Infeksjonstidspunkt for Fasciola hepatica hjå lam i utvalde sauebesetningar på Sørvestlandet
Student paper, others
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2719237Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I dette prosjektet er det blitt tatt avføringsprøvar og blodprøvar frå sau og lam i 12 utvalde besetningar på Sørvestlandet. Blodprøvar tatt frå sauer (n=120) i mai og frålam i mai (n=240), juni, juli og august (n=120) er blitt analysert for antistoff mot Fasciola hepaticaved bruk av ELISA. Avføringsprøvar frå lam er blitt analysert for leverikteegg i august og oktober.
Resultata frå blodprøvane viser at det blir overført antistoff mot F. hepatica med råmjølk frå sauen, som lamma har i minst 12 veker. Antistoffnivåa søkk utover sommaren før det i enkelte besetningar aukar igjen i juli og august. Dette som eit resultat av at lamma blir smitta på beitet og utviklar eigne antistoff mot F. hepatica.
Det blei ikkje påvist ikteegg i avføringsprøvane i august. I oktober blei detpåvist i tre av besetningane.
Blodprøvar viser smitte tidlegare enn ein avføringsprøve gjer. Infeksjonstidspunkt varierer mellom dei ulike besetningane. Nokre lam har berre teikn til maternale antistoff gjennom prøvetakinga, mens andre berre viser teikn til eigne. Ein del lam har først maternale antistoff, og seinare eigenproduserte. Tidlegaste observasjon i auka antistoffverdi blei observert i juli (n=1), dei fleste i august (n=28).