year, 2018. The number of fish ≥10 winters seems to have declined during the period 2015 – 2020, but at the same time the number of fish in age-classes 4 – 6 winters has increased. The linear regression between the annual length increment of six winter old fish and the mean June temperature in the outlet, Hinøgla, within the time lag 1960 – 2019, was significant (Linear regression, p <0.01). This is comparable to the results obtained by the studies in the 1960ies, although at that time the air temperature at Vågåmo was used as an explanatory parameter, and June temperature and population density each explained about 50 % of the variation in annual individual growth. Preliminary, the interconnection between population density, water temperature and annual growth has not been modeled, but this will be performed when the annual data series is extended. Despite a much larger biomass of older fish today compared to the biomass in the 1960ies, the annual growth and size of older fish are nearly the same as around 50 years ago when the population was heavily exploited. Most probably, this is connected to the reduced annual recruitment to the population. Øvre Heimdalsvatn is open for recreational fishery, however, the sport fishery has a documented low effort. Increased exploitation will probably give a population with increased quality of individual fish, and thus a more attractive fishery.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.relation.ispartofseriesMINA fagrapport;69
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectbestandsestimeringen_US
dc.subjectsubalpint vatnen_US
dc.subjectpilotgarnserieen_US
dc.subjectaureen_US
dc.subjectårleg rekrutteringen_US
dc.subjectårleg tilveksten_US
dc.subjectvasstemperaturen_US
dc.subjectpopulation estimationen_US
dc.subjectsub-alpine lakeen_US
dc.subjectpilot gillnet fleeten_US
dc.subjectbrown trouten_US
dc.subjectannual recruitmenten_US
dc.subjectannual growthen_US
dc.subjectwater temperatureen_US
dc.titleAuren i Øvre Heimdalsvatn 2020en_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber23en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • MINA fagrapport (MINA) [72]
    Rapporter skrevet av ansatte ved Fakultet for miljøvitenskap og naturforvaltning (MINA). Reports written by the staff at Faculty of Environmental Sciences and Natural Resource Management (MINA)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal