Genetisk analyse av utvikling i kroppsvekt frå lam til vaksen søye hjå norsk kvit sau : utnytting av eksisterande informasjon om slaktevekter
Master thesis
Submitted version
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
- Master’s theses (BioVit) [411]
Abstract
Norsk saueavl har i lengre tid hatt sterkt fokus på å auke lammetal og -tilvekst. Dette har ført til at søyene har vorte større og tyngre. Føremålet med denne oppgåva var studere vektutviklinga frå lam til utvaksen søye ved å bruke slaktevekt frå norsk kvit sau (NKS). Det vart berekna 1) genetiske variansar og arvegrader og 2) genetiske korrelasjonar for slaktevekt ved ulike aldrar frå 50 dagar til 10 år. I tillegg vart det 3) estimert avlsverdiar (EBV) for aldersintervallet for dei 10 fedrane med flest slakta døtrer for å kunne sjå på om ulike avkomsgrupper viser ulikt genetisk vekstmønster.
Datasettet bestod totalt av 36822 søyer med slaktevekt frå to vêreringar; nummer 64 Lier, Modum og Eiker og nummer 65 Uvdal. Datasettet vart analysert med ein farmodell, der fareffekten, som tilfeldig effekt, modellerte fedranes avvik frå gjennomsnittleg vekstkurve over tid. I tillegg korrigerte ein i modellen for tilfeldig effekt av besetning*år. Begge dei langsgåande effektane vart modellert ved hjelp av Legendrepolynom.
Resultata viste at det er genetisk variasjon innan slaktevekt (0,98-1,84), som minkar med aukande alder. Arvegradene var mellom 0,25-0,38, avhengig av alder. Ein såg at lammevekta har sterk samanheng med vaksenvekta, med genetiske korrelasjonar frå 0,75-1,00. Ut frå dei berekna avlsverdiane for dei ulike verane såg ein at det finst vêrar som gir gode lammeslaktevekter og samstundes ikkje «for tunge» vaksne søyer. Tilnærminga i denne oppgåva kan utviklast vidare og truleg brukast for å selektere for gunstig form på vektutviklingskurva, også om ein ynskjer å avle for mindre vaksne søyer. Før ein tek dette inn i avlsarbeidet i praksis må metoden og modellen jobbast vidare med, då det enno er ein del usikre faktorar. Blant anna må maternale genetiske effektar inn i modellen, og følsemda av talet på døtrer langs aldersgradienten per vêr må undersøkjast meir. Etter vidare utarbeiding kan dette på sikt bli eit nyttig verktøy for å få avlsverdiar for vaksenvekt, og samanheng mellom lamme- og vaksenvekt, inn i avlsmålet, via genomisk seleksjon, fordi denne metoden er spesielt effektiv for eigenskapar som fyrst kan registrerast seint i livet. In Norwegian sheep breeding, the main focus has for a long time been on increasing lamb growth and litter size. As a consequence, mature ewes are getting heavier. The aim of this study was to study genetics of body weight development from lamb to mature ewe, using carcass weights of Norwegian White Sheep (NKS). 1) Genetic variances and heritability were calculated for the carcass weights for ages between 50 days and 10 years and 2) correlations between breeding values for different ages were estimated. In addition, 3) estimated breeding values (EBV) were estimated for age 50 days to 10 years for the 10 sires in this dataset with the most daughters, to look for indications of differences in genetic growth patterns between different progeny groups.
The dataset consisted of 36822 individuals from two ram circles in Buskerud: No.64 Lier, Modum and Eiker and no.65 Uvdal, with information on sire, slaughter age, carcass weight and flock*year, for the analysis with random effect of sire in interaction with age at slaughter, modelled using Legendre polynomials.
The results showed that there is genetic variation within carcass weight (0.98-1.84), decreasing with age. The heritability for carcass weight was 0.25-0.38, varying with age. The results also showed that there is a strong genetic correlation between lamb weight and ewe weight (0.75-1.00). The EBVs showed that there are differences within carcass weight between rams. Results found in this study indicates that it is possible to breed for heavier weaning weights in lambs and at the same time avoid increasing the mature age. However, further work is needed before the method used in this study can be utilized in breeding programs, e.g., maternal genetic effects should be included. When this is done, and other uncertainties has been evaluated, this method can possibly be utilized to include breeding values for mature ewe weight in the breeding goals. Genomic selection is especially well suited for this late-emerging trait.