Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAaland, Kenneth
dc.date.accessioned2015-11-02T07:28:02Z
dc.date.available2015-11-02T07:28:02Z
dc.date.copyright2015
dc.date.issued2015-11-02
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2358914
dc.description.abstractSom følgje av den storstilte skogreisinga etter andre verdskrig har vestlandet den dag i dag eit gryande potensiale for auka tømmeruttak og verdiskaping, der denne oppgåva tek for seg gran (Picea abies). Mykje av denne skogreisingsskogen står i utfordrande, bratt terreng, noko som i mange høve gjer taubane til einaste måte å avverke dette tømmeret på. Med tradisjonelt låg produktivitet og høge driftsprisar for taubaner har ein utfordringar med å få utnytta granressursane i dette terrenget. Vestlandet har også svært lite skogsbilvegar, noko som er ein viktig faktor for å kunne utnytte større delar av granressursen i vest. Det er i denne oppgåva utarbeida taubanekalkyler og driftsprisar for lastebilmontert taubane. Kapitalkostnad og lønn er dei to klart største kostnadspostane til taubanesystemet, og jo fleire årlege produksjonstimar for taubana, jo betre for driftspris til grunneigar. Få maskiner og få arbeidarar er gunstig for driftspris. Jo høgare produktivitet til taubanesystemet, jo lågare driftspris får skogeigar. Rånetto (kr/m3) til skogeigar går i pluss (ekskludert skogfondstrekk og kipping) ved taubaneproduktivitetar lik 7-8 m3/time, avhengig av årlege produksjonstimar for taubana. Her er gjennomsnittleg tømmerverdi grunneigar får for sitt tømmer avgjerdande. Det er vidare sett på areallønsemd, fylkesvis, for vestlandsfylka, samt dei tre største skogfylka; Hedmark, Oppland og Buskerud. Vestlandsfylka har meir volum gran per areal i hogstklasse fire og fem samanlikna med dei tre austlandsfylka, og vestlandet har gjennomsnittleg betre granbonitetar og derav kortare omløpstid enn dei tre største skogfylka i landet. Både rånetto, driftsresultat og grunnverdi (kr/da) er generelt lågare for vestlandsfylka ved taubaneproduktivitet lik 5 m3/time samanlikna med dei tre austlandsfylka. Dette snur seg ved taubaneproduktivitet lik 7 m3/time, der skilnaden er endå større, til fordel vestlandet, ved produktivitet lik 10 m3/time. Grunna dei gode skogforholda i vest oppnår vestlandsfylka betre resultat ved gode nok taubaneproduktivitetar (m3/time), og potensialet for god areallønsemd er definitivt for vestlandet. Grunnverdi for gran i taubanelier er likevel først positiv rundt taubaneproduktivitet lik 10 m3/time. Taubanedrift på vestlandet har ei framtid om ein klarar god nok taubaneproduktivitet, som vil sei i nærleiken av 10 m3/time. Studiar gjort av ulike system under ulike forhold på vestlandet har vist taubaneproduktivitetar kring og godt over kva som skal til for å gje grunneigar positiv rånetto (kr/m3) utan tilskot. Granskogen på vestlandet har både store dimensjonar og mykje m3 per areal, som er svært positivt for taubanedrifter. Derimot manglar vestlandet skogsbilvegar, noko som kan vere med å auke produktiviteten til taubanesystema. Gode standplassar, god planlegging, betre infrastruktur og dei gode skogforholda i granbestanda bør sikre taubanedrifter ei framtid på vestlandet. Men resultata viser at grunneigar neppe klarar finansiere vegutbyggingskostnadane med skogfondsmidlar aleine. Skal grunneigar kunne trekke 40% til skogfond og samstundes oppnå positivt driftsresultat krev dette taubaneproduktivitet lik 10 m3/time. Sjølv om målet frå det offentlege er å få taubanedrift til å klare seg utan tilskot, noko resultata her viser er mogleg, så vil offentlege tilskot vere ein nøkkel for utbygging av infrastrukturen på vestlandet. I det vidare arbeidet vil det vere fordelaktig å kartleggje faktisk taubaneproduksjon på vestlandet kva gjeld m3/time for å ha betre grunnlag for overordna slutningar kring taubaner og infrastruktur i taubanelier.nb_NO
dc.description.sponsorshipDelvis sponsor: Noregs Forskingsråd, prosjektnr. 225329nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.rightsNavngivelse-IngenBearbeidelse 3.0 Norge*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nd/3.0/no/*
dc.subjectTaubanenb_NO
dc.subjectvestlandetnb_NO
dc.subjecttaubanedriftnb_NO
dc.subjectskogbruknb_NO
dc.titleTaubanedrifter og areallønsemd i taubanelier på vestlandetnb_NO
dc.title.alternativeCable Logging and Land Expectation Value in Steep Terrain on the West Coast of Norwaynb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Mathematics and natural science: 400nb_NO
dc.source.pagenumber94nb_NO
dc.relation.projectNoregs Forskingsråd: 225329nb_NO
dc.description.localcodeM-SFnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse-IngenBearbeidelse 3.0 Norge
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse-IngenBearbeidelse 3.0 Norge