Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBorgstrøm, Reidar
dc.coverage.spatialNorway, Hordaland, Oddaen_US
dc.date.accessioned2020-03-23T08:21:29Z
dc.date.available2020-03-23T08:21:29Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.issn1891-2281
dc.identifier.issn2535-2806
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2648006
dc.descriptionSerien het tidligere INA fagrapporten_US
dc.description.abstractOpovassdraget i Odda kommune har eit nedbørfelt på 470 km2. Vassdraget har mange vidgjetne fossar, og det er på grunn av fosselandskapet og friluftsinteressene at vassdraget vart freda mot kraftutbygging i 1973. Årleg medelvassføring i elva Opo som utgjer nedre del av vassdraget, mellom Sandvinsvatn og Sørfjorden, har i perioden 1909-2014 variert mellom om lag 21 m3/s og 55 m3/s. Vassføringa har i årsmedel auka noko i seinare tiår, men frekvensen av store vassføringar, t. d. over 300 eller over 400 m3/s, har likevel ikkje auka. Opo er kjend som eit storlaksvassdrag, og har opp gjennom åra betydd mykje for svært mange sportsfiskarar i Odda. Målt i kg oppfiska har opolaksen vore endå viktigare for fisket i sjøen, sidan kanskje så mykje som 85 % av laksen vart fanga i saltvatn. I dei seinare åra har bestanden av villaks gått attende, mest sannsynleg som eit resultat av den omfattande oppdrettsverksemda i Hardangerfjorden, og dermed stor produksjon av lakselus som fører til auka mortalitet for både laksesmolt og sjøaure. Det har difor berre vore tillete å fiska oppdrettslaks og sjøaure i elva i dei seinare åra. Samanlikna med tidlegare har det i dei aller siste åra vore eit større tal episodar med vassføringar over 230 m3/s. Etter den store skadeflaumen i Opo 28.-29. oktober 2014, då vassføringa kom opp i om lag 780 m3/s, har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) starta eit omfattande arbeid i sjølve elvelaupet, for å sikra at elva skal kunna ta imot minst 200-årsflaumar. NVE sitt arbeid er langt frå ferdig, men parallelt med dette har Odda kommune inngått avtale med Sunnhordland Kraftlag AS om å oppretta ein flaumtunnel kombinert med kraftverk. Ein flaumtunnel åleine ville hindra høg flaumvasstand i Sandvinsvatn, truleg redusert problema med overfløyming av bøar og skadar på mange hus på Sandvin og Hildal, og hindra store vassføringar i Opo. Oppretting av ein slik tunnel vil truleg ikkje krevja handsaming i Stortinget. Eit kraftverk derimot vil krevja at vernet av vassdraget fyrst vert oppheva av Stortinget. Det blir eit paradoks at NVE fyrst gjer vassdraget i stand til å ta unna vassføringar opp mot 1000 m3/s, for så i neste omgang å la vatnet gå i tunnel og kraftverk utanom elva. NVE og kommunen har alt investert mykje i utforminga av Opo. Om tilleggstiltak i utlaupsosen av Sandvinsvatn, kombinert med fjerning av masse frå innlaupselva ved Sandvin, kan fjerna eller sterkt redusera problema med overfløyming av areal langs nedre del av Storelva, er mykje løyst, og flaumtunnel med evt. kraftverk vil ikkje vera naudsynt. Fagrapporten presenterer hydrologiske tilhøve i Opo, og tek dessutan opp nokre av miljøkonsekvensane ei eventuell utbygging etter planen frå SKL Produksjon AS kan gje. Om årsproduksjonen i det planlagte kraftverket skal bli på 200 GWh, slik SKL har gjort framlegg om, betyr dette at det truleg ikkje kan bli særleg stor restvassføring i Opo, noko som vil vera heilt øydeleggjande for elvemiljøet og utsjånaden til elva. Det blir tørrlagde areal, nedsett produksjon av laks- og auresmolt, og dermed lågare bestandar, reduksjon i laksestorleiken, forseinka oppvandring av laks og aure frå sjøen, og redusert mogelegheit for fiske. Det må difor vera omsynet til elvelandskapet og laks- og sjøaurebestandane som skal leggja premissa for kor mykje driftsvatn eit evt. kraftverk kan bruka. Til samanlikning er vassføringsregimet i den regulerte Suldalslågen fastsett nettopp med tanke på å minimalisera skadane på fisk og fiske. Om kraftverket i Opo vert bygd med ei slukeevne på 75 m3/s, må restvassføringa fylgja eit liknande mønster som fastsett for Suldalslågen. Fagrapporten analyserer to alternative vassføringsregime for Opo (og kraftverket) med dagleg restvassføring i elva på 50 eller 60 % av dagleg medelvassføring ut frå Sandvinsvatn for åra 2000-2014. Ei restvassføring på 50 % av vassføringa i perioden 2000-2014, ville gje for låg sommarvassføring. Skal det vera mogeleg for Opo å husa ei storlaksstamme i framtida, dvs. få sommarvassføringar over 40 m3/s, må dagleg vassføring minst bli 60 % av den naturlege vassføringa (dvs. Alternativ II i rapporten). Om det vert gjort vedtak om at Opo kan byggjast ut for kraftverksformål, er det gjort framlegg i denne Fagrapporten om at elva minimum skal ha ein dagleg vassføring som er minst 60 % av den daglege medelvassføringa, basert på vassføringane i 2000-2014. Er dagleg vassføring ut frå Sandvinsvatn mindre enn halve medelvassføringa, bør alt vatn gå til Opo. Eit slikt vassføringsregime ville sikra at medel sommarvassføring i Opo ville liggja på rundt 40 m3/s, med kortare episodar med større vassføringar, opp i 100 – 200 m3/s. Desse toppane vil tena både som lokkeflaumar for oppvandrande fisk frå sjøen, og medverka til at mose og finare materiale vert spylt vekk for å gje godt tilbod av opphaldsstader for laks- og aureungar i holroma mellom steinane, og samstundes gje tilstrekkeleg med gode gyteareal.en_US
dc.description.abstractThe Opo river system in Odda municipality has a catchment area of 470 km2. The water course has many famous water falls, and these formed the main basis for its present protection against hydropower development. The mean annual discharge in the River Opo, which forms the lower part of the watercourse between Lake Sandvinsvatn and the inner part of the Hardanger fjord (Sørfjorden), has varied between c. 21 m3/s and 55 m3/s during the period 1909 - 2014. The annual mean discharge has increased during the latest decades, but frequency of large discharges, e.g. above 300 or above 400 m3/s has still not increased. The river Opo is known for its large Atlantic salmon, which has been of high importance for the sport fishery in the Odda municipality. Based on total quantity of captured fish, however, the Opo salmon have been of even much higher importance for the sea fishery, since as much as 85 % of the returning fish probably was captured in salt water. During the last decades, the population has declined, most probably due to the extensive salmon farming in the outer part of the fjord, causing a high production of salmon lice, which again results in very high mortality of both salmon smolt/ postsmolt, and seatrout. Because of the population declines, only escaped farmed salmon and seatrout have been allowed to capture in the river during the last decades. During the last six years, discharges above 230 m3/s have appeared with 1.5 episodes per year. After the large damaging flood 28 – 29 October 2014, when the discharge culminated at around 780 m3/s, the Norwegian Water Resources and Energy Directorate (NVE) started an extensive transformation of the river bed in order to make the river able to withstand at least a 200-year flood without giving large damages. This project is not yet finished, but Odda municipality has made an agreement with the power company, Sunnhordland Kraftselskap AS (SKL), to construct a tunnel between the Lake Sandvinsvatn and the fjord, combined with a power plant. This tunnel alone would prevent high water levels in Lake Sandvinsvatn, and thus avoid flooding of agricultural areas, damage to several houses around the southern part of the lake and inlet river, and high discharges in the river Opo. Tunnel construction is not in contrast to the protection status against hydropower development, while a power plant implies a suspension of the protection status by the Norwegian Parliament. It is a paradox that NVE first transforms the river to be able to withstand discharges up to at least 1000 m3/s, if a tunnel and power plant is constructed, leaving the river nearly without water. NVE and Odda municipality have already invested quite a lot in transforming the river bed for large discharges. Additional efforts to make a broader and deeper outlet from the lake in combination with removal of sand and gravel from the lower part of the inlet river to Lake Sandvinsvatn, may reduce or remove the flooding of areas around the inlet river, and may also remove problems with possible damaging floods in Opo. Consequently, no tunnel and power plant would be required. The Report presents the hydrology of the River Opo, and describes the environmental consequences of building a power plant according to the scheme given by SKL. With a planned annual production corresponding to 200 GWh, as suggested by the power company, the discharge in the river will be minimal, and thus completely destroy the river environment and river appearance. Large areas of the river bed will become dry, the production of salmon and seatrout smolt will be reduced, resulting in smaller populations, reduced salmon size, delayed ascendance to the river, and reduced sport fishery. If Opo is expected to continue as a river, regard to the river environment, river appearance, and salmon and seatrout populations should define the terms for discharges available for the power plant. In comparison, the discharge regime in the regulated River Suldalslågen is defined in order to give minimal damage to the Atlantic salmon population and the fishery. In the present report, the discharge in River Opo is suggested to follow a similar annual pattern as in Suldalslågen. The present report presents and analyses two alternative water regimes in case the river is regulated. Alternative I presents a daily discharge which is at least 50 % of the daily discharge during the period 2000-2014, while in Alternative II the discharge is set to minimum 60 % of the daily mean. Alternative I gives a summer discharge which most probably is too low for allowing a population of large salmon. Alternative II on the other hand gives a summer discharge which is around 40 m3/s. Given that construction of a hydropower plant will be allowed, the present report recommend that the river is given a daily discharge which is at least 60 % of the natural discharge (Alternative II), with some shorter periods with larger flows, in the range 100 – 200 m3/s. Such peaks will serve to trigger ascendance of salmon and seatrout to the river, and in addition wash away mosses and finer material to increase habitat availability for salmon and seatrout parr, as well as increase the quality of spawning areas.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.relation.ispartofseriesMINA fagrapport;34
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectVerna vassdragen_US
dc.subjectStore vassføringaren_US
dc.subjectStorlakselven_US
dc.subjectKraftutbyggingen_US
dc.subjectLandskapsendringaren_US
dc.subjectEffektar på laks- og sjøaurebestandaneen_US
dc.subjectAlternativ til kraftutbyggingen_US
dc.subjectMinstevassføringaren_US
dc.subjectProtected riveren_US
dc.subjectLarge dischargesen_US
dc.subjectLarge salmonen_US
dc.subjectHydropower developmenten_US
dc.subjectLandscape changesen_US
dc.subjectEffects on Atlantic salmon and seatrouten_US
dc.subjectAlternatives to power plant developmenten_US
dc.subjectMinimum dischargesen_US
dc.titleKraftutbygging i Opo : miljøeffektar og alternative løysingaren_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber30en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • MINA fagrapport (MINA) [72]
    Rapporter skrevet av ansatte ved Fakultet for miljøvitenskap og naturforvaltning (MINA). Reports written by the staff at Faculty of Environmental Sciences and Natural Resource Management (MINA)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal