dc.description.abstract | I mitt arbeid med denne oppgåva har eg ønska å sjå på korleis ein kan planlegge og utforme blågrøne strukturer i caseområdet Kambo, som ligg nord for Moss by, - frå overordna nivå med tanke på vern, utvikling og fortetting av overordna blågrøn struktur, til detaljutforming av utvalde delområder. Blågrøn struktur er viktig for fysisk aktivitet og mental avkobling i nærmiljøet, biologisk mangfald, handtering av nedbør og overvatn, samt kan innehalde kulturminner og kulturmiljøer. Paradokset er at når det blir auka press på areal som ein konsekvens av befolkningsvekst, er det ofte blågrøne strukturer som blir bygd ned og fragmentert. Ved ein auke i folketal blir behovet for dei blå og grøne strukturene viktigare. Med stort press på arealer i, og nært byane, er det viktig å hindre nedbygging og fragmentering av blågrøne strukturer. Kambo har stor grad av konflikt mellom bevaring av blågrøne strukturer med verneverdi, og utvikling av nye bustadområder som kan handtere framtidig befolkningsvekst. Denne masteroppgåva utforsker og påpeiker problemstillingar knytta til vern og utvikling av Kambo som tettstadområde i stor vekst. Via utarbeiding av analyser, synteser, scenarier for utvikling med vurderingsmatriser og utrekningar av framtidige bustader, blir det påpeikt potensielle løysingar som skaper eit prinsipielt grunnlag for korleis ein kan bevare blågrøne strukturer med verneverdi, samtidig som ein utvikler Kambo for å kunne handtere
halvparten av den forventa befokningsveksten i Moss, i eit 40-årig perspektiv. Global oppvarming og påfølgjande problemer med endringar i nedbørsmønster og auka risiko for forureining krever at “det blå” i den blågrøne strukturen, vassdraga, får eit større fokus enn det tidlegare har hatt. I denne masteroppgåva blir det fokusert spesielt på handtering av overvatn i form av fordrøying og rensing av vatn, der Trolldalsbekken blir utforma i detalj for å skape ein rensepark som både renser det forureina bekkevatnet, forsterker eksisterande forbindelse til turområdet Mosseskogen og kan skape eit | nb_NO |