Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBorgstrøm, Reidar
dc.date.accessioned2020-03-20T08:00:21Z
dc.date.available2020-03-20T08:00:21Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.issn1891-2281
dc.identifier.issn2535-2806
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2647666
dc.descriptionSerien het tidligere INA fagrapporten_US
dc.description.abstractI juli 2014 vart det gjennomført eit prøvefiske i Litlosvatn, øvst i Kvennavassdraget i Ullensvang statsallmenning på vestre del av Hardangervidda, for å få innblikk i korleis bestanden har utvikla seg dei seinare åra etter auka beskatning av middelstor fisk, og med fleire somrar med relativt høge temperaturar. Det har vore prøvefiska fleire gonger tidlegare i vatnet, fyrste gong i 1967. Nokre av resultata frå desse studiane er samanfatta i denne fagrapporten. Det har vore fleire sterke årsklassar frå og med 1997, og dette har gjeve dårlege veksttilhøve for auren pga. for stor bestandstettleik. Sterk utfisking i 2005 og seinare år, med særleg vekt på beskatning av fisk i lengdeklassen under 30 cm (mellomstor fisk) ser ut til å ha betra kvaliteten noko, og både skjoldkreps (Lepidurus arcticus) og marflo (Gammarus lacustris) er blitt viktig føde i august månad, men framleis er individuell vekst tilsynelatande relativt låg, med niåringar som i gjennomsnitt har ein lengde på under 30 cm. Det kan delvis skuldast hard beskatning av den mellomstore fisken, med ein sterk utfisking av den mest hurtigveksande, unge fisken. Eldre fisk vil difor vera mest seinveksande individ, og aldersanalysen gjev dermed kanskje eit skeivt bilete av vekstpotensialet for fisken i Litlosvatn. I Kollsvatn er det ikkje gjennomført prøvefiske i dei seinare åra, men fisk tekne ved det ordinæra garnfisket er blitt analysert med omsyn til alder og vekst. Trass i at det har vore mindre fiskeinnsats i Kollsvatn enn i Litlosvatn, har auren i dette vatnet betre individuell vekst enn auren i Litlosvatn. Dette kan skuldast både lågare årleg rekruttering og at vatnet er grunnare, med maksimum djup på 15 m mot 25 m i Litlosvatn, men òg at den unge fisken her har vore lite beskatta. Dermed overlever fleire fisk med god vekst til høgare alder samanlikna med i Litlosvatn. I Kollsvatn er det ikkje påvist marflo i dietten til auren, medan skjoldkreps har vore heilt dominerande i augustdietten i åra 2013-14. Fleire nye, sterke årsklassar (2006, 2009 og 2010) i begge vatna kan gje biomasseauke for begge bestandane, og utan auka beskatning vil vekst og kvalitet på fisken få eit tilbakeslag i åra som kjem. Fisket med garn bør leggjast opp slik at beskatninga blir spreidd både på liten, mellomstor og stor fisk, t. d. ved at det vert fiska med fleire maskevidder frå t.d. 24 mm til 39 mm i begge vatna. Liknande beskatning bør det òg vera i andre vatn i Ullensvang statsallmenning der aurebestandane har stort rekrutteringspotensial.en_US
dc.description.abstractIn July 2014, a survey by fleets of gillnets with mesh sizes from 16.5 to 45 mm (bar mesh) was carried out in the Lake Litlosvatn. In addition, samples from fish captured by gillnets with mesh sizes 32 -39 mm (bar mesh) in Lake Kollsvatn during August was carried out, as well. Both lakes are situated within Ullensvang crown lands, in the upper part of the Kvenna water course in western part of the Hardangervidda mountain plateau. In Lake Litlosvatn, the objective was to record relative density, year-class abundance, individual growth and quality conditions, as well as diet of brown trout, Salmo trutta, the only fish species inhabiting the lake. Since similar gillnet surveys have been performed several times since 1967, dynamics in the population during a nearly 50 year period may be evaluated, with special focus on the development during the last years, after a reduction of middle sized fish (<30 cm) by gillnetting from 2005, and with some warm summers. Results from the previous studies are included in the present report. Since 1997, a number of strong year-classes has appeared, resulting in low individual growth and low quality of the brown trout due to high population density. Increased exploitation of middle sized fish (< 30 cm) since 2005 seems to have resulted in improved quality, with Lepidurus arcticus and Gammarus lacustris comprising an important part of the August diet of brown trout, but still the annual individual growth in length is low. The growth analyses may however give a biased picture of the growth potential, since intensive fishing with small mesh sizes probably has removed the most fast-growing individuals already at a low age. In Lake Kollsvatn, no test fishing has been performed during the last years, but fish captured during ordinary gillnetting during the last years have been analysed with regard to age, growth and diet. The same strong year-classes occur in this lake as in Lake Litlosvatn. Despite a lower exploitation of the population compared to the population in Lake Litlosvatn, the brown trout in Lake Kollsvatn has a better individual growth. This may be related to a lower annual recruitment and a more shallow lake (maximum depth 15 m and 25 m in Lake Kollsvatn and Lake Litlosvatn, respectively), but also to the exploitation regime, with low fishing effort with small mesh sizes. Thereby, the fast growing young individuals may have a higher survival compared to the ones in Lake Litlosvatn, resulting in more fast growing, larger individuals of old fish in this lake. G. lacustris has not been recorded in the diet of brown trout in Lake Kollsvatn, but L. arcticus has been quite dominating in the August diet during the last two years, 2013-14. Without a high fishing pressure, the appearance of the strong year-classes 2006, 2009, and 2010 may lead to increased population biomasses in both lakes during the next years, resulting in decreased individual growth and quality of the trout. In lakes where annual recruitment to the brown trout populations is potentially high within Ullensvang crown lands, the gillnet fishery should be carried out with fleets of gillnets with mesh sizes from 24 to 39 mm (bar mesh) to avoid a selective exploitation of specific length- and age-classes.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Åsen_US
dc.relation.ispartofseriesMINA fagrapport;28
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.subjectAureen_US
dc.subjectHardangerviddaen_US
dc.subjectrekrutteringen_US
dc.subjectbestandstettleiken_US
dc.subjectBrown trouten_US
dc.subjectHardangervidda mountain plateauen_US
dc.subjectannual recruitmenten_US
dc.subjectpopulation densitiesen_US
dc.titleAurebestandane i Litlosvatn og Kollsvatn i Kvennavassdraget på Hardangerviddaen_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber24en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • MINA fagrapport (MINA) [72]
    Rapporter skrevet av ansatte ved Fakultet for miljøvitenskap og naturforvaltning (MINA). Reports written by the staff at Faculty of Environmental Sciences and Natural Resource Management (MINA)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal