Show simple item record

dc.contributor.advisorRatnaweera, Harsha C.
dc.contributor.authorWoll, Malin Hjortland
dc.date.accessioned2016-08-30T13:21:08Z
dc.date.available2016-08-30T13:21:08Z
dc.date.issued2016-08-30
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2402849
dc.description.abstractForsking og statistikk viser at klimaet er i endring. Det er venta hyppigare nedbørshendingar med auka intensitet og mengde, og saman med auka fortetting vil dette føre til ei auka mengde overflateavrenning. Det tradisjonelle systemet for å handtere overvatnet har ikkje kapasitet til den ekstra vassmengda, og andre tiltak må tas i bruk for å hindre overfløyming og skader. Denne oppgåva ser nærmare på eit av tiltaka, lukka fordrøyningsmagasin. Det er underjordiske magasin som samlar opp og fordrøyer vatnet før det sender ein regulert mengde vidare til leidningsnett. Hensikta med denne oppgåva er å finne fordelar og ulemper for ulike magasintypar, og kor gode dei er på ulike områder. Omfanget på oppgåva er avgrensa ved at det er valt ut nokre typar lukka fordrøyningsmagasin og leverandørar. Andre typar og produkt frå andre produsentar kan ha andre eigenskapar. Oppgåva er eit litteraturstudie, der informasjonen er samla inn frå bøker, artiklar, rapportar, nettsider og andre utgjevingar, og frå kontakt med relevante personar. I tillegg er det utført ei befaring til fire eksisterande fordrøyningsanlegg. Resultata frå undersøkinga viser at det er fleire faktorar som er viktige ved val av type, som tilgjengeleg plass, grunnvasstand, grunnforhold, og kostnader. Fordelar og ulemper med dei ulike magasintypane blir belyst, for å gjere det lettare å vite kva for type ein bør velje. Magasina er samanlikna med omsyn på eigenskapar, drift og vedlikehald, infiltrasjonsmoglegheiter, installering og kostnad. Sjølv om det er stor kostnadsforskjell mellom dei ulike fordrøyningsmagasina, kan ein sjeldan velje det billegaste. Føresetnadene og lokale forhold blir avgjerande. Det er for kvart magasin laga ei oppsummering der dei ulike områda blir nummerert frå 1-5 etter kor gode magasina er på dette området. Frå denne oversikta ser ein at dei ulike typane får ganske lik total poengsum, men at dei er gode på ulike område. Kort oppsummert er betongrøyr god på dei fleste område, men er ei dyr løysing. Plastrøyr har mange av dei same eigenskapane, men er laga av eit lettare materiale. Dette gjer installasjonen enklare, men må sikrast mot oppdrift. Kassettar er arealeffektive og enkle å legge, men er sensitive for grunnvatn, mtp. infiltrasjon og oppdrift. Kammer har enkel installering og drift, men er sensitive for grunnvatn og mindre arealeffektive enn kassettar. Steinmagasin er billige, men krev stort areal og er vanskeleg å vedlikehalde. Støypte løysingar er dyre og krev meir arbeid, men er fleksible med tanke på størrelse og utforming. Prefabrikkerte tankar er gode løysingar på små areal. Erfaringar frå eksisterande anlegg viser at dei aller fleste anlegg fungerer bra, med unntak av steinmagasin som ikkje er mogleg å vedlikehalde. Det er generelt lite erfaringar med drift og vedlikehald sidan dei fleste fordrøyningsanlegga er relativt nye. Denne rapporten gir ei god oversikt over kva område magasintypane er gode på, og kan gjere det lettare når ein skal velje type lukka fordrøyningsmagasin.nb_NO
dc.description.abstractResearch and statistics shows that the climate is changing. It is expected more frequent rainfall events with increased intensity and amount, and will combined with increased densification lead to an increased amount of runoff. The traditional system of dealing with the water does not have the capacity for the extra amount of water and other measures must be used to prevent flooding and damage. This thesis takes a closer look on one of the measures, underground storm water detention systems. These are underground magazines that stores storm water before it sends a controlled amount on to the pipe system. The purpose of this thesis is to find out the pros and cons for different magazine types, and how good they are in different areas. A few types and suppliers of underground magazines are selected. Other types and products from other manufacturers may have other properties. This thesis is a literature study, where information is collected from books, articles, reports, websites and other publications, and from contact with relevant persons. In addition, it is performed a small inspection to four existing magazines. The results shows that there are several factors that is important in choosing type, as available space, groundwater level, soil conditions, and costs. Advantages and disadvantages will be highlighted to make it easier to know which type of magazine that should be used. They are compared considering technical specifications, operation and maintenance, infiltration possibilities, installation and cost. Although there are large cost differences between the various magazines, one can rarely choose the cheapest one. Assumptions and local conditions are decisive. There is made a summary for each magazine where the various areas are numbered from 1-5 according to how good they are in this area. From this chart we see that the different types gets quite similar overall score, but they are good on different areas. In short, concrete pipe systems are overall a good choice, but are an expensive solution. Plastic pipe systems have many of the same characteristics as concrete pipes, but are made of a lighter material. This makes installation easier, but must be secured against buoyancy. Attenuation units are space-efficient and easy to install but is sensitive to groundwater, infiltration and buoyancy. Chambers has easy installation and maintenance, but is sensitive to groundwater and is less space-efficient than attenuation units. Stone magazines are cheap, but require a large space and are difficult to maintain. A molded solution requires more work, but is flexible in terms of size and design. Prefabricated tanks are good solutions to small areas. Experience shows that the vast majority of magazines work well, except for stone magazines that are not possible to maintain. There is generally little experience with maintenance since most facilities are quite new. This report provides a good overview of what area the magazine types are good at, and can make it easier when choosing the type of underground storm water storage.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectOvervannnb_NO
dc.subjectFordrøyningsmagasinnb_NO
dc.subjectSamanlikningnb_NO
dc.titleSamanlikning av lukka fordrøyningsmagasin : konsept og erfaringarnb_NO
dc.title.alternativeComparison of Underground Storm Water Detention Systems : Concept and Experiencesnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Technology: 500::Environmental engineering: 610nb_NO
dc.source.pagenumber117nb_NO
dc.description.localcodeM-VMnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record