Bruk av tre i helsebygg : ei kartleggingsstudie
Abstract
Tre som bygningsmateriale gir eit positivt klimabidrag mellom anna ved å ta opp og lagre CO2 og auka ressursutnytting av tre som del av ein fornybar og sirkulær økonomi er eit internasjonalt satsingsområde. Resultat frå studiar av samanheng mellom bruk av tre i bygg og helserelaterte utfall indikerer at tre, som eit naturelement i innemiljøet, kan ha positiv effekt. Å dokumentere slike helsefremmande effektar vil gi trematerialar eit fortrinn og såleis kunne bidra til auka bruk av tre i offentlege rom.
I prosjektet Tre og helse undersøker vi samanhengar mellom tre i helsebygg og helse og livskvalitet hos brukarar av bygningane. Første trinn var å kartlegge tre i helsebygg for å stadfeste i kor stor grad tre blir brukt i dag og om det hovudsakleg blir nytta i bærande konstruksjon eller interiør.
Tre har blitt kartlagt ved 14 kommunale helsebygg i 10 kommunar. Ein forskar kartla bruk av tre i kvar type rom og til kvart bruksområde i interiøret. Kartleggingsmetoden vart kontinuerlig revidert under kartleggingsarbeidet. Institusjonane sjølve bidrog med informasjon om bruk av tre i bærande konstruksjon og utvendig kledning. Vi fant at tre er brukt i større grad i interiør enn i konstruksjon og kledning, og i møblar og små flater i større grad enn i veggar, golv og tak. Kartlegginga indikerer at det er rom for å auke bruken av tre i helsebygg betydeleg. Wood used as a building material contributes positively to climate by capturing and storing CO2, and increasing the use of wood as part of a renewable and circular economy is an international area of priority. The results from studies investigating associations between wood in buildings and health related outcomes indicate that wood, as an element of nature in the built environment, offers beneficial effects. Documenting health benefits will promote wood use in public buildings.
In the Wood and health project, we explore associations between wood in health care facilities and health and well-being of building occupants. The first step was to map the presence of wood in health care facilities to determine the current extent of wood use and whether it is used mainly in the structure or in the interior of buildings.
Wood was mapped in 14 public health care facilities in 10 municipalities. A researcher mapped presence of wood in each room type and room part of building interiors. The mapping method was continuously revised during the mapping process. Information on wood use in the building structure and external cladding was provided by the municipalities. We found that wood is used in the interior of buildings to a larger extent than in structure and cladding, and in furniture and small surfaces more than in walls, ceilings and floors. The results of the mapping indicate that there is room for considerably increasing wood use in health care facilities.