Laks- og aurebestanden i Strynevassdraget : vandrings-mønsteret hjå laksesmolt og aure, ungfiskproduksjon og botndyr
Urke, Henning Andre; Haugen, Thrond Oddvar; Kjærstad, Gaute; Alfredsen, Jo Arve; Kristensen, Torstein
Abstract
A study of migration timing and marine migration behaviour of Atlantic salmon (Salmo salar) and brown trout (Salmo trutta) smolts/post-smolts was conducted using acoustic telemetry in the Stryneelvaeelva and the adjacent Nordfjord fjord system, Western Norway. Juvenile fish abundance and macroinvertebrate communities were also sampled in the rivers Stryneelva, Erdalselva and Hjelledøla.
Juvenile salmon abundance was moderate in Stryneelva, low in Hjelledøla and not present in Erdalselva. Presence of 0+ salmon juveniles in Hjelledøla, upstream of the lake Strynevatnet, indicates successful spawning at this location. Low abundance of juvenile brown trout (0+: <14 individuals 100 m-2; ≥1+: 9 individuals 100 m-2) was recorded at all stations.
Invertebrate taxa composition was normal at all stations, with good/very good ecological status (ASPT index) indicating nutrient discharge to the watercourse presently at tolerable levels. Furthermore, a high number of acidification-tolerant species were detected.
During April 2017, 118 salmon and 50 brown trout smolt individuals from Stryneelva were captured (electric fishing) and tagged with acoustic transmitters. 75 % of the tagged salmon and 70 % of the trout were recorded as migrants (i.e., in the estuary and beyond). Increased water discharge was the main triggering factor for migration initiation. Salmon smolts migrated in two distinct periods coinciding with water discharge increase during May 5–6 and May 16–17. The tagged salmon post smolts moved rapidly through the estuary and westwards to the coast, using on average 8.3 days to reach the outer fjord areas, predominantly using the upper 1–3 meters of the water column. Residence time in the middle and outer fjord areas, presumed to be the major impact area of aquaculture in terms of sea lice infection pressure, was short and earlier in the spring for most individuals than assumed in the current sea lice infection risk model. A sequential Cormack-Jolly-Seber model revealed no distinct survival bottleneck areas for the salmon post smolts, and an overall >98 % survival probability/km was calculated in all fjord sections. The resulting total mean fjord-migration survival probability was 34 % (±6.2 % SE), with much higher survival probability of early vs late migrants (60 % vs 27 %).
Brown trout post-smolts exhibited large among-individual variation in fjord area use. Of the 34 migrants, 5 (14.7 %) migrated to outer fjord areas (>55 km), while 23 (67.6 %) remained in the inner fjord. Seven brown trout smolt individuals (20.6 %) were recorded as return migrants by November, with an average sea residency of 107.7±31.7 days (min-max: 55–159 days). Depth use was predominantly the upper 2 m of the water column, with less individual variation than for salmon.
This study has provided novel knowledge about the migratory behaviour of salmon and brown trout smolt from Stryneelva. The results show that a large fraction of the salmon smolt (the early migrants) migrated to the outer fjord areas two weeks earlier than previously thought and used as guidance for both smolt-sea lice monitoring and also for assessment of sea lice infection pressure from local aquaculture industry. We also want to express concern about the population situation for brown trout in Stryneelva. The low juvenile densities documented in this project combined with low and decreasing sea trout catches and spawning-stock counts strongly indicate a critical population status. Kartlegging av utvandringstidspunkt og marin åtferd til smolt av laks og aure vart undersøkt ved hjelp av akustisk fisketelemetri i Stryneelva og Nordfjord sesongen 2017. Vidare vart det gjennomført granskingar knytt til ungfisk og botndyr i Stryneelva, Erdalselva og Hjelledøla.
Ungfiskgranskingane synte moderat tettleik av lakseungar i Stryneelva, låg tettleik i Hjelledøla og det vart ikkje påvist lakseungar i Erdalselva. Førekomst av årsyngel av laks i Hjelledøla (oppstraums Strynevatnet) tyder på gyting der. Låg tettleik av aureungar vart registrert på alle stasjonar og aurebestanden ligg lågt historisk sett, medan ungfisk av laks ligg under middels av historiske data.
Botndyrsamfunnet viser normal samansetting på alle stasjonar. God/særs god tilstand (ASPTindeks) indikerer at noverande utslepp av næringsstoff til vassdraget ikkje er for høgt. Vidare vart det registrert høg førekomst av forsuringsfølsame artar.
I april 2017 vart totalt 118 laks og 50 aure frå Stryneelva akustisk merka, der 75 % av laksen og 70 % av auren er registrert som utvandra. Ein auke i vassføringa ser ut til å vere den utløysande faktoren for utvandringa til laksesmolten. Laksesmolten gjekk hovudsakleg ut i to markerte periodar med auke i vassføringa den 5–6. mai og den 16–17. mai. Laksesmolten hadde kort opphaldstid i osområdet, og søkte seg raskt utover Innvikfjorden og vidare utover Nordfjorden mot kysten, med gjennomsnittleg framdrift på 1,3 kroppslengder i sekundet. Laksesmolten nyttar i snitt 8,3 dagar på å vandre frå osen og ut heile Nordfjorden, og dei vandrar i det øvste vasslaget (1–3 m).
I vurderingane innanfor trafikklysregimet vert laksesmolten sett til å vere i område med smittepress av lakselus, dvs. i midtre og ytre del av Nordfjorden, i 28 dagar. Dette er ein vesentleg lenger periode enn det som vart funne for den merka laksesmolten frå Stryneelva i 2017 (3–5 dagar). For laksesmolten frå Stryneelva var det smittepresset av lakselus i veke 19–21 som var avgjerande for havbruksnæringa sin direkte påverknad på denne bestanden i 2017. Då det nasjonale overvakingsprogrammet for lakselus i regi av Havforskningsinstituttet starta opp registreringar den 22. mai (veke 21), hadde heile det fyrste smolttoget allereie passert dei ytre områda av Nordfjord.
Konsekvensen av at «trafikklysvurderingane» i 2017 baserte seg på eit for seint tidspunkt i høve til kva tid smolten frå Stryneelva faktisk var i smitteområda. Dette gjer at vurderingane som fastsett påverknad på den konkrete bestanden synest lite presise i høve til det som er reelt. Det må her presiserast at vi berre har eitt år med data på laksesmolten frå Stryneelva. Det er dermed viktig å få gjennomført studiar over fleire år for å gje meir presise estimat.
Ei sekvensiell merking-attfangstanalyse (Cormack-Jolly-Seber parameterisering) fann ingen markerte flaskehalsar i overleving for laksemolten på strekninga frå elv til ytre fjord, med eit sannsyn for å overleve på meir enn 0,98 per km. Sjølv om overleving per kilometer synest høg gjer den lange vandringsavstanden frå elva på meir enn 85 km at den totale overlevinga ut til dei ytre fjordområda vert på 34 % (±6,2 % SE). Dette må tolkast som minimumstal då deteksjonssannsynet er ukjent for ytre fjord. Det var stor skilnad i overleving mellom det fyrste og det andre smolttoget (60 % mot 27 %) til ytre del av fjorden.
For auresmoltane som vart registrerte på lyttebøyene, var det stor variasjon i fjordbruken. Av dei 34 som gjekk ut i fjorden vandra fem (14,7 %) til dei ytre fjordområda (>55 km, forbi Krokneset), medan 23 (67,6 %) heldt seg i indre fjordområde (sone 1). I alt sju av dei merka auresmoltane, dvs 20,6 % av dei som vandra ut i fjorden, vart registrerte attende i elva før lyttebøyene vart tappa 1.-4. november 2017. Desse hadde ei gjennomsnittleg opphaldstid på 107,7±31,7 dagar (55–159 dagar) i fjorden.
Likeins med den merka laksesmolten, var djupnebruken hjå den merka auresmolten prega av at dei for det meste nytta dei øvste to meterane av vassøyla. Det var mindre variasjon mellom individa hjå auresmolten i djupnebruken enn hjå laksesmolten. På same måte som laksesmolten, nytta auresmolten grunnare vasslag di lenger ut i fjorden dei kom.
Dei låge tettleikstala for auren i Strynevassdraget er urovekkjande, særleg når dette vert sett i samanheng med at både fangsttal og gytefiskregistreingar har peika nedover dei seinare åra. Dette kan tyde på at bestanden no er rekrutteringsbegrensa. I denne situasjonen, med både nedgåande rekruttering og gytepopulasjon, er det avgjerande viktig å finne dei begrensande faktorane som er årsak til dette.
Prosjektet har framskaffa ny og konkret kunnskap om vandringsåtferda til vill laks- og auresmolt i Nordfjorden, og ut frå dette kva tid på våren det ideelt sett burde vere minimalt med infektive lakseluslarvar i Nordfjorden for redusere negative effektar på laksesmolt frå det nasjonale laksevassdraget Stryneelva i 2017. Trass i at det trengs observasjonar over fleire sesongar for å kunne konkludere, meiner vi at oppdrettsnæringa allereie no kan grovinnstille tiltaka sine mot lakselusa inn mot denne tidsperioden. Vidare er resultata frå prosjektet ei viktig datakjelde for utforming av overvakingsprogram (måle på rett tid og stad), for å kunne gje mest mogleg relevante tal med omsyn til verknad av lakselus på laksesmolt frå Strynevassdraget. Elveeigarane har no gode argument for at lusenivået bør vere så lågt som mogleg i den aktuelle tidsperioden.
Ekspertutvalet for trafikklysregimet nyttar tre kategoriar når kunnskapsnivå om ulike vassdrag skal vurderast, der 0 er ingen data, 1 er litt data og 2 er data over fem år. Stryneelva er gjennom dette prosjektet løfta frå kategori 0 til 1. Mediant utvandringstidspunkt for dei laksesmoltane som kom seg ut av Nordfjorden var 9. mai i 2017. Mediant utvandringstidspunkt for laksesmolt frå Stryneelva er i trafikklysregimet sett til 21. mai.