Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKallekleiv, Therese Lone
dc.date.accessioned2014-08-04T14:16:49Z
dc.date.available2014-08-04T14:16:49Z
dc.date.copyright2014
dc.date.issued2014-08-04
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/216674
dc.description.abstractVerna natur er populære turistmål, som kan huse større og mindre fjellstover. Slike overnattingsbedrifter har utfordringar når det gjeld miljøvenlegheit særleg med tanke på energiforsyning og behandling av søppel og avløp. Fokuset på miljø er stort, samtidig som presset aukar på tilrettelegging og tilgang på gode fasilitetar i naturen. Synet på energiutbygging er eit tema med motstridande følingar, då mange er for fornybar energi, men ofte i mot utbygging i naturen. Hensikta med dette studiet har vore å sjå på oppfatningane til gjestar ved tre hytter når det gjeld energiforsyning til slike fjellstover, forventningane deira til fasilitets- og servicetilbod ved hyttene og i naturen, og korleis dei trur dette kan endrast som følgje av eit mogleg nytt mikrovasskraftverk i staden for dagens dieselaggregat. Datagrunnlaget er basert på kvalitative intervju av 30 besøkande på dei tre ulike hyttene. Det vart identifisert gjennomgåande positive oppfatningar mot fornybar energi generelt, men motstridande følingar når det gjaldt utbygging i den urørte naturen. Respondentane var og svært positive til mikrovasskraftverka. Komfortbehovet blant informantane varierte, men var generelt høgt. Mange ønskja helst hytter med gode fasilitetar under turen. Sjølv om naturpreferansane til mange av informantane går i retning dei puristiske preferansane, trekk behovet for fasilitetstilgang dei mot urbanisten. Ein urbanist søker og naturopplevingar av høg kvalitet, men føretrekk ei viss grad av tilrettelegging der dei går, noko som gjenspeilar respondentane sine preferansar. Informantane la stor vekt på miljøgevinsten ved å bygge mikrovasskraftverk, men la og vekt på visuelle hensyn. Generelt er det få studium som er gjort om dette temaet og det trengs derfor fortsatt mykje forsking dersom ein skal komme fram til optimale og mest mogeleg berekraftige løysingar. Den nye kunnskapen studiet bidrar med gjer DNT eit innblikk i korleis deira besøkande tenkjer om temaet energiforsyning i fjellet, og kva dei kan gjere for å tilby eit produkt gjestane finn tilfredsstillande, spesielt med tanke på miljø. Funna presentert i dette studiet viser og at det er viktig at DNT informerer turistane om energibruk, konsekvensar og alternative løysingar. Undersøkinga kan og bidra i arbeidet med å forbetre krava om energiforsyning og miljøvenlegheit i sertifiseringsordningar. Protected nature is a popular tourist destination, often with a variety of mountain lodges. These kinds of accommodations have challenges especially when it comes to environmentally friendly energy supply and treatment of waste and wastewater. The focus on environment is significant, at the same time as the pressure increases on facilitation and access to high-standard accommodation in nature. The view on energy supply is a topic with conflicting emotions, with many who are in favor of renewable energy, but often against development in nature. The purpose of this study has been to look at the opinions and beliefs of guests at three mountain lodges when it comes to energy supply to these cabins, their expectations to the service facilities at the lodges, and how and if these can change if existing diesel generators are replaced with micro hydro plants. Data is based on qualitative interviews with 30 visitors at the three different hostels in Norwegian mountains. There were identified consistently positive opinions towards renewable energy in general, but conflicting emotions concerning development in untouched nature. The respondents were quite positive to the micro hydro plants. The needs for facilities among the respondents were varying, but in general high, where most preferred good facilities during their trip. The preference for nature among the respondents is similar to a purist’s preference, but the need for facilities places them closer to the urbanist. Urbanists seek nature experience of high quality, but prefer a certain degree of facilitation on their path, which is similar to my respondents. The informants emphasized the environmental (reduced pollution) benefits when concerning the micro hydro plant, but also emphasized the visual impact. Little research is done on this issue and more research is needed to fully understand the social sustainability of energy supply in remotely located accommodation businesses. The new knowledge this study contributes with can be used by The Norwegian Trekking Association to get insight on how their visitors thinks about the subject of energy supply in the mountains, and what they can do to offer a product that visitors can find satisfying, especially in the terms of environment. The results presented here can also contribute to the work on improving the requirements on energy supply and environmental performance in certification systems.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorwegian University of Life Sciences, Ås
dc.subjectEnergiforsyning, standard, oppfatningar, naturoppleving, fornybar energinb_NO
dc.subjectVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400nb_NO
dc.subjectEnergy supply, facilitation, nature experience, renewable energynb_NO
dc.titleOppfatningar og forventningar blant turistar til mikrovasskraftverk som energiforsyning på turisthytternb_NO
dc.title.alternativeOpinions and expectations among tourists concerning micro hydro power plants as energy supplu at mountain lodgesnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber39nb_NO
dc.description.localcodeM-REISnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel